TAKK: Er eg åleine? Skal einsemda få overtak? I mitt indre bryt det fram ein djup takk, takk Jesus! Du er jo her!, skriver Berit Helgøy Kloster.

Advent – Han synte si kraft

Advent 2020 er her, det er tid nok både til kakebaking, skriving av julehelsingar og ferdigstilling av gåver.

Men kvar er dei vi skulle gjera det saman med, venner og barnebarn? Kva med konsertbillettane som det er knytt forventningar til?

Ein kikk ut vindauga openberrar ei stilla; det er låg sol og Rogalandssnø (rim), det er reint, ikkje eit menneske å sjå.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Er eg åleine? Skal einsemda få overtak? I mitt indre bryt det fram ein djup takk, takk Jesus! Du er jo her!

Advent! I spansklæraren sitt hovud bryt det fram «a venir» (å vere i prosessen med å kome).

Tankane tek meg attende til nattetimane 16. og 17. april i 2016. Eg var på årsmøtet for Normisjon.

Ein elektrikar vart intervjua sidan han også var elev på kveldsbibelskulen, og nå bar på ei von om å få ein stilling i misjonen. Då var det noko som tok meg: «Vil han fortelje om Jesus, er det på arbeidsplassen han trengst.»

Dette tok meg så sterkt at eg måtte forlate møte og oppsøkje leiarane med spørsmålet om dei underviste Teltmaker-visjonen? Truleg hadde eg ei udiplomatisk framferd, spørsmålet skapte ikkje ein positiv reaksjon.

Resten av møtet vart tungt, og eg tok ei avgjerd om at når eg hadde motteke takk og blomar som mangeårig styremedlem, ville eg heim.

Før klokka ti var eg heime. Gråtande knelte eg ned ved sofaen. Eg måtte ha eit oppgjer med Gud. Nå bad eg høgt: «Gode Jesus, enten så tek du teltmakar-kallet frå meg, slik at eg kan teia. Eller så fornyar du det!»

Klokka 23:45 vakna eg av ein underleg musikk og song på eit ukjent språk rett utanfor soveromsvindauga mitt. Kunne det vera dei nye naboane våre? undrast eg, og ville sova vidare.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men musikken tiltok. Kva gjorde musikantane i hagen min? Vi var i ferd med å leggje ny drenering rundt huset, og kommunen drenerte på friområdet på grensa til huset vårt. Det var djupe hål, røyr, singel og grus over alt. Det var farleg for folk å gå der?

Eg tok ein titt på klokka att; 23:55. Eg måtte opp å sjå kva som føregjekk. Ikkje nokon musikantar å sjå, men der, på skrå opp frå huset, var det ein stor stein, som havet hadde lagt att. Nå var den lysande raud og gnistrande som ei avriven transformator-leidning. Eg klaup meg i armen, jo eg var vaken!

Eg kom til å tenkja på raudfargen. Fargen kunstnaren brukte til å framstille Det heilage.

Eg stod og såg på den gnistrande steinen i over fem minutt. Det var ei enorm kraft. Hadde det vore tørt, ville lyngen ha fata eld. For verkeleg å stadfesta at eg var vaken, tok eg ein tur på badet og vaska meg i kaldt vatn. Gjekk tilbake og såg ut vindauga: Steinen var like gnistrande raud.

Eg stod og berre såg, såg krafta midt på ein arbeidsplass. No var ein ny dag, søndag. Dagen då Jesus stod opp. «Takk, Gud for styrking av kallet», sa eg halvhøgt, og la meg.

No hadde eg fått eit svar, men også eit problem. «Korleis i all verda skulle eg kunna fortelja dette? Eg kunne ikkje skrive noter og ikkje måle. Folk ville verkeleg tru at eg var utilrekneleg.»

«Kjære Gud, Du får gi meg ein reiskap til formidlinga» … og så fekk eg resten av nattesøvnen min.

Tidleg søndag morgon undersøkte eg steinen, den var skivedelt. Eg ringte ei venninne: «Du ser vel kva det var, Gud kraft på arbeidsplassen, alt rundt deg er jo ei einaste blanding av sand, røyr og grus?»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit par veker seinare tok mannen min og eg ein tur til gode venner på Stord. Det var ein nydeleg vårdag, dørene stod oppe og vi vart invitert inn.

Då Marta let att ytterdøra, høyrde eg det endå ein gong; Musikken, den framande musikken som vekte meg.

«Kva musikk er det?» ville eg vita.

«Jau, det er ‹Davids-harpe› – dørklokka eg kjøpte i Jerusalem.»

Eg fortalte om nattsynet mitt, og fekk nå ei utvida forklaring på songen.

Så var det biletet. Eg burde ha forsøkt å fotografere, men stunda var for heilag til å anna enn å stå og sjå.

Tankane gjekk til kunstmålar Doris Bøhn. Ho hadde fleire gonger malt profetisk inn i min situasjon. Og rett nok, i atlieret hang eit nytt gnistrande bilete med tittelen «Guds kraft».

Eg tok ein samtale om synet med erfaren teolog: Sidan dette kom som eit bønnesvar og ei eingongshending, oppfordra han meg til å ta det som ei openberring.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så hadde Herren, på ein forunderleg måte som berre Han kan, tatt mine sansar; høyrsla og synet.

Han let meg høyre harpemusikk og song frå templet, og synt ein gnistrande raud stein. Herren synte meg Den heilage krafta som er på arbeidsplassen.

Men denne gnistrande krafta, på tidleg søndag, vart for meg krafta av Jesu oppstode på arbeidsplassen.

God advent – Han kjem også i koronatider!