KRF: Hareide sitt råd må ikkje overdramatiserast. KrF er i sentrum uansett kva side partiet samarbeidar med. Ingen bør la seg lura av andre som nå vil fiska i opprørt vatn, skriv Karl Johan Hallaråker. Bildet er fra Hareides møte i Vennesla torsdag.

KrFs vegval i ein lagnadstime

Landsmøtet den 2 nov. dreier seg seg altså ikkje om for eller imot Knut Arild Hareide som partileiar, men om partiet KrF sitt retningsval.

Kristeleg folkeparti er inne i ein lagnadstime. Dårlege meiningsmålingar og usemje om politisk retning er ikkje akkurat medisin for oppdrift. Knut Arild Hareide sin landsstyretale har naturleg nok fått stor merksemd.

Min første kommentar var Hareide langt på veg held ein ærleg og tydeleg tale. Konklusjonen var eg derimot ikkje einig i ut frå premissene han la.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg tek til etterretning at partiet nå måtte koma til ein regjeringskonklusjon. Argumentet om at eit linjeskifte vil gje meir sentrumspolitikk, høyrest fint ut. Men spørsmålet er om kva KrF-saker i sentrum som får forkjørsrett.

At eg med tungt hjarta ikkje kan følgja han i hans sideval, bygger eg på fleire fakta: Grunnleggande ideologisk refleksjon om velferdssamfunnet i staden for velferdsstaten med menneskeverdet i sentrum, familien og foreldremandatet i botn, verdiforankra oppseding og skulepolitikk (med KRLE m.m) framføre mange enkeltsaker. Ideologi om reservasjonsretten, bioteknologi, sorteringssamfunnet, valfridom, kontantstøtte, frivillighet m.m. er ofte raud klut på venstresida.

At dei tre andre i leiinga, nestleiarane og nestleiaren i stortingsgruppa (og gruppa sitt store fleirtal), ikkje støtta konklusjonen, likeså minst halve sentralstyret og fleirtalet av fylkesleiarar tel òg mykje. At eit lite mindretal i stortingsgruppa skal bestemma eit historisk linjeskifte, er for meg ei ny form for parlamentarisme.

Eg meiner faktisk at ein leiar ikkje bør stå for ein annan konklusjon om han personleg skulle ønskja det. KrFU sitt råd tel også med. Denne sida har også Hans Olav Syversen med på laget. Få kjenner situasjonen som han som var med i forhandlingane i starten av første periode med Solberg, og som leiar av finanskomiteen.

Det bør ellers vera klart at det er den sitjande stortingsgruppa, og ikkje den gamle garde i forrige generasjon som må ha siste ordet - slik dei også hadde det i 2013! Slik eg kjenner grasrota ut over landet, - og ikkje minst i dei delane av landet der partiet har størst oppslutning og størst potensial - er eg lite i tvil om kva retning fleirtalet vil.

Å overtyda veljarane om ny kurs, kan visa seg langt vanskelegare enn kanskje å få med seg knapt fleirtal i organisasjonen, om det (usannsynleg) skulle skje. Eit radikalt linjeskifte er det siste eit djupt splitta parti bør føreta.

Hareide sitt råd må ikkje overdramatiserast. KrF er i sentrum uansett kva side partiet samarbeidar med. Ingen bør la seg lura av andre som nå vil fiska i opprørt vatn. Dersom vi tek KrF sine kristendemokratiske verditema på alvor, er avstanden til Frp, og ikkje minst Venstre, i visse saker stor.

Det må eg konstatera, sjølv om eg altså vil konkludera først samtale med nåverande regjering. Ap og Frp er for meg dei to mest sentralistiske partia på Stortinget. I mange verdispørsmål og ønskje om å flytta makt nærast folket (subsidaritetsprinsippet), er det ikkje eit utrygt Senterparti, men Høgre som står oss nærast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Difor må også dei to partia halda saman. At eit sentrumsparti kan samarbeida til begge sider, fører ikkje automatisk til mulig regjeringsdeltaking begge vegar. Det blir for lettvint argumentasjon. KrF er eit ikkje-sosialistisk parti og har difor naturleg søkt regjeringsmakt på ikkje-sosialistisk side!

Med all mi forankring i sentrum langt frå Frp, må eg erkjenna at slagordet eg ser nokon prøver på - val mellom Siv og Jonas, - er ei tilslørande falsk problemstilling. (Ei heller mellom Thorbjørn Jagland og Carl Ivar!)

Les i media at ein frå mindretalet i stortingsgruppa skryt av at det er KrF som har fått Erna til å skinna. Sikkert eit godt KrF poeng, men hald då fram med det! La Erna skinna - med KrF!

Sett frå mitt synspunkt var det beste i talen langt på veg at Hareide ikkje stilte ultimatum.

Eg har alltid hatt stort tillit til Hareide som partileiar heilt sidan Dagfinn Høybråten gav seg. Det står eg framleis ved. Ser at ein del kommentatorar forkynner at om Hareide ikkje får viljen, går han - Sjølv om han ikkje har sagt dette sjølv. Så brukar ein del personar i partiorganisasjonen det som argument for å få folk til å støtta han, sjølv om ein ikkje er samd.

Eg tek han på ordet. Den prosessen som nå er starta, må konkluderast ut frå eiga overtyding, og ikkje ut frå kameraderi. Landsmøtet den 2 nov. dreier seg seg altså ikkje om for eller imot Knut Arild Hareide som partileiar, men om partiet KrF sitt retningsval. Med det håpar eg at landsmøtet ikkje følgjer dette rådet frå Hareide, om eg er aldri så glad i min sambygding.

Les også
KrFU-utbrytere varsler støtte til Hareide på landsmøtet
Les også
Melder seg inn i KrF for å påvirke
Les også
Åtvarar KrF mot å bryte på budsjettet
Les også
KrF + Høyre
Les også
1.500 har meldt seg inn i KrF på to uker