TEIKNESERIE: Ål-taket, dette mektige kunstverket, er ein teikneserie av 23 sentrale hendingar i Bibelen, innramma av den første nattverden og Jesu krossfesting, skriv Birger Bolstad.

Det himmelske Ål-taket

Ål-taket, denne kulturskatten, blir me aldri ferdige med. Den gjev oss meir himmel på jorda.

Har du vore på Historisk Museum i Oslo og sett det originale Ål-taket frå 1200-talet? Eller har du seti under kopien av Ål-taket i Ål kyrkje i Hallingdal? Det har eg. Også du vil bli sterkt prega av opplevinga.

Generasjonar etter generasjonar, i fleire hundreår, har kome hit til denne kyrkja, med sine gleder og sorger, kanskje fått trøyst, kanskje opplevd meir himmel her på jorda, eller kanskje heller blitt løfta opp i himmelen når kvardagen blir grå og rystelsar rammar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ål-taket, dette mektige kunstverket, er ein teikneserie av 23 sentrale hendingar i Bibelen, innramma av den første nattverden og Jesu krossfesting. Her kan du sjå Adam og Eva, nakne og frie i Edens hage.

Du ser slangen som lurte dei til å eta av kunnskapstreet. Etter syndefallet ser du Eva spinna og Adam hakka i jorda. Me ser Jesu fødsel, flukta til Egypt, Herodes barnemord, den siste nattverden, korsfestinga, Jesu oppstode.

Ein kan ikkje anna enn undra seg over slik kyrkjekunst. Historisk Museum i Oslo har i dag ei eineståande utstilling kalla «Forvandling. Tro og hellige gjenstander i middelalderen», som handlar om overgangen mellom det menneskelege og det guddommelege i Noreg i mellomalderen. Ål-taket er sentralt i utstillinga som byggjer på to forskingsprosjekt.

Til utstillinga høyrer ei informativ bok i tekst og bilete. Seniorrådgjevar Peter Bjerregaard er redaktør. Og me les her om mellomalderkyrkjer som er sjølvsagde rom der to verder møtest, den ufullkomne jordiske og den fullenda himmelske.

Kyrkjene var rom metta av ein særleg intensitet. Måleri, skulpturar og tak var smykka i sterke fargar som Ål-taket er eit godt døme på. Strimer av dagslys og blafrande talglys vart reflektert i forgylte overflater og utsøkte tekstilar, medan røykjelse spreidde skarpe og heilage lukter.

Utanfor kyrkja kunne ein leggja att slit og sut, men innandørs oppleva det guddommelege. Folk forstod ikkje mykje av messene på latin som prega den katolske mellomalderen, men kyrkjekunsten i Ål-taket strålar for alle. Her fekk alle ein dose bibelhistorie. Her kunne møtet mellom Gud og menneske skje.

Det er ikkje å undrast over at pave Gregor den store alt i år 600 hevdar at det skrift gjer for dei lærde, gjer eit bilete for dei som ikkje kan lesa og skriva.

Ål-taket er i dag den einaste større – og den viktigaste – romutsmykning her i landet som har overlevd frå mellomalderen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vart bygd stavkyrkjer i Noreg i 200 år, frå fyrste halvdel av 1100-talet og fram til Svartedauden lamma landet i 1349. Meir enn tusen bygdesamfunn hadde ei stavkyrkje.

I dag står berre 28 att, og den einaste originale som me har igjen her i Hallingdal, er Torpo stavkyrkje. Også den skulle vore riven, på same tid som Ål stavkyrkje, men heldigvis vart raseringa stoppa og ein del av kyrkja redda. Gol stavkyrkje vart flytta og bygd oppatt på Bygdøy.

Eg undrar meg framleis over den massive rivingsfeberen av dei gamle, ærverdige stavkyrkjene i andre halvdel av 1800-talet. Korleis kunne dette skje?

Eitt utgangspunkt er ei lov frå 1851 som gav påbod om at kyrkjene skulle vera så store at dei skulle romma 3/10 av kyrkjelyden. Etter desse krava vart mange av kyrkjene for små. I tillegg var dei kalde og utrivelege, her var ikkje oppvarming, og dei krevde mykje vedlikehald. Uansett måtte ny kyrkje byggjast.

Men heldigvis vart sjølve Ål-taket redda då Ål stavkyrkje vart riven i 1880.

Mange har sjølvsagt interessert seg for Ål-taket, men professor Reidar Hvalvik hevda for eksempel så seint som i 2008 at det er «ganske underlig» at det har vore så lite forsking på dette emnet.

Eit par arbeid har hatt betydning for meg, ein vanleg opplyst og interessert sambygding: Fyrst bør nemnast velskrivne bygdebøker frå Hallingdal og fleire skrifter til Paul Breiehagen, journalisten, museumsmannen med meir.

Breiehagen har særleg merka seg biletet av Adam og Eva etter syndefallet der Eva sit i ein kubbestol og spinn på handtein, medan Adam har teke til å dyrka jorda med eit grev som me kjenner forma på frå vår eiga bygd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og professor Signe Horn Fuglesang har redigert ei interessant, lita bok kalla «Middelalderens bilder: Utsmykningen av koret i Ål stavkirke» (1996). Ho meiner at kunstnaren bak Ål-taket hadde bakgrunn frå ein byverkstad «som hadde god tilgang til moderne forbilder i europeisk kirkekunst».

Reidar Hvalvik skreiv ein spennande artikkel i tidsskriftet Kunst og Kultur for nokre år sidan. Han trekkjer spesielt fram biletet av Adam og Eva der dei to er i Edens hage. Biletet skildrar den særeigne, gode tilstanden i paradiset. Her sit dei to ubekymra under eit tre og spelar brettspel, brikkene synest å vera halvkuleforma slik det var vanleg i mellomalderen.

– Men dette har ingen parallellar i europeisk kyrkjekunst, hevdar Hvalvik. Han trur derfor at motivet har bakgrunn i norrøne Voluspå, og grunngjev dette godt. Ål-meisteren må altså vera norsk eller nordisk, hevdar han.

Ål-taket, denne kulturskatten, blir me aldri ferdige med. Den gjev oss meir himmel på jorda.