Naustdal-foreldra møtte ikkje i retten

Rettssaka mot det norsk-rumenske ekteparet som er tiltalte for oppdragarvald, starta ikkje i dag likevel.

I august forsikra ein av advokatane at foreldra skulle kome tilbake til rettssaka som skulle ta til i dag.

– Det var slik det var formidla då, seier advokat Ragnhild Breisteintil NRK.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men i Fjordane tingrett i Førde klokka ni i dag stadfesta aktørane at foreldra ikkje kom.

 

Flytta frå landet

Det norsk-rumenske foreldreparet tok med seg dei fem borna sine og flytta til Romania i august i fjor. I juni hadde dei fått tilbake borna etter ein avtale med kommunen. Då var det gått sju månader etter at dei utan varsel vart henta av barnevernet.

Saka utløyste store internasjonale protestar. Støttespelarar hevda at foreldra, som er pinsevener, var skulda for å drive «kristen indoktrinering».

LES:Europarådet gransker norsk barnevern

Får ikkje kontakt

Advokatane Ingrid Breistein og Ragnhild Torgersen sa til retten at dei ikkje har informasjon om at fråværet er lovleg, melder Firda.

Aktor i saka, politiadvokat Sissel Kleiven, ønskte å føre saka utan dei to tiltalte. Forsvararane var ikkje samde i dette. Kleiven var ikkje overraska over at forelda ikkje møtte.

– Dei har ikkje svart på stemninga, dei svarer ikkje på telefon og har vore umoglege å få kontakt med, seier politiadvokaten til NRK.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tingrettsdommar Gunnhild Grove kunngjorde etter ein pause at retten var komen til at saka ikkje vart fremja i fråvær av dei tiltalte.

LES:Barnevernet utgått på dato?

Nytt tidspunkt

Retten vart heva kort tid etter.

– Vi skal prøve å få beramma saka på eit seinare tidspunkt, seier politiadvokat Kleiven til Firda.

Avisa spør om det er fare for at saka ikkje vert handsama.

– Så lenge dei er i Norge skal vi finne eit nytt tidspunkt for saka, seier Kleiven.

LES:Psykolog ser ikkje poenget med rettssak mot Naustdal-foreldra

Lova endring

Foreldra er tiltalte for såkalla oppdragarvald. Ifølgje tiltalen skal dei ha klapsa og knipe borna ved fleire høve over ein periode på meir enn fem år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Foreldra har i intervju med BBC understreka at dei ikkje gjorde dette kvar gong borna gjorde noko gale, og ikkje på måtar som skada dei. I avhøyr med politiet har erkjent delvis straffskuld etter tiltalen. Samstundes har dei angra sterkt på det dei har gjort og lova at dei aldri skal gjere det meir, melder NRK.

LES:– Barna våre vil ikke tilbake til Naustdal

Ventar nummer seks

Barnevernet i Naustdal ville flytte barna over i permanent fosterheim, men det enda med at foreldra fekk alle borna tilbake. Hovudgrunnen til dette var ein omfattande rapport utarbeidd av to erfarne psykologar som konkluderte med at barna måtte tilbake til foreldra. Det vart konkludert med at foreldra var endringsvillige og at dei hadde god omsorgsevne.

Ekteparet ventar no sitt sjette barn, ifølgje ei Facebook-gruppe for støttespelarar.