KULTURARVEN: Sjølve kjernen i den europeiske kulturarven er kristendomen, skriv Kjell Arild Pollestad i dette innlegget.

Om «kvalitetsreform» og kunnskapsløyse

Den kulturarven som går attende til Homer og dei gamle patriarkane og profetane inneheld sanningar som me på lang sikt ikkje kan klara oss utan.

Eg hugsar eg tenkte då eg sat og omsette Homer: Kven skal lesa dette? Sjølv dei som driv med såkalla «litteraturvitskap» på universiteta les ikkje klassikarane lenger; i dei krinsar skal ein visst helst vera oppteken av amerikansk feministlitteratur for å gjera framgang i faget.

I mi studietid heitte faget ålmenn litteraturkunnskap, og var ei innføring i den store litterære tradisjonen, frå Homer til vår eiga tid. Dette var sjølve høgdedraga i det me kalla den europeiske kulturarven, som den høgre skulen skulle gje dei unge eit grunnlag for å taka imot og bera vidare. Me las ikkje Homer på gymnaset i mi tid heller, men han var ei stjerne på den kulturelle himmelen me levde under.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No skal alle ha såkalla «høgare utdanning».

På timeplanane for alle liner stod engelsk, tysk og fransk, og i det minste på språklina las me både Shakespeare og Goethe. Det var ikkje mange som kom særleg langt inn i det franske, men med tysken frå realskulen og gymnaset kunne me lesa tysk faglitteratur på universitetet. I teologien var det meste på tysk.

No skal alle ha såkalla «høgare utdanning». Det er sjølvsagt meiningslaust, for fleirtalet av dei unge har ikkje intellektuelle føresetnader for å ta imot den undervisninga me fekk i det gamle gymnaset, og endå færre er dei som har noko å gjera på eit universitet.

Det skjøna også politikarane. Difor ofra dei kunnskapsskulen for den gode saka at me alle skulle vera like. Det same gjorde svenskane før oss, til dels også danskane, men ikkje finnane.

Dei sa det sjølvsagt ikkje slik, politikarane. Heile prosjektet vart kamuflert under politisk korrekt «nyspråk»: Det vart kalla «kvalitetsreformer» og «kunnskapsløft». Gymnaset vart lagd ned, og me fekk ein «vidaregåande skule» for alle. Alt som kom etterpå vart «høgskular», og no har me i tillegg snart fått eit universitet på kvar knaus. Det er fleire professorar enn det før var lektorar, og akademiske grader vert knytte til yrke som ikkje høyrer heime på eit universitet.

Resultatet av den nye vankunna ser me kvar dag. Det var til dømes sjølvsagt før at NRK hadde korrespondentar i dei viktigaste europeiske landa, som tala språket og kjende tilhøva. No er det sjeldan dei er i stand til å intervjua ein tyskar på tysk eller ein franskmann på fransk.

Men verre er det at sjølve referansane er blitt borte, ikkje berre til den europeiske kulturarven, men også til den norske. I den herlege romanen Francis Meyers lidenskap skriv Henrik H. Langeland at universitetet «i kvalitetsreformens tidsalder» ikkje lenger er ein «intellektuell dannelsesinstitusjon», men ein «pubertal folkehøyskole». Den høgare utdanninga er lagd ned, særleg når det gjeld dei humanistiske faga, der den økonomiske vinninga ikkje så lett let seg rekna ut.

Det juridiske og det medisinske fakultet får visstnok framleis lov til å halda på krava til kunnskap og kvalitet, for også politikarane vil gjerne ha gode advokatar og verta lækte når dei er sjuke.

Sjølve kjernen i den europeiske kulturarven er kristendomen. Folk var kanskje ikkje meir truande for femti år sidan enn dei er no, men dei lærde på skulen kven Moses var, og kjende dei viktigaste bibelske forteljingane. Dermed fekk dei også ei slags forståing av kva ein religion er, og kanskje ein viss vyrdnad for religionsfridomen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sjølve kjernen i den europeiske kulturarven er kristendomen.

Den vankunna me no ser også på dette området, får stundom underlege følgjer, som då «barneombodet» gjorde framlegg om at jødane og muslimane ikkje burde få lov til å omskjera gutane før dei var femten år. Dei skulle ha «rett til å styra over eigen kropp».

På skulen lærde me at Jesus vart omskoren då han var åtte dagar. Me skjøna sjølvsagt ikkje dette ordet, og det låg i lufta at me heller ikkje skulle spørja. Det svara til dåpen hjå oss, sa læraren. Då skjøna me i det minste at dette for jødane var noko sjølvsagt, slik dåpen var det hjå oss på den tida.

Men det forstod ikkje «barneombodet». Han stod i lause lufta i høve til det religiøse, utan ankerfeste i nokon kulturarv. Han var ein moderne byråkrat, og skjøna ikkje at utspelet hans var verre enn om han i Noreg på 1600-talet, då folk var truande, skulle ha gjort framlegg om å forby barnedåpen.

For jødar og muslimar er omskjeringa av guteborn ei heilag handling som er grunnleggjande både for gudsforholdet og for deira eigen identitet. Her må sjølv byråkratar taka skoa av, og forstå at kulturarven er ulik under himmelen. Når ein kjenner sin eigen, får ein vyrdnad for andre sin.

Eg skulle ha teke bort hermeteikna i «barneombodet» sin tittel om han til fulle hadde gjeve borna full rett over eigen kropp, for då burde fyrste punkt på lista ha vore at dei alle hadde ein grunnleggjande rett til å verta fødde. Gutane blant dei ville nok tykkja livet var viktigare enn forhuda. Men om denne himmelropande uretten, som rammar fjerdeparten av alle ufødde her til lands, har «barneombodet» aldri hatt eit ord å seia.

Sjølv byråkratar må stundom taka skoa av, og forstå at kulturarven er ulik under himmelen. Når ein kjenner sin eigen, får ein vyrdnad for andre sin.

Det har derimot den kulturarven som går attende til Homer og dei gamle patriarkane og profetane. Her finst sanningar som me på lang sikt ikkje kan klara oss utan.