FORFLYGING: Forfylginga har leia til ei blankpussa verdiprioriteringa. Kyrkja har ein utsending, og det er til flyktningleiren i Syria, skriv Berit Helgøy Kloster. 


Forfylgde med ei prøvd tru

Forfylginga har leia til ei blankpussa verdiprioriteringa.

Vi er i religionstimen på vidaregåande skule, ei praktisk etikkoppgåve er at kvar enkelt elev skriv ned fem av sine verdiar, og prioriter dei. Båtflyktningen frå Vietnam rettar opp handa: «Eg har berre to verdiar eg: Gud og familien.»

Flyktningen gav meg visdom som fylgjer meg i desse koronatider. Fleire av oss har nok spurt kva er det viktigaste for meg nå? Vi ringer familie og kjent: «Står det bra til?» og vi tiggar Herren om å verna oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg er knapt åleine som undrar meg over korleis Herren brukar desse forfylgde som er hardt prøvde: Før tusenårsskifte var eg på ein Lausannekonferanse i Toronto, der vi deltok på ei større gudsteneste, fleire tusen samla.

Eg sleit framleis med tidsforskjellen, og halvsov i det møteleiaren sa at alle skulle vi verta bedt for, vi skulle snu oss til sidemannen. Ein heilt ukjent asiat framfor meg spurde om han kunne be for meg: «Yes» – svara eg utan å sjå opp.

«Kan eg legge handa mi på deg.» Eg nikka søvnig ja. I det handa kom på hovudet var som eit elektrisk støyt, og her står den framande og fortel om heile livet mitt: «Kven er du, søster», spør han så.

Eg måtte spørje det same attende. Han var ingeniør Ravi frå Sri Lanka, flyktning som hadde mista alt, sett huset brenna opp, og budd i skogen. Stille fortalte han meg: «Eg lova Herren at eg alltid skulle be for deg.» I mitt liv har han mange gonger vert «Svaret frå himmelen».

Det hadde berre gått minuttar etter at mor døyde. Ravi hadde tidlegare fått beskjed om å be for operasjonen. Telefonen kime: Det er ein glad Ravi som fortel: «Eg opplevde nettopp ein sterk lovsong i Himmelen... så operasjonen gjekk bra...?» Eit sterkare ettermæle etter vår kjære mor kunne vi knapt fått.

Det var sist haust. Mah, flyktning frå Iran, kom innom, ho hadde hatt ei underleg natt. Ein draum som kom fleire gonger uroa henne, om eg ville høyra?

«Eg såg ein stor skare av menneske, alle hadde kvite kjolar, og dei song. Dei var liksom i lufta, eg såg folk eg kjente, eg såg deg! Kva er dette?» Saman sette vi oss ved kjøkkenbordet, og eg las frå Johannes Openberring 7, og tårene rann hjå henne. «Det var dette eg såg!»

Rett før landet vårt stengte ned i mars, rakk eg å koma heim frå ei vitjing hjå mennonittane i Paraguay. Eg hadde ein invitasjon til deira største kyrkjelyd i Asunción.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mennonittane har sine røter frå Sentral-Europa, særleg Nederland. Deira dåpssyn, militærnekting og rett til trus- og ytringsfridom førte til blodige samanstøyt med katolikkane på 1700 talet, og dei måtte flykta til fleire områder i verda. Mengheita Las Raises (røtene), flukta til Russland og Sibir, og etter Andre verdskrig fekk dei innreise i Paraguay. Her kunne dei starta jordbruk i eit jordsmon utan stein.

På vitjinga på nasjonalmuseet, på den historiske avdelinga, var det ein eigen utstilling om korleis Mennonittane hadde bygd opp landet, og ført dei i ei særstilling på økonomisk vekst til i dag, og på heile kontinentet.

Tidlegare president, Duarte Frutos, hadde fått ein særleg heidersomtale. Han er medlem av kyrkja, det same er tidlegare kvinneleg justisminister. Det som særprega dei er sentral bibelsk lære, og syndsvedkjenning.

Denne søndagen ville eit medlem be om tilgjeving frå heile kyrkjelyden. Dei var rause med kvarandre, også økonomisk.

Det argentinske pastor-paret hadde informert meg om at misjonsiveren hadde fått liten plass hjå mennonittane. I den hundreårige kampen for trusoverleving hadde dei knapt sett på seg sjølv som misjonærar i kvardagen.

Trur aldri eg har tala til ei forsamling som på ein slik måte nå såg på seg sjølv som Guds reiskap til å få evangeliet ut til folkeslaga gjennom sitt yrke. Utan eitt ord om pengar, gav dei den største summen eg har tatt imot.

Forfylginga har leia til ei blankpussa verdiprioriteringa. Kyrkja har ein utsending, og det er til flyktningleiren i Syria.

I det koronaviruset spreier seg, er vi nok mange som kjenner oss hjelpelause over for dei som nå er stua saman i flyktningleirane. Eg har ei bønn: «Kjære Jesus, kan Du vera der?»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For din styrke er ikkje avhengig av ein stor hær, ditt herrevelde kviler ikkje på menneskets styrke. Du er dei undertrykte sin Gud, småkårsfolk sin hjelper, dei svake sin forsvarar, fortvila sitt vern og hjelpelause sin frelsar. (Apokryfisk skrift, Judiths brev)