EUROPEISK JØDEHAT:Vi konstaterer aukande antisemittisme mest over heile linja, skriv Karl Johan Halleråker. Bildet Strasbourg. FOTO: JOHANNA LEGUERRE, AFP PHOTO/NTB SCANPIX

Det trengst ein plan mot antisemittisme

All diskriminering og trakassering i samfunnet må motarbeidas på det sterkaste.

Kor­leis få sje­fen til å gå for eit for­slag «ne­dan­frå»? Sva­ret er ofte dette: Pre­sen­ter for­sla­get slik at han trur han/ho har komme på det sjølv. Det gjer for­skjel­len.

Kris­te­leg Folke­par­ti har frå vin­te­ren 2011 årleg lagt fram for Stor­tin­get for­slag om ein hand­lings­plan for å be­kjem­pa anti­se­mit­tis­me. Årets for­slag var fram­me i Stor­tin­get denne veka. Men igjen stod par­ti­et ålei­ne om pla­nen. Kan godt henda at KrF skul­le vore flin­ka­re til å bruka tak­tik­ken ova­for - lagt meir vekt på å hjel­pa re­gje­rin­ga til å tru dei hadde komme på det sjøl­ve. Men i na­sjo­nal­for­sam­lin­ga ven­tar vi meir edru rea­lis­me enn slikt po­li­tisk spel. Det er høgst be­kla­ge­leg at ikkje heile Stor­tin­get nå manar seg opp til å gje Re­gje­rin­ga ty­de­le­ge sig­nal at det sna­rast må på plass ein kon­kret hand­lings­plan mot anti­se­mit­tis­me - rase­ba­sert hat mot jødar fordi dei er jødar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er eit for­nuf­tig for­slag KrF la fram (12. nov. 2013) og som altså blei be­hand­la tys­dag. Dagen pre­sen­ter­te for­sla­get 13. mars, og eg gjen­tek det her i par­ti­et sin eigen ord­lyd med dei fem punk­ta:

1. Stor­tin­get ber re­gje­rin­gen sikre at Ho­lo­caust-da­gen mar­ke­res årlig på alle sko­ler.

2. Stor­tin­get ber re­gje­rin­gen sikre at læ­rer­ut­dan­nin­gen får en ster­ke­re vekt­leg­ging av kunn­skap om anti­se­mit­tis­me og ho­lo­caust.

3. Stor­tin­get ber re­gje­rin­gen styr­ke un­der­vis­nin­gen i sko­len med sikte på fore­byg­ging av anti­se­mit­tis­me, he­r­under ob­li­ga­to­risk un­der­vis­ning om ho­lo­caust i re­le­van­te fag, bedre læ­rings­ma­te­ri­ell og frem­me for­slag om bedre øko­no­mis­ke støtte­ord­nin­ger slik at alle klas­ser får mu­lig­het til å dra på stu­die­tur til tid­li­ge­re kon­sen­tra­sjons­lei­rer.

4. Stor­tin­get ber re­gje­rin­gen sørge for at Det mo­sa­is­ke tros­sam­fund får lø­pen­de støt­te til sik­ker­hets­ut­gif­ter og kon­ti­nu­er­lig dag­vakt ved de jø­dis­ke in­sti­tu­sjo­ne­ne i Norge.

5. Stor­tin­get ber re­gje­rin­gen vur­de­re å frem­me for­slag om end­rin­ger i straffe­lo­ven for å sikre ster­ke­re re­ak­sjo­ner mot hat­kri­mi­na­li­tet.

I pre­sen­ta­sjo­nen legg for­slags­stil­la­ra­ne fram fakta om den al­vor­le­ge si­tua­sjo­nen med sterk anti­se­mit­tis­me i vårt land. Dette er kjens­gjer­nin­gar som ingen kan vera blin­de for:

Ein av fem nord­menn støt­tar på­stan­den om at «ver­das jødar i det skjul­te frem­jer jø­dis­ke in­ter­es­ser». Ein av fire nord­menn mei­ner det er rett at «jødar ser på seg sjøl­ve som betre enn andre». Mest 40 pro­sent av dei spur­te like­stil­ler Is­ra­els be­hand­ling av pa­le­sti­na­ra­ne med na­zis­ta­ne si be­hand­ling av jø­da­ne under andre verds­kri­gen. - Alt ut­drag frå forsk­nings­rap­port frå Ho­lo­caust cen­te­ret.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det mo­sa­is­ke trus­sam­funn har med un­der­sø­king mel­lom eigne med­lem­mer fått føl­gjan­de viten: Av cirka 300 med­lem­mer i sy­na­go­ge­ne i Oslo og Trond­heim for­tel 54 pro­sent at dei har opp­le­vin­gar med au­kan­de anti­se­mit­tis­me. Ni av 10 mei­ner at mykje av skul­da for den ster­ke anti­se­mit­tis­men skriv seg frå medie­dek­nin­ga av kon­flik­ten i Midtaus­ten. Det er fakta som re­dak­tø­r­ar og medie­kom­men­ta­to­rar bør ta meir på alvor.

Eit av mot­ar­gu­men­ta mot eigen plan mot anti­se­mit­tis­me er at ein må laga fel­les plan mot all dis­kri­mi­ne­ring og tra­ka­se­ring. Ja, all dis­kri­mi­ne­ring og tra­kas­se­ring i sam­fun­net må mot­ar­bei­dast på det ster­kas­te. Men når det blir do­ku­men­tert at 3,5 pro­sent av ele­va­ne i ung­doms­sku­len i Oslo har ne­ga­ti­ve opp­le­vin­gar to til tre gon­ger kvar månad på grunn av re­li­gion, og til­sva­ran­de tal for jø­dis­ke born er heile 33,3 pro­sent, seier det nok til for­svar av at eigen plan er høgst nød­ven­dig! Ein kvar pro­sent er ein for mykje, men når det om­fat­tar ein tredje­del av jø­dis­ke born, trengst det fak­tisk ein eigen plan for å ta uve­se­net på alvor.

Noreg er som kjent eit land i Euro­pa. Vi kon­sta­te­rer au­kan­de anti­se­mit­tis­me mest over heile linja. Det som rører seg i Ukrai­na er siste ut­slag som berre do­ku­men­te­rer fakta. Våre po­li­tis­ke leia­rar må ikkje sova med tak­tisk spel. Det krevst kon­kret hand­ling - og det snart!

DAGEN

Karl Johan Hallaråker

teolog og tidlegare generalsekretær