RAPPING: Slik kan det sjå ut v
...
RAPPING: Slik kan det sjå ut viss slektstavlene i Det Gamle Testamentet skal rappast på NRK. Bildet er av rap-artistene KløverKnekt og Skarre R på Get Focused i Tønsberg. Foto: Privat
Håper på sakte-Bibel på NRK
Del
Når den siste salmen tonar ut frå NRK søndag, kan det vere ein sjanse for kanalen vil satse på Bibelen minutt-for-minutt.

Då er det ikkje noko monoton opplesing frå tynne blad generalsekretær Ingeborg Mongstad- Kvammen i Bibelselskapet ser for seg. For ho innser at slektstavlene i Det gamle testamentet kan vere ei søvndyssande oppleving.

Men ho ser ein sjanse til å gjere ein vri på det.

– Slektstavlene har tydelege littærere grep, bokstavrim og gjentakingar. Dei kunne gjort seg for rap-artistar, seier Ingeborg Mongstad-Kvammen .

NRK open

Etter at NRK har hatt stor suksess med Hurtigruta minutt-for-minutt og andre sakte-TV-satsingar, begynte idéane å boble i Bibel-Norge: Kva med Bibelen minutt-for-minutt på NRK?

Mongstad-Kvammen har allereie vore i møte med sakte-TV-ansvarleg Thomas Hellum i NRK for å høyre om konseptet er aktuelt for rikskringkastaren.

Han er open for ideen.

– Det er ein av mange idear, men det vil i tilfelle liggje litt fram i tid, seier Hellum til Dagen.

Han omtalar Bibelen som «kjent og kjær» i både norsk og internasjonal kultur.

Oppslutnad

Men no er han først og fremst oppteken av korleis salmar på sakte- TV slår an.

– Er sjåartala i helga avgjerande for om de vil satse på Bibelen på sakte-TV?

– Nei, dersom sakte-prosjekta får fleire sjåarar enn vi har andre dagar, er det ein suksess. Det handlar meir om oppslutninga og kor breitt nedslag prosjektet får.

– Korleis måler de det?

– Ikkje berre i sjåartal, men også i kven som snakkar og skriv om det. Eit mål for ei vellukka sending er at det engasjerer i andre miljø enn berre i kjernemiljøa. Det hadde vore gøy om leiaren i det muslimske samfunnet i Noreg meiner det er ei knallgod sending. Oppdraget vårt er å gjere det smale breitt, seier Hellum.

Høysangen

Mongstad-Kvammen drøymer om å engasjere det breie lag av folket i sakte-Bibelen. Høgsongen er nærast eit ferdig teaterskript, meiner ho.

– Det er definerte roller for kvinna, mannen og koret. Det er ein fantastisk tekst. Det hadde vore veldig tøft om den kunne vore framført av skodespelarar, til dømes eit amatørteater eller eit skuleteater, seier ho.

Helst drøymer Bibelselskapet om Bibelen på NRK i 2016, då selskapet har jubileum. Eller til reformasjonsjubileet i 2017.

Men i helga er det salme-tv som gjeld også for bibelgeneralen.

– Eg skal ha TV-en på. Også nett-TV . Heile helga.