«I samband med handsaming av ny tru- og livssynslov i Stortinget, har Arbeiderpartiet føreslått at trussamfunna må ha minst 500 medlemmar for å få statsstøtte», skriv artikkelforfattaren. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

Ære være store og små trussamfunn

Kontrollen med pengane som trussamfunna vert tildelt er det fylkesmannen som tek seg av, og vi må stola på at det vert gjort på forsvarleg måte.

I samband med handsaming av ny tru- og livssynslov i Stortinget, har Arbeiderpartiet føreslått at trussamfunna må ha minst 500 medlemmar for å få statsstøtte.

Dette er ei alvorleg endring for trussamfunna, fordi dei vil mista fridom til å organisera seg slik dei meiner er rett. Til no har dette vore ein menneskerett og ein demokratisk rett

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det AP foreslår er dramatisk og vil ramma dei aller fleste trussamfunn i Hordaland. Av 722 trussamfunn som fekk statstilskot i 2019, får vi opplyst hjå fylkesmannen at det var berre 15 som hadde meir enn 500 medlemar.

Forslaget til AP er utanfor fatteevne, og det vil strupa alle dei små og uavhengige forsamlingane i bygd og by. Med dette urbane forslaget vil AP straffa økonomisk dei som ikkje vil eller kan vera del av ein større organisasjon.

I motsetnad til Arbeiderpartiet har KrF sett grensa for trussamfunn til 50 medlemmar. Det er også ei skjerping, for i dag får alle trussamfunn statsstøtte uansett kor mange dei er. Støtta var på 1.100 kroner pr. medlem i 2018 som er ei lita, men viktig støtte spesielt til dei minste trussamfunna.

Utanfor byane står bygdekulturen og organisasjonskulturen sterkt. Det er ikkje alltid dei store flokkane korkje i kyrkje, bedehus eller i andre forsamlingar, men dei er sterke kulturbærarar på kvar sin måte.

I tillegg til det religiøse og retten til å tru, driv dei barne-ungdomsarbeid, kor og musikk, ulike foreningar, diakoni, skular barnehagar og mykje meir. Dette er viktige verdiar i eit lokalsamfunn og nødvendige og fine aktivitetar for innbyggjarane.

Eg håpar Arbeiderpartiet tenker seg godt om før lovforslaget skal handsamast i vår, og eg håpar Sosialistisk Venstreparti legg vekk tanken om skjerping av framlegget frå regjeringa.

Arbeiderpartiet vil bruka medlemstilskotet til å tvinga inn sine eigne politiske idèar gjennom ein samfunnskontrakt med trussamfunna. «Gjer de ikkje som vi vil, så får de ikkje pengar». Det er udemokratisk ,splittande og det er uklokt.

Kontrollen med pengane som trussamfunna vert tildelt er det fylkesmannen som tek seg av, og vi må stola på at det vert gjort på forsvarleg måte.