Korleis evaluere presteutdanninga?

For kort tid sidan kom det informasjon frå Lausanne International om at berre fem prosent av prestane i verda har fått yrkesutdanning.

Dette betyr at cirka to millionar pastorar utfører tenesta utan «å ha kunnskap, ferdigheiter og kollegafellesskap til å stå i ei berekraftig teneste».

Desse «ukvalifiserte» har kvar rundt 50 medlemmer, og gjennomsnittlig utfører dei samla dagleg dåp av 50.000 nye. Samstundes presenterte MF student nummer 100 med doktorgrad, preste-studiet der er 6–7 år. MF fekk i fjor vel 87 millionar i statsstøtte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi er truleg på verdenstoppen i «kvalifisert teologisk utdanning». Dessverre har voksteren stagga både i dei heilage husa og i det offentlige rom. Sjølv spør eg meg kvar blasfemi-grensa går når stadig nye avhandlingar er via kjønns-debatt om den Treeinige Gud?

Med tanken på dei «ukvalifiserte» pastorane, har eg sett litt nærare på nokre kyrkjer i Karibia. Her har voksteren nærast eksplodert dei siste ti-åra. Den Katolske kyrkja var vogga, og i 1965 vart Bibelen tilgjengelig for alle. Puerto Plata har vel ein kvart million innbyggarar. Offisielt er det 77 registrerte evangeliske kyrkjer, men fleire hevdar det er mellom 3–400 gudsteneste plasser.

Metodistane kom til øya i 1889. Pastor Freddy Martinez er med i det nasjonale rådet. Som ung kjente han på kallet, og er ein med fem års teologiske studie. Ved tusenårsskifte starta han og fem andre arbeidet i eit fattig strøk. Nå har dei bygd eiga kyrkje, to nye preikeplasser og har 200 medlemmer som samlast tre gonger i veka. Eiga inntekter får han gjennom eit sekulært arbeid.

Han vedgår at det er krevjande dagar, men voksteren inspirerer han. Årsaka til at landet i dag har minst 25 prosent aktive evangeliske kristne, er at kallet til teneste blir forkynt. I leigde lokale i same byen, driv pastorparet Mario og Glenny de Luz ei lita menigheit.

Det starta med fire personar i 2010, og i dag tel dei 90 medlemmer, Pinsevenner. Glenny er utdanna lærar, men driv frisørsalong: «Her får eg mange samtalar, ja, eg har også hatt gudsteneste her.» Ho driver eit spesielt arbeid for prostituerte som var barndomsnaboar.

Ein dag i 2016 kom ei ukjent kristen dame med eit bodskap til henne, at ho skulle arrangere ei nasjonal samling for kvinner, tilsvarande Kvinner i Nettverk. Ho skulle leige eit større lokale, bestille mat og betale for reiser for dei fattige.

Budsjettet var på vel 13 tusen kroner. Frå frisørarbeidet hadde ho 700 kroner, og med ein kollekt, fekk dei til saman 2000 kroner. Ho vart litt mismodig, kjente seg åleine og inni seg sa ho at dette går ikkje.

Då høyrde ho Guds stemme. «Det er Eg som inviterer, Eg skal betale!» Saman med kasseraren talte dei pengane ein gong til, då skjedde det: Pengesetel etter pengesetel dukka opp. Dei talte fire gonger, like overraska at deira to tusen vart til 13 tusen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva var viktig med denne samlinga? Vel 1000 kvinner kom, mange tok imot Kristus, og fekk endra livet. Talet på mord utført av ektefellen er svært høgt her i landet. Ofte er det kvinnene som er utru. Som kristne er dei beskytta i fellesskapet og får respekt.

I byen Santiago er gudstenesta i atelieret til Luis Angel, i andre etasje på ein bilverkstad. Luis møtte Jesus på målar-kursa hjå Gilberto. Begge er dei landskjente biletkunstnarar, men tre kveldar i veka samlast dei med 30–40 andre til Bibel og bønn. Søndagsmorgonane kjem barna frå slummen til frukost. Dei får delta med song og dans i Gudstenesta. Ein etter ein kjem også foreldre frå fattigstrøket.

I same byen er kyrkja til Pedro de la Rosa, Asamblea de Dios. Pedro var advokat, men er nå fulltids pastor i ei av dei større kyrkjene. Han hadde ein kortare teologiske studiepermisjon. Tema for denne søndagen er: Vitnesbyrd på arbeidsplassen.

Han takkar av slik: «I morgon startar vi ein kampanje med 500 deltakar, de skal nemleg utføre teneste på arbeidsplassen dykkar. Samstundes må eg be om tilgjeving for dei ekstra kostnader de tok då eg tok utdanning for å kunne vinne nye medlemmer. Nå innser eg at i yrket mitt møtte eg menneske kvar dag, var i posisjonen til å leva ut trua mi, og presentere Jesus for dei.»