BØNESTEIN: På lang avstand kunne vi skimte det vakre korset som sto på toppen av min bønestein, skriv Kjell-Einar Ljones.

Korset på Skafjellet

Eg fekk nyleg tips om at det er sett opp eit vakkert kors på Skafjellet.

Eg måtte ta ein fjelltur for å undersøke nærare, og i jonsokveka fekk eg ei fin oppleving.

Eg ville helst gå den gamle stien som eg brukte tidlegare år, og saman med ein svigerson gjekk turen opp frå Gjerde. Det var ein av dei vakre sumardagane i jonsokveka; varme, solskin og vindstille.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På lang avstand kunne vi skimte det vakre korset som sto på toppen av min bønestein. Det er om lag halvmeteren høgt, laga av blankt stål og solid festa på steinen. Truleg blir det fleire turar opp til dette fjellet.

Det var gripande å minnest tilbake til andre juledag 1984, og eg tek med referatet frå den turen slik eg også har skrive det ned i boka mi:

Eg har hatt mange fine opplevingar i naturen, men det er opplevde på fjellturen andre juledag 1984 vil alltid stå i ein eigen glans. Då eg kom heim, skreiv eg ned mi oppleving slik:

Det er andre juledagsmorgon. Førjulsvinteren har vore uvanleg mild og fin, lokalt er det sett mange nye varmerekordar like inn i jula. Tenk, friske roser frå hagen i desember. Berre dei høgaste toppane i Vartdals-fjella med kvitekappa på og dei korte timane med nåbleikt dagslys, fortel at det er midtvinters.

Eg er tidleg oppe denne morgonen. Kona arbeider i heimesjukepleien, og ho skal ut på oppdrag. Etter frukost og ei stille stund i lag sit eg åleine. Morgonstunda er fredeleg. Borna søv, og søndagsro råder i heim og nabolag. Ute er det lettskya, stille og mildt. Kva med ein liten fjelltur på morgonkvisten? Det må vel vera fint etter alle ekstra julekaloriane.

Det er enno skymt medan eg ruslar oppover stien frå Gjerde, men eg anar ein lett morgonrode på austhimmelen. Eg kjenner stien godt etter mange turar, så det går fint.

Eg når toppen av Skafjellet i det ei gulbleik vintersol tittar fram bak majesteten i Sunnmørsalpane, Kolåstinden. Mellom nokre mørke skyer i søraust skimtast litt blåbleik himmel, og den låge vintersola kransar skyene med ei intenst glitrande rand av purpur og gull.

Over meg er skyene lysegrå, og langt ute i vest mot Runde går himmel og hav i eitt i ein mørk grå-blå tone i moll. Naturen er var og stille, alt andar av fred. Berre ein fjern dur frå ein og annan tidleg morgonfarar stig opp frå dalen, og over meg glir sølvfuglen inn for landing på Vigra, truleg med forventningsfulle julegjester ombord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg blir så gripen der eg står, himmelen kjem meg med eitt så nær. Det kjennest som ein evig Far vil tala med sitt vesle barn der i stilla. Like ved sida av varden ligg ein flat stein, omlag halvmeteren høg som laga til eit alter.

Eg bøyer kne ved steinen. Sinnet samlar seg i ei ordlaus bøn, ei bøn i takk og tilbeding, jubel og lovsong. Etterkvart, medan tankane vandrar frå heim til heim gjennom den vakre Hareids-bygda, formar bøna seg i ord.

Eg bed med Landstad i hans vakre julesalme: Kom inn , o Kriste, tenn lys i hvermanns gård. La isen briste, gi varme snart og vår …

Fred og kvile fyller sjel og sinn. Nokre tårer listar seg nedover kinna gledestårer. Stunda er stille, heilag, ugløymande.

Med eitt er det liksom eg vaknar. Den linne søraustbrisen har friskna litt, og sjølv om den er uvanleg mild for årstida, merkast ein liten isbrodd som høyrer vinteren til. Eg reiser meg frå bønestunda, ei stund eg for alltid vil gøyme som ei vakker perle i minnekransen.

Turen nedatt går så leikande lett, eg merkar mest ikkje vegen. Omatt og omatt tonar det i sjela mi nokre strofer frå Bjerkrheim sin song: Det strøymer ei livselv av lukka … Snart gryr det ein æveleg morgon, og då skal eg verta han lik. Det strøymer ei livselv av lukka, å Gud, eg er endelaust rik .

Stille stig eg inn i heimen.