FORDJUPING: Kyrkjelydspedagog Hogne Berland opplevde at det var så mykje oppdrift i konfirmantkullet for to år sidan at det var grunnlag for å starte eit vidare undervisningsopplegg. Det har kyrkja i Øygarden ønskt i fleire år.

Konfirmantar på tredje året

Titusenvis av konfirmantar forsvinn frå Den norske kyrkja kvart år. I Øygarden tenkjer kyrkja nytt for å få fleire med vidare.

Dei fleste av dei drygt 40.000 ungdomane som vart konfirmerte i Den norske kyrkja i fjor, vil statistisk sett sjeldan setje føtene sine i ei kyrkje igjen, utanom ved dei store overgangane seinare i livet.

Biskop Halvor Nordhaug påpeikar at det framleis er ein stor del av 15-åringane i Bjørgvin som vel kyrkjeleg konfirmasjon, men erkjenner at det er ei stor utfordring å halde på dei etterpå.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det tiandeklasse som er særleg kritisk, seier Nordhaug til Dagen. Han har markert seg som «ungdomsbiskop» og tok initiativ til ungdomsåret i Bjørgvin i 2013.

LES: Prioriterer å nå eldre ungdommer

Fellesskap

I Øygarden kommune, heilt ute i havgavet vest for Bergen, har kyrkja teke grep for å føre fleire ungdommar lenger inn i trua.

Summing av unge stemmer og lukt av indisk mat fyller sidesalen i Blomvåg kyrkje. Det er onsdag ettermiddag. Knapt 20 ungdommar er samla til måltid, undervisning og fellesskap.

– Det er eit veldig godt fellesskap der vi kan bli betre kjende med Jesus, seier Matilde Solsvik (15).

– Det er godt å kome hit etter ein lang skuledag, seier veninna Ingeborg Børve Skjold (16).

– Vi går djupare inn i det vi lærte om i konfirmasjonstida, seier David Nordvik (17).

LES: - Halloween lærer barn om døden

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Grundig undervisning

Kyrkjelydspedagog Hogne Berland har ansvar for opplegget.

– Vi starta i fjor med det vi kalla K2, seier han.

Rundt ein tredel av konfirmantane takka ja til å vere med. Interessa førte til at kyrkja utvida med det som vert kalla K2pp (uttalast «K-topp»). Dei samlast ein gong i månaden.

– Målet er å gi grundig bibelundervisning og lære meir om å leve som kristne, seier Berland.

Han fortel om konfirmantar som opplever at dei har ei begynnande tru og vil vere kristne, men opplever at dei manglar ein del svar. Denne utfordringa synest han kyrkje må ta.

Aktuelle tema

«Jeg vil gå dit du går, hvor du enn leder, hjelp meg å følge», syng ungdommane. Dei har sett seg i sjølve kyrkjeromet for å høyre undervisning om misjon. Hogne Berland har gitar på fanget. Ved pianoet sit Petter Rong (16).

– Vert du meir tilknytt kyrkja av å vere med på dette?

– Eg vert i alle fall meir knytt til Guds ord, seier Rong.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På tidlegare samlingar har dei mellom anna høyrt om Bibelens autoritet i etiske spørsmål. I det siste har Rong vore oppteken av abortspørsmålet i lys av Operasjon Dagsverk som gjekk av stabelen i går. I år går det til Amnesty Internation Noregs arbeid for «seksuelle og reproduktive rettigheter i Chile, Peru og Argentina».

– Eg synest det har vore for lite informasjon om kva dette går ut på og har informert klassen min. Så får det vere opp til kva einskild om ein vil vere med, seier han.

Misjonskall

Folkeslaga som er minst nådde med evangeliet, er tema for undervisninga til Hogne Berland. Han minner om at det er sterke tradisjonar for å støtte misjonsarbeid mellom kristne i Øygarden.

– Det er 300.000 misjonærar i verda i dag, men berre tre prosent av dei jobbar med å nå dei minst nådde. Delen aukar, men ikkje fort nok, seier han.

Kyrkjelydspedagogen understrekar at alle kristne har fått del i misjonsoppdraget.

– Kanskje nokon av dykk får ein tanke om dette? Då kan det vere at vi om nokre år sit her i kyrkja og ber for og gir til dykk, seier han.

Kvardagskall

Med på laget har Berland fem tidlegare bibelskuleelevar som er eittåringar i eit ungdomsteam. Gjennom fleire år har kyrkja i Øygarden samarbeidd med Norsk Luthersk Misjonssamband om denne satsinga.

Lovise Kristoffersen og Mildrid Brekke har vore elevar ved Fjellheim bibelskole i Tromsø. Dei fortel om erfaringar frå ein studietur til Bolivia og om gateevangelisering i Tromsø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– No tenkjer eg at kallet mitt er å vere her i Øygarden, seier Mildrid Brekke.

Men ho framhevar at ein ikkje må vente til framtida med å leve ut kallet. Det kan skje på skulen og elles i kvardagen.

Tru i startgropa

Biskop Nordhaug er begeistra over det han har fått høyre om satsinga i Øygarden.

– Det er eit gullegg, seier han.

Han trur kombinasjonen av det sosiale og det innhaldsmessige er viktig. Utfordringa sender han vidare til andre kyrkjelydar.

– Det vanskelege med ungdomsarbeid er ikkje å drive det, men å bestemme seg for å drive det, seier han.

Ventar meir

Førsteamanuensis Bård Eirik Hallesby Norheim ved NLA Høgskolen påpeikar at ein heil del kyrkjelydar i Den norske kyrkja har drive leiartreningskurs for fjorårskonfirmantar. Han kjenner også til at kyrkjelydar fleire stader i landet har satsa på å nå denne gruppa. Likevel legg han ikkje skjul på at det er ei stor utfordring å knyte konfirmantar til kyrkjelyden.

– Konfirmasjonen er tydelegare blitt oppfatta som ein fritidsaktivitet som må konkurrere med andre fritidsaktivitetar, seier Norheim.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han meiner det utfordrar kyrkjelydane til å arbeide med korleis ein kan byggje relasjonar med konfirmantane og vise at kyrkja har noko unikt å gi som er viktig for livet deira vidare. Framover er han sikker på at det vil kome fleire tiltak som liknar på det som er starta i Øygarden.

– Kyrkja har ikkje råd til å tenkje «drive in, drive out». Dette handlar om framtida for kyrkja, seier han.

Konfirmasjon

I fjor vart 40.253 ungdommar konfirmerte i Den norske kyrkja, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Delen som vel kyrkjeleg konfirmasjon har falle dei siste åra, men utgjorde framleis 62,9 prosent av dei som fylte 15 dette året.

Les også
Kristen humanisme
Les også
Islandsk folkekirke er positiv til åsatru
Les også
Tok imot Jesus sammen med mordere og voldtektsmenn
Les også
– Halloween lærer barn om dødenAllehelgen
Les også
Her bygges åsatru-tempel i ReykjavikModerne Åsatru