FLYLKTNINGER: En polsk tjenestemann bærer et ikon av jomfru Maria under forberedelse til ortodoks bønn i et flyktningmottak i nærheten av Warszawa 25. mars.

Kva treng eigentleg folk på flukt?

Det verkar heilt usannsynleg og nesten provinsielt å tenkja at eit standard norsk utgangspunkt, som til vanleg plasserer åndelege behov som ein salderingspost i den einskilde sitt privatliv, er nok til å leva seg inn i kva type trøyst flyktningar treng.

Debatten om forkynning for folk på flukt, handlar dessverre ikkje alltid om kva flyktningane måtte ha behov for, men ofte om at mange i det sekulære Skandinavia både er ukomfortable og uvante med å tenkja på åndelege behov som noko fundamentalt menneskeleg.

For kort tid sidan fekk nokre kristne organisasjonar så hatten passa av kommentator i Stavanger Aftenblad, Solveig G. Sandelson. Utgangspunktet for artikkelen var grenseområdet ved ei av utfartsårene for dei mange fortvila ukrainarane som har fått sin heilt alminnelege kvardag bytt ut med ein opprivande, uoversiktleg og uviss situasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

BRAUT: Sofie Braut er lærar og skribent.

Nokre av organisasjonane som møter desse vil både vil hjelpa materielt og forkynna håpet i den kristne trua. Det provoserer både på kommentatorplass i Aftenbladet, men også langt utanfor hennar rekker.

Mange meiner det er heilt irrelevant å komma trekkande med tru når folk er i naud og krise, og for Aftenbladets kommentator verkar det også totalt unødvendig å forkynna kristentru i eit område som Ukraina, der eit overveldande fleirtal er medlemmar av eit kyrkjesamfunn.

Vidare karakteriserer Sandelson forkynning frå organisasjonar som Christ for All Nations (cfan) som både «steindumt», «egoistisk», «djupt uetisk», «arrogant» og «respektlaust». Karakteristikkane haglar, og til slutt sit ein att og lurer litt på kva det var som brast så høgt.

Det kan vera så mangt, og det kan sjølvsagt ha med måten organisasjonar som dette vel å profilera seg på. Dei er offensive, ambisiøse og har ei form som ikkje er typisk norsk, for å seia det slik. Likevel, blir ikkje artikkelen noko oppgjer med denne typen organisasjonar, men i staden ein kraftsalve mot tru som er noko anna enn litt glasur på toppen av alt det sekulære, ein touch åndeleg feelgood når livet røyner på.

I det norske åndelege landskapet har omvendingsforkynning blitt noko framandt og provoserande. Men det er vi som trur som må våga å ta til motmæle og setja lyd på at vi ikkje trur på slik åndeleg minimalisme. Verken for flyktningar eller for oss som bur trygt og godt. Vi treng alle ei tru som er meir enn litt ekstrautstyr på ein sekulær livsstil.

Når Aftenbladets kommentator ser ut til å villa skåna flyktningane for kristen forkynning får eg inntrykk av at ho formidlar eit noko eindimensjonalt syn på kven flyktningane er og kva sårbare menneske «eigentleg» treng. Er det så sikkert at dei mange millionane som i desse dagar flyktar vil ha eit slikt sekulært minstemål, og at dei ikkje treng noko meir enn å bli møtt materielt?

Det verkar heilt usannsynleg og nesten provinsielt å tenkja at eit standard norsk utgangspunkt, som til vanleg plasserer åndelege behov som ein salderingspost i den einskilde sitt privatliv, er nok til å leva seg inn i kva type trøyst flyktningar treng. Mange har erfart at livskriser er tider der trua vert noko heilt anna enn ritual og reglar, og der dei mange utbrota i til dømes Bibelen sine salmar, brått vert lindring og livbøye i ei levande tru.

Haldninga tru som kjem til uttrykk i artikkelen, verkar i det heile lite representativ frå eit perspektiv som faktisk tek tru på alvor. Hos Sandelson blir tru som ein karikatur av ein påtrengande predikant som berre masar om korleis alle andre skal leva livet sitt. Det er klart at det finst slike, men vi skal heller ikkje gløyma kor einsidig kulturen vår lærer oss opp til å tru at nærast all trusformidling er i denne triste gata.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Du skal ikkje lenger enn til siste sesong av den norske dramasuksessen Lykkeland, før du merkar korleis bedehus og kyrkje vert skildra som stereotype sjablongar. Når såg vi sist eit kristent miljø skildra på film utan at eitt eller anna skurra?

Det er heilt sjølvsagt at vi vert påverka av slik einsidig framstilling, men i staden for å sukka over kor gale alt er, bør vi også la oss utfordra av kulturelle kristen-sjablongar til å seia noko om at trusformidling er noko anna enn i trekka ei tvangstrøye over hovudet på flyktningar eller andre medmenneske.

Eit interessant drag ved Sandelsons artikkel, er korleis han ikkje omfamnar noko ateistisk perspektiv, men gjerne gir rom for allmennreligiøse idear, smular av salmevers og litt trøyst for tunge livsetappar. Vårt sekulære samfunn har ingenting imot litt lyddempa tru, som lar vera å utfordra på det som jo er utgangspunktet for forkynninga i evangelia: Vend om!

Nokre kjenner truleg at slik åndeleg minimalisme er nok. For mange forheld det seg likevel heilt annleis. Stilt overfor krig og andre eksistensielle trugsmål, vert ein slik pynteleg «religiøs» diett rett og slett ikkje nok.

Ein kan nemleg koma på utkikk etter Sanninga når det er løgn på alle kantar. Ein kan koma til å lengta etter den utimate rettferda, ja etter ein verkeleg overmenneskeleg dommar, når urettferda hopar seg opp på alle kantar, når heimen er rasert og familien spreidd.

Vi bør ikkje godta premissen om at ei subjektiv trøystetru utan referanse til sanning er betre enn anna tru.

For mange er det greitt nok med ein heimesnekra godmodig bestefarsgud som ser mellom fingrane og humrar litt likesælt. Men face to face med okkupasjonsmakt og krigsherrar er det også mange som lengtar etter eit endeleg oppgjer, som løftar blikket og ber om rettferd—og nåde.

Vi bør ikkje godta premissen om at ei subjektiv trøystetru utan referanse til sanning er betre enn anna tru. Det er åndeleg fattigmannskost- og flyktningane fortener langt betre enn slantane som er att etter eit åndeleg underslag.

Søren Kierkegaard, den briljante danske filosofen som grunnla eksistensialismen, peika på korleis «spidsborgeren», med sin vanetenking omkring kristentru, er den som gjer kristendommen til ein slags abc i moralisme, passe tilpassa tidsånda og gjeldande takt og tone.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ideane om tru og trusformidling som kjem til uttrykk i Aftenblad-kommentaren tek likeeins ikkje innover seg at kristen tru kan vera noko vesentleg og langt meir livsnødvendig enn den likesæle religiøsiteten som Kierkegaard alt før midten av 1800-talet tok eit oppgjer med.

Kierkegaard gjorde det å ta stilling til eit heilt avgjerande poeng for heile tilværet. Å forkynna sanning som ein må ta stilling til er ikkje eit overgrep- verken mot flyktande eller fastbuande menneske; det er tvert imot å ta på alvor heilt grunnleggande menneskelege behov. Det bør vera unødvendig å nemna dette sjølvsagt skal koma i følgje med omsorg for andre grunnleggande behov hos dei ein møter.