«Leiaren kan vera den som gir, men kan også innrømma at han eller ho treng å henta seg inn og bli oppmuntra», skriv Marit Hårklau Ådnanes (biletet).

Å leia 
i usikre tider


Mange, også lokale leiarar, har gjort sine erfaringar gjennom året med korleis det er å leia gjennom usikre og krevande tider.

Kva tenkjer me om leiarskap, og kva forventningar har me til ein leiar? Generelt kan me kjenna på eit stort indre og ytre press til å vera sterke og uavhengige, ikkje minst trur eg leiarar kan kjenna dette presset.

Det er viktig å ta ansvar, ja, men har me samtidig ei feilaktig førestilling om at ein leiar heilt skal klara seg sjølv, alltid vera sterk, bestemt og ta dei rette vala?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er stor forskjell på kva team ein leiar har rundt seg. Fleire leiarar hamnar nok stadig i situasjonar der dei må fortsetja å gi, utan sjølv å møta omsorg og nærleik.

I koronaåret me har vore gjennom, er temaet meir aktuelt enn nokon gong. Som ein lokal leiar sa: «det er det verste eg har vore oppi», når val omkring møte eller ikkje møte skulle avgjerast. Viljen er der, samtidig kjenner ein også på ansvaret om nokon skulle bli smitta og sjuke.

I boka «Den indre rytmen» vert me minna om ein annleis leiarstil der leiaren er ein sårbar tenar som treng andre menneske like mykje som dei treng han eller henne. Leiaren kan vera sterk, men også oppleva tider med problem, kamp og kjenna seg svak.

Leiaren kan vera den som gir, men kan også innrømma at han eller ho treng å henta seg inn og bli oppmuntra. Leiaren kan staka ut kursen og bidra med visdom og innsikt, men kan også erkjenna at ein er usikker og ikkje veit alt.

For at dette skal kunne skje, krevst det ganske andre haldningar, ikkje berre frå leiaren si side, men også at medlemmer i forsamlinga møter sine leiarar på ein annan måte.

I ei tid då fleire vegrar seg for å ta på seg ei leiarrolle, er dette noko å tenkja over.

Der leiarar og fotfolket saman trår inn i ein rytme av teneste og oppmuntring, kan leiarar ikkje unngå å henta nye krefter, og fotfolket ikkje unngå å ta meir ansvar.