NYTT: Kan det tenkast at barnevernet er «utgått på dato», og noko nytt må starte opp? spør Inger Elisabeth Baunedal. Illustrasjonsfoto: Yayimages.com

Barnevernet «utgått på dato»?

lørdag 3. desember 2016

Samfunn

Det er noko gale med grunnen barnevernet står på, og då tenker eg på menneskesynet og synet på familien.

Det har no gått eitt år sidan eg var vitne til Naustdal barnevern sitt inngrep i søstera mi sin familie. Med den store mediamerksemda og demonstrasjonane rundt omkring i verda blei saka historisk i høve barnevern.

Når eg ser tilbake på året som har vore, dukkar det opp nokre spørsmål: Har Naustdal barnevern blitt eit betre hjelpeorgan? Har Naustdal kommune kome godt ut av mediastormen og lært noko? Har barnevernet elles blitt meir funksjonelt?

Naustdal barnevern har fått massiv kritikk for framgangsmåten deira og behandlinga av den råka familien, søstera mi sin familie. Ein normal reaksjon ville vere å «gå i seg sjølve» og ta ei ny vurdering for å finne ut om ein tok dei riktige avgjerder.

LES: EMD skal granske sju norske barnevernssaker

Kanskje hadde nær- og storfamilien rett i at barnevernet hadde gjort ein stor feil. Kanskje «heile verda» sin reaksjon var berettiga. Men nei, barnevernet meiner dei veit betre enn alle. Det heiter hovmod. Barnevernsleiaren sjølv går ikkje ut i media og står for det ho har gjort, slik det skjer fleire andre stader.

Det er rådmann Øvind Bang-Olsen som uttaler seg i media. Og til tross for at han verken har djupt innsyn i saka eller har snakka med foreldra, går denne setninga igjen i uttalene hans; «Barnevernet i Naustdal har gjort ein god jobb». Etter fleire månader seier rådmannen det rett ut: «Vi tek ingen sjølvkritikk i denne saka».

Når rådmannen og barnevernet ikkje tek sjølvkritikk og meiner dei har gjort ein god jobb, korleis kan det då vere rom for forbetring? Sjølv om det ser ut til at det ikkje er rom for forbetring, har Naustdal barnevern likevel blitt betre i sine metodar? Det ser ikkje slik ut. Rett før saka til søstera mi greip Naustdal barnevern inn i ein annan familie med akuttvedtak.

Barna kom tilbake til familien, men familien tapte seinare i retten. I staden for å halde barna i familien med hjelpetiltak, syntest barnevernet det var best at barna ikkje budde hos familien. Dei to søskena blei fordelt i to ulike heimar, for det meinte barnevernet var best.

LES OGSÅ: Fosterforeldre reagerer på årets NRK-julekalender

Tidlegare i år gjorde Naustdal barnevern endå eit nytt akuttvedtak på svakt grunnlag, men heldigvis blei familien foreina att etter kort tid. Eg har snakka med familiane det gjeld og med andre. Det eg synest å sjå som går igjen, er at Naustdal barnevern held fram med sine metodar, som eg rett og slett må kalle brutale. Dei utfører akuttvedtak på svakt grunnlag, der det ikkje er fare for livet, og dei gjer lite eller svært lite undersøking i førekant av akuttvedtaka.

«Hjelpeorganet» skil søsken frå kvarandre eller hadde planlagt å gjere det, med den påstand om at det er «best for barnet» å få full merksemd ved å vere åleine. Eg har no berre nemnt nokre få dømer som eg kjenner til av Naustdal barnevern sine brutale metodar det siste året.

Når det gjeld Naustdal kommune, så har det storma veldig med reaksjonar angåande barnevernet sitt openbare maktmisbruk. Likevel høyrde vi ingenting frå verken ordførar og dei lokale politikarane. Dette undra eg meg over, at ikkje nokon av dei folkevalde stod fram i media med eit ønskje om eit betre barnevern.

Ei dame sa til meg; «Eg trur at heile Naustdal støtter søstera di og familien». Og vi i familien har verkeleg fått oppleve denne støtta som dama snakka om, både frå naboar, familie, venner og andre vi har møtt i kommunen.

Dersom ein lokalpolitikar hadde «kjend si tid» og uttalt seg i media at ein ønskte endringar i barnevernet, ville vedkomande ha hausta stor respekt og støtte. Difor rettar eg ein stor takk til Per Storegjerde, tidlegare ordførar i Naustdal for hans avisinnlegg. Etter fleire månader kom dagens ordførar på bana. Han sa til media at han ville ha ro og ikkje meir mas om barnevernet.

MENINGER: Vi skaper et bedre barnevern

Med andre ord feiar han all kritikk av barnevernet «under teppet» og gjer ingenting med problemet. Men samstundes er det forståing for at det ikkje er lett for ein ordførar å gå imot rådmannen, som har sagt at kommunen ikkje tar sjølvkritikk. Det hadde gjerne vore meir vist av ordføraren å ikkje uttale seg om saka i det heile.

Siste spørsmålet eg stilte i starten handla om barnevernet elles sin funksjonalitet. Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne ønskjer å stille strengare kompetansekrav til tilsette i barnevernet. Ho vil ha ein gjennomgang av barnevernlova med tanke på å få ei tidsriktig oppdatering.

Vidare snakkar statsråden om satsing på psykisk helsevern i barnevernet, styrking av det lokale barnevernet og betre samarbeid mellom barnevern og politi. Ein mann sa det så godt: «Barneminister Solveig Horne driv med lapping av systemet». Eg kunne ikkje ha sagt det betre sjølv, for det er akkurat det eg tenkjer når eg høyrer ministeren tale og det kritikarane seier.

Dessutan skjer det framleis akuttvedtak på svake grunnlag, motarbeiding av foreldre frå å samle familien og så vidare. Både i saka med tantebarna mine og mange andre saker konkluderer psykologar at barn er traumatiserte og redde for foreldra. Sanninga er at barna er glad i foreldra sine, lengtar heim og slett ikkje er traumatiserte.

Politiet sine metodar mot barn og foreldre er også under stor kritikk. Det same gjelder rettstryggleiken. Det er folk som meiner at det ikkje finst rettstryggleik i Noreg. Eit foreldrepar mista omsorgsretten i fylkesnemda i starten av dette året. I oktober vann dei med einstemmige dommarar i tingretten. Korleis kunne dei tape i første omgong? Rettstryggleik?

LES MER: Norsk barnevern under angrep

Om lovgjevinga til barnevernet seier professor i lingvistikk, Marianne Haslev Skånland: «Den har over flere år gått i gal retning, med stadige omdreininger av skruen som umyndiggjør foreldre og hindrer dem i å ha sine barn hos seg og beskytte dem».

Til slutt ynskjer eg å seie nokre ord om framtida til barnevernet. Då eg var med i Debatten på NRK i vår sa eg at det trengs endringar i barnevernet og endring i lovverket som regulerer barnevernet og rettssystemet. Når eg no ser at det kun skjer ei «lapping av barnevernsystemet» må det meir til for å få eit betre barnevern.

Søstera mi sa på eit tidspunkt om barnevernet: «Kor er kjærligheten?» Det er noko gale med grunnen barnevernet står på, og då tenker eg på menneskesynet og synet på familien.

Eit sunt barnevern har eit syn på at mennesket har uendeleg stor verdi og skal ikkje krenkast. Familien er det som byggjer opp samfunnet, og må difor vernast om med alle midlar. Når eg ser og høyrer om korleis barnevernet jobbar i dag; kor låg terskel det er for å krenkje ein familie med akuttvedtak, kor lett det er å miste omsorgsretten og kor vanskeleg det er å få tilbake barn som har vore i fosterheim over lengre tid, vil eg ikkje seie at barnevernet har eit riktig menneskesyn og syn på familie.

Og no har eg ikkje ein gong sagt noko om behandlinga foreldre og barn får av barnevernet i akuttsaker. Fleire rumenske familiar har fått høyre av barnevernet: «Her i Norge er det staten som eig barna». Dette synest eg stadfestar menneskesynet og synet på familie som eg ser finnast i barnevernet.

DEBATT: Kan vi ha tillit til barnevernet?

Eg har merka meg frå saka med søstera mi og familien noko som går igjen også i mange andre saker: barn får ikkje vere barn med alt dei seier, både fakta og fiksjon. Dei vert gjort ansvarleg for feile utsegn som ikkje vert retta oppi, og dermed får det katastrofale følgjer. Kan det tenkast at barnevernet er «utgått på dato», og noko nytt må starte opp?