RELEVANTE: Eg trur diverre at eit KrF inn i H-regjeringa no, vil gjere oss lite relevante. Vi vil ikkje vinne sakene utad, fordi vi ikkje vil klare den dobbeltkommunikasjonen som er blitt særleg Frp sitt varemerke. Og kvifor vil vi ikkje det? Fordi vi ikkje er kyniske nok, og villige til å snakke ned grupper for å framheve oss sjølve, skriv Trude Brosvik.

KrF og Sp har mykje felles

I aukande grad ser eg at det opnar seg større rom for gjennomslag i denne typen verdisaker saman med Sp og Ap. Eg trur ikkje det blir enkelt, og kanskje vil forhandlingar vise at det ikkje går. Men eg meiner KrF, som sentrumsparti, må kunne prøve.

Nokon seier sentrum i norsk politikk er dødt. Eg meiner nei. Men etter at KrF og Sp valde ulikt samarbeid og Venstre no gjekk i regjering med Frp/H, så har KrF vore åleine der. Det kan ha sine fordeler, men berre så lenge ein har ein vippeposisjon og dermed kan vere med og påverke avgjerder.

Så er det slik at folk likar ikkje «uorden», og for mange blir ein slik mellomposisjon nettopp det. Og dei får støtte i å tenkje slik frå dei fleste kommentatorar, som heller ikkje likar det som ikkje er føreseieleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

KrF har ikkje lukkast med å auke oppslutninga frå den «konstruktive opposisjonsplassen» sin. Det er derfor også eit aukande krav også hos partiet sine medlemmar om at ein må velje side.

Det er politikken som må avgjere. Og all ære til leiar Knut Arild Hareide og sentralstyret som har involvert medlemmane i diskusjon om kva som er viktigaste politiske sakene framover. Og som vil la det legge grunnlaget for dei vala som skal gjerast.

Eg ser at nokre trugar både med utmelding og profetiar om at KrF går til grunne dersom ein vil prøve ut samarbeidet med sentrum-venstre. Det gjer ikkje eg. Eg har bestemt meg for at eg vil vere med på laget, og jobbe innanfrå, same kva kortsiktig samarbeidsval KrF tar.

Men viss partiet tar eit strategisk og langsiktig val om å verte eit høgre-parti med «kristen-pudder», då vil eg nok miste entusiasmen og ta ei ny vurdering.

Eg valde ikkje KrF for å støtte opp om borgarlege standpunkt som skattelette, styrka marknadsmakt, sentralisering og individualisme. Tvert om var det partiet sin vilje til å kjempe for at alle menneske har livsrett, er like mykje verd og har like rettar, viljen til å jamne ut skilnader mellom fattige og rike, både i eige land og mellom verdsdelar, som gjorde meg til KrF-ar.

Det må også leggast til at distrikts- og landbrukspolitikken har vore vesentleg for meg, fordi eg har sterk tru på at heile landet skal takast i bruk og at folk skal få tenester der dei bur.

I aukande grad ser eg at det opnar seg større rom for gjennomslag i denne typen verdisaker saman med Sp og Ap. Eg trur ikkje det blir enkelt, og kanskje vil forhandlingar vise at det ikkje går. Men eg meiner KrF, som sentrumsparti, må kunne prøve.

Vi har prøvt forhandlingar med høgresida fleire gongar. Ikkje alltid med hell, etter mi meining. Dessutan tenkjer eg at å gå inn i regjering med H, Frp og V no, vil vere å godta at Frp får drive på med styggepratet sitt (for å kalle ein spade for ein spade) om utsette grupper og religionar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I alle fall har korkje partileiar Siv eller statsminister Erna villa ta tak i dei utfordringane det gir. Og dei utfordringane det gir, er at det legg grunnen for tap av tillit. Og eit samfunn som ikkje bygger på tillit, vert fort kaldt og umenneskeleg.

Eg trur diverre at eit KrF inn i H-regjeringa no, vil gjere oss lite relevante. Vi vil ikkje vinne sakene utad, fordi vi ikkje vil klare den dobbeltkommunikasjonen som er blitt særleg Frp sitt varemerke. Og kvifor vil vi ikkje det?

Fordi vi ikkje er kyniske nok, og villige til å snakke ned grupper for å framheve oss sjølve. Slik er det berre. Sjølv i saker som abortlov og ekteskapslov, så vil vi ha syn for, og respekt for, at vi må omtale saka utan å legge større bør på skuldrene til dei det gjeld. (I alle fall håpar eg det er sånn)

Eg oppmodar partileiinga til å gjere kloke, framtidsretta og modige val. Og eg oppmodar KrF-medlemer, meg sjølv inkludert, til å støtte opp om det som blir valet og å ta dei politiske kampane innanfor partiet, på demokratisk vis.

Les også
Hareide vil fortsette som KrF-leder enten partiet går til høyre eller venstre
Les også
KrF-topp i sør mener Hareide kan miste en hel landsdel
Les også
Arbeiderpartitopp: – Vi har gode erfaringer med KrF-samarbeid
Les også
KrFs veivalg splitter partiet – opprop i begge retninger
Les også
Full strid i Rogaland KrF