Ilustrasjonsfoto av konfirmanter. Foto: Tore Hjalmar Sævik

Prioriterer å nå eldre ungdomar

Kyrkjerådet arbeider med opplegg som skal gjere det lettare for kyrkjelydar å halde kontakten med fleire konfirmantar etter at konfirmasjonstida er over.

– Det er ein av tinga som har vore mest krevjande og kravd mest nytenking, seier Kristine Aksøy, seksjonsleiar for born, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet, til Dagen.

– Konfirmasjonen har for mange fungert som eit punktum, legg ho til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det harmonerer ikkje med trusopplæringsplanens mål om ha opplegg som spenner frå 0 til 18 år.

– Utfordringa har vore å få til noko som appellerer til breidda, seier Aksøy.

Ho påpeikar at det mest realistiske ofte er å få dei inn i eksisterande ungdomsarbeid eller på leiartreningskurs, men det er også eit mål å ta vare på fellesskapet som oppstår i konfirmasjonstida. På nettstaden ressursbanken.no ligg det ein ressurs for «reunion» av fjorårets konfirmantkull. Ifølgje ei nasjonal rapportering frå eit stort utval kyrkjelydar som inviterte til ei slik samling, var det 19 prosent som takka ja.

Samtaleopplegget «Vidare» er også ein ressurs som er sikta inn mot denne gruppa.

– På Trusopplæringskonferansen i neste veke vil vi lansere opplegget «På sporet» som er tenkt som ei myndigheitsmarkering, opplyser Aksøy. Det er tenkt som ein ressurs ved overgangen til vaksenlivet.

– Det er ikkje så lett å finne den eine rette måten å gjere dette på. Vi må finne fleire måtar for å stimulere konfirmasjonstida vidare, seier Aksøy til Dagen.

Les også
Prester skal kunne preke homofili som syndBispemøtet
Les også
«Biskoper må våge å bryte med liberale bispekolleger»Likekjønnet vigsel
Les også
Søndagsskole-hverdagshelt i 45 årAud Taranger Nesbø
Les også
– Kirken er lite relevant for de som er rammetTrollhätten-tragedien
Les også
Kristen humanisme