SAMLOKALISERING: Veljarane skal gjetast fram til urnene, når dei no likevel er ute for å røysta, skriv Egil Morland.

Bør mange delta i kyrkjeval?

Ordninga med val knytt til kyrkjehuset etter ei gudsteneste har vore brukt sidan det første soknerådsvalet vart halde i 1923. Dette spring ut av sjølve kyrkjeforståinga: Kyrkja er forsamlinga av dei truande, der ord og sakrament vert forkynt og formidla på rett vis.

Spørsmålet signaliserer ein politisk svært ukorrekt posisjon. Men den er ikkje min. Både i Dagen og Vårt Land skriv prof. Emer. Karl Øyvind Jordell at han «vet» at hvis Bønnelista og Frimodig kirke vinner fram, vil vi slippe strevsomme valgordninger. Og valgdeltagelsen vil synke til en tredel av hva den er nå. Det ser ut til å være det de to partiene ønsker.»

Direkte sagt: Dersom den gamle (les: den einaste gjeldande inntil svært nyleg!) valordninga vert fylgd, vil vi sleppe strevsame valordningar. Konsekvensen av dette er låg valdeltaking. Det er også det somme konservative bakstrevarar ønskjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kva er det som skjer? Jordell opprettar ein stråmann, nemleg ein tenkt motivasjon for eit standpunkt, i staden for å debattera sjølve standpunktet. Det er ein svært vanleg metode i offentleg debatt. Gevinsten er at hans eige standpunkt trer fram som etisk meir høgverdig enn motparten sitt. Og saka vert flytta over frå politisk (her: sakleg) prøving til moralisering.

Dermed kan han også innkassera ei rad honnørord på si side, utan å argumentera for det. Fremst mellom desse er ordet «demokratisk».

KANDIDAT: Egil Morland er 4. kandidat på Frimodig Kyrkje si valliste i Bjørgvin.

Den nye praksisen, der enormt mykje energi og ressursar vert brukt på å mobilisera flest mogleg av dei nominelle medlemene i kyrkja til valurnene, er for det første eit svært servilt svar til politikarane sine vilkår (!) for å sleppa kyrkja fri frå statens famn. Det kravet galdt eigentleg berre til 2013, men derifrå førte iherdige kyrkjepolitikarar med éi sak på dagsordenen, nemleg innføring av likekjønnsliturgi, saka og ordninga villig vidare.

Det skjedde trass i at innstillinga om det livssynsopne samfunnet, der leiaren for Open Folkekyrkje, Sturla Stålsett, også var leiar, klokkeklårt skreiv: «Utvalget vil på prinsipielt grunnlag konkludere med at det for framtiden ikke bør legges opp til at valg i Den norske kirke, eller noe annet tros- og livssynssamfunn, kobles sammen med de offentlige valgene, verken i form av samlokalisering eller felles tilrettelegging og presentasjon».

Men dette var, skamlaust, nettopp det som hende. Veljarane skal gjetast fram til urnene, når dei no likevel er ute for å røysta. Det undrar meg at ikkje andre enn Humanetisk Forbund og nokre spede røyster frå frikyrkjene ser kor prinsipielt uforsvarleg dette er!

Men når Open Folkekyrkje har fått det som dei vil, er det ikkje samfunnet, men kyrkja som er blitt livssynsopen.

For det andre skjedde endringa ved at Kyrkjemøtet tok seg til makt som eigentleg burde liggja anten til dei lokale sokneråda eller til bispedømerådet. Bjørgvin bispedøme var heilt usamd i den nye ordninga, der særleg direkte val til bispedømeråd og kyrkjemøte er det springande punktet.

Argumentasjonen følgde slike linjer:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det bør vera indirekte val til bispedømeråd og kyrkjemøte (gjennomgåande representasjon), der soknerådet og lokalkyrkja er basis. Når kvart medlem i kyrkjemøtet også sit i eit sokneråd, veit dei kor skoen trykkjer. Dei skal også setja vedtaka ut i livet. Frå fleire seminar i Kyrkjerådet hugsar eg spesielt at våre fremste valforskarar ikkje kunne seia at indirekte val er mindre «demokratiske» enn direkte. Heile sivilsamfunnet elles byggjer på indirekte val.

Ordninga med val knytt til kyrkjehuset etter ei gudsteneste har vore brukt sidan det første soknerådsvalet vart halde i 1923. Dette spring ut av sjølve kyrkjeforståinga: Kyrkja er forsamlinga av dei truande, der ord og sakrament vert forkynt og formidla på rett vis (lett omskrive etter CA 7).

Dette har det vore konsekvent argumentert for i heile den siste fasen av kyrkjereformer, like frå innstillinga «Same kyrkje – ny ordning» (1998-2002) til i dag. Her ligg også motivasjonen for ordninga. Men i staden for å referera tilgjengeleg dokumentasjon for denne opne motivasjonen, gjer Jordell krav på å kjenna den eigentlege: Lågare valdeltaking «ser ut til å være det de [to partiene] ønsker.»

Open Folkekyrkje har både pengar og propagandaapparat på si side. Kvifor oppnår dei då ikkje meir?

Så vil eg i alvor spørja: Kva er poenget med å framstilla 10-14 prosent oppslutning som «demokratisk»? Er det ikkje heller ein skandale? Open Folkekyrkje har både pengar og propagandaapparat på si side. Kvifor oppnår dei då ikkje meir? Burde dei kanskje skvisa sitronen endå meir, t.d. ved spesielt å oppmoda dei av kyrkja sine medlemmer som ikkje trur på Jesus, til å røysta?

Når skal vi alle bli meir opptekne av det valet som skjer kvar søndag enn av det som skjer kvart fjerde år? Det første kan faktisk gjera noko med kyrkja sin stilling i folket, det siste kan det slett ikkje.

Egil Morland er 4. kandidat på Frimodig Kyrkje si valliste i Bjørgvin.