Kjell Furnes, tidligere stortingsrepresentant og misjonsleder.

KrF og vegen vidare

Slik som utviklinga har gått, ser eg for meg KrF i ei slags «prinsipiell moralsk-etisk trapp». Partiet stod høgt og trygt i trappa tidlegare, men har blitt pressa nedover trinn for trinn. Eller ein har lete seg presse nedover.

Eg slår opp Dagen for 4. september og konstaterer atder skjer noko i KrF med omsyn til likekjønna ekteskap og den ubibelske lova som er vedteken for dette.

Eit fleirtal i KrFUvil gi opp kampen mot lova og får støtte også frå stortingsgruppa.Formannen er heller ikkje avvisande til ein ny debatt om saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mine tankar går tilbake til 1946. Eg sat saman med far min ved radioapparatet og lytta til ein debatt mellom Erling Wikborg og Inga Tusvik frå Venstre.

Som sunnmøring kjempa ho nok for at Venstre skulle få behalde sine veljarar på Sunnmøre. Far hadde også vore venstremann, men no skifta han parti. Eit nytt politisk reiskap hadde kome til. Saman med mange gjekk han inn for å reise det nye partiet, og KrF gjorde eit brakvalg på Sunnmøre.

Eg kan vel seie at frå den kvelden ved radioapparatet vart ogsåKrF mitt parti.

I 1964 var eg med og skipa KrFU i Giske kommune og har såleis vore aktiv medlem i 50 år, derav i verv på ymse plan i samfunnet i ca. 25 år av desse. Eg kjende meg trygg og glad i mitt arbeid i partiet, og ikkje minst hadde KrF leiarar som eg såg opp til og sette pris på.

Der er to lovverk som på ein særleg måte har merka det norske samfunn dei siste tiåra. Det eine er lova om sjølvvald abort av 1975 og det andre lova om likekjønna samliv.

Begge lovene stadfesta at det norske folk no er inne i eit åndeleg og moralsk forfall.

Eg minnast at eg i 1980 sat i kafeen på Stortinget i samtale med ein leiar av eit anna parti. Det skulle vere val i 1981 og abortsaka stod på kartet, særleg mellom Høgre og KrF, med omsyn til eit evt. samarbeid dersom det skulle bli ikkjesosialistisk fleirtal ved valet – noko det vart.

Leiaren sa det slik: «Ein ting skal du vere sikker på, Kjell. Denne lova bryt ein barriere som vi ikkje ser rekkevidda av.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han har fått rett! Frå 1975 og fram til i dag har folket vårt fått erfare lover og offentleg inngrep som har underminert samfunnsfundamentet på ein skræmande måte Og lova om likekjønna samliv er ei av dei verste.


Denne lova vil no KrFU tydelegvis akseptere. Kan det vere sant?

Dersom det skulle skje at KrF fira fana og godkjenner denne lova, så ser eg ein prinsipiell skilnad i partiet sitt standpunkt mellom desse lovene.

Når det gjeld abortlova, så har KrF aldri godkjent lova.

I punkt 1 i «Tønsbergvedtaket» heiter det slik: «Kristelig Folkeperti står fast på prinsippene i sitt forslag til vern om ufødt liv av 1978». Dette har ein ikkje gått bort frå, og etter som eg forstår så har partiet under kvar valbolk reist saka i Stortinget.

Dersom partiet skulle godkjenne, eller akseptere, lova for likekjønna samliv, vil det virke mykje meir dramatisk. Det vil bli som eit slag på munnen både for partiet og veljarane.

Slik som utviklinga har gått, ser eg for meg KrF i ei slags «prinsipiell moralsk-etisk trapp». Partiet stod høgt og trygt i trappa tidlegare, men har blitt pressa nedover trinn for trinn. Eller ein har lete seg presse nedover.

Skal partiet overleve, og framleis vere ein reiskap for folket, må ein kjempe for å innta nye saksfelt. Partiet må ta steg oppover i trappa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dersom ikkje partiet set grenser som er faste og «verneverdige» for viktige saker, vil partiet snart stige «utfor siste trinnet i trappa». Eller veljarane vil setje grensa.