Stat og kyrkje

Kyrkja har ei pedagogisk oppgåve ovafor folket; ho skal undervise om kva som er rett og galt. Dessutan har ho eit profetisk kall. Det betyr at ho skal refse staten når denne krenkjer menneske, og vera statens vakne samvit.

Då Jesus blei utfordra på korleis han stilte seg til dei politiske styresmaktene, svara han: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til» (Matteus 22).

Svaret innebar at mennesket har ein dobbel skyldnad. Det skyldar å gje Gud det han krev, nemleg vårt innerst, vår sjel og vårt hjarte. Men ein har også ein skyldnad ovafor dei som har politisk makt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me skylder dei lydnad, for dei er Guds tenarar som skal straffa det vonde og løna det gode, seier Paulus (Romarbrevet 13). Men lydnaden har ei grense! I ein gitt situasjon skal ein lyda Gud meir enn menneske.

Med utgangspunkt i dette utforma Luther læra om dei to «regimenta», det vil si dei to måtane Gud styrer på: Det verdslege – og det åndelege regimente. Gud har nemleg ulike målsettingar og ulike verkemidlar for måten han styrer på.

Styresmaktene – det vere seg kongar, fyrstar, med politi, forsvar eller rettsvesen – skal styra i ytre, verdslege saker. Dei skal skape rettferd, fred og gode livsvilkår i samfunnet. Og samstundes må dei slå ned på urett, kriminalitet og korrupsjon.

Til dette har Gud utstyrt dei som styrer med moralsk dømmekraft og rettferdssans. Dei treng ikkje vera truande kristne for å gjera dette, for det er nok at dei nyttar sin moralsans.

Og dei har verkemidlar i sine hender til å gjennomføra dette, så som lovverk, rettsvesen, fengsel og straffemidlar. I det yttarste må dei bruka «sverdet», seier apostelen. Det er nødvendig i vår verd at det er eit strengt verdsleg styre. Heidningar kan i gitte situasjonar styra betre enn sjølvrådige nominelle kristne! hevdar Luther.

Men dei må ikkje gå for langt og gripe inn i «Guds regimente». Det vil føra til grusom skade. Tvangslover og straffetiltak for å gjera folk til rette kristne, er og blir misbruk av staten sitt mandat, meinte han. Og likevel skjedde dette i stor stil.

Kyrkja har korkje mandat eller evne til å styra eit folk. Dersom ho vil styra samfunnet etter evangeliet, blir det anarki og kaos. «Villdyra ville koma til å riva dei snille dyra i stykker», seier Luther. Kyrkja må la styresmaktene få bruka tvang, men i samsvar med retten.

Kyrkja har derimot «ordet» som verkemiddel, det vil si Guds lov og Guds evangelium – og sakramenta. Ved å bruka slike verkemidlar, blir trua skapt, og mennesket får eit nytt sinn og kall til å gjera det gode.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei får ei rettferd som gjeld hos Gud, og blir innlemma i hans nåde-rike. Kyrkja skal vera ein reiskap for dette riket. Difor må ho ikkje bruka maktmidlar eller straffetiltak for å bringe fram dette riket.

For å forstå korleis desse to styringsmåtane skal fungere, er det to viktige ting som gjeld:

Regimenta må ikkje blandast saman!

Det betyr at kyrkja ikkje må strebe etter verdsleg makt. Dette skjedde i stor stil med kyrkja i middelalderen. Paven eller biskopar kunne råde over fyrstedømme og fungere som verdslege fyrstar.

Dei kunne opptre som domarar i vanlege tvistesaker, og dei hadde hæravdelingar til å bruka ytre makt, ja, føra krig. Kyrkja såg på seg sjølv som overordna staten, og keisaren måtte få sitt mandat frå kyrkja, tenkte ein.

Men kyrkja har ikkje noko mandat til å bruka maktmidlar. Ho har ikkje ei spesiell evne eller kall til å driva utanrikspolitikk, og kan ikkje forvalte militæret. Det fins ingen åndeleg eller kristen måte å styra ein stat på!

Det fins mange døme på korleis kyrkja ved hjelp av kongemakt skaffa fram offentleg strafferegime, også etter innføringa av reformasjonen i Norge. «Gapestokken» var ein del av dette.

Alle forsøk på slikt fører til samanblanding av åndeleg og verdsleg styringsmåte. Og til sist går det ut over evangeliet og formidlinga av Guds nåde. Der kyrkja er opptatt av å skaffa seg politisk og verdsleg makt, står ho i fare for å bli ei kvasi-kyrkje. Slik tenkte reformatorane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nasjonalsosialismen er eit døme på at ein ville dra eit skarpt skilje mellom det åndelege og det verdslege. Staten hadde sin «egenlovmessighet», og måtte ikkje kritiserast! Kyrkja skulle ta vare på «det skjulte truslivet», heitte det.

Det førte til at staten ville bestemma kva ein skulle meina og tru og kjenna som samvitsplikt. Staten ville ta frå foreldra retten til oppseding av barn og unge.

Kyrkja og lærerstanden reagerte ovafor dette då nazismen gjorde sitt inntog i vårt land under siste verdskrigen. Statsmakta hadde gått over ei grense, og måtte møtast med sivil ulydnad!

Totalitære statar har dette som sitt grunntrekk: Dei vil herske over heile mennesket, også over tankar, samvit og tru.

Kyrkja sitt kall er «å forvalte de evige goder, og la Guds ords lys falle over alle menneskelige forhold», heiter der i Kirkens Grunn frå 1942, som var eit oppgjør med nazi-styresmakta.

Kyrkja har ei pedagogisk oppgåve ovafor folket; ho skal undervise om kva som er rett og galt. Dessutan har ho eit profetisk kall. Det betyr at ho skal refse staten når denne krenkjer menneske, og vera statens vakne samvit.

Kyrkja har også ei demonstrativ oppgåve. Når ord ikkje nyttar, må ho handle, eventuelt utvise sivil ulydnad. Det betyr at ho nektar å lyda ordre som går imot Guds klare vilje.

Det kan i yttarste konsekvens innebera fengsel, tortur og martyriet. Men der kyrkja står opp for rett og sanning, vil ho vera eit truverdig uttrykk for Guds åndelege regimente.