Har norske misjonærar gått ut på dato?

Vesten må driva misjon på ein billegare måte! Dette var ein av tinga Jason Mandryk og Molly Wall i Operation World nemnde då eg nyleg fekk høyre korleis dei vurderer framtida når det gjeld verdsmisjon.

Operation World er ein bønneguide og informasjonsressurs for misjon. Både bøker og nettsider inneheld gode data om den religiøse situasjonen i heile verda og kva trendar ein ser når det gjeld religion generelt og kristendom spesielt.

Den vestlege måten å drive misjon på er ganske kostbar. Misjonærane skal ha gode arbeidsvilkår, bra standard på bustad og misjonærborna skal ha god skulegang.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I år 1900 var 90 prosent av alle kristne i Europa og Nord-Amerika. I 1979 var det talet nede i 50 prosent, og i dag reknar ein med at om lag 76 prosent av alle kristne bur i Asia, Afrika og Latin-Amerika.

Det er i denne delen av verda det er mest vekking, og mange land som tidlegare var rekna som misjonsland, sender no ut mange misjonærar. Det gjeld for eksempel Brasil, Nigeria, India, Filippinene og Kina.

Av 16.600 folkegrupper i verda, reknar ein med at omtrent 6.700 enno er ganske urørt av evangeliet. Dette utgjer omtrent 3 milliardar menneske. Mange av dei unådde bur i Nord-Afrika, Midtausten og Asia.

Dette er område som er prega av usikker politisk situasjon og tøft klima. I mange av landa i dette området er ikkje kristne misjonærar velkomne. Dette er også land som ligg langt unna norsk kultur og kvardag.

Det er krevjande for nordmenn å slå seg ned her. Levestandarden for folk flest i desse landa er betydeleg lågare enn det som er vanleg i Norge. Tryggleiken og velferdssystemet me har i Norge er også fråverande.

Misjonærane frå det globale sør viser stor glød og har ofte ein kultur som ligg nærare folka som bur i landa der evangeliet er lite kjent. Dei er vane med å ha ein lågare levestandard og mindre utbygd velferdssystem.

Dei er vane med å klara seg med mindre pengar enn det vestlege er, og dei har også ein mindre oppsiktsvekkande hudfarge enn det kvite, vestlege misjonærar har. Fleire vestlege misjonsorganisasjonar tar konsekvensen av dette.

I staden for å sende ut vestlege misjonærar, støttar dei heller nasjonale kristne eller støttar misjonærar frå det globale sør, som er «billegare i drift». Ein får meir misjon for pengane ved å finansiere misjonærar frå det globale sør, i staden for å senda ut vestlege misjonærar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg trur at Mandryk og Wall har eit poeng når dei hevdar at Vesten må læra seg å driva misjon på ein rimelegare måte. Samtidig er eg overtydd om at dersom me sluttar å senda ut misjonærar frå Norge, vil me tapa mykje!

For det fyrste vil me overlate til andre det som er eitt av kjerneoppdraga i misjonsbodet, nemleg det å gå ut i verda med evangeliet. Me kan ikkje kjøpe oss fri frå kallets smerte ved å betale andre til å gå for oss.

For det andre vil ein slik måte å tenkje på forsterke skilnaden mellom vesten og resten. Avstanden mellom rike og fattige i verda veks. Det er ikkje ynskeleg at me som kristne støttar opp under dette.

For det tredje vil me gå glipp av mange impulsar frå kristne som opplever vekking og brenn for misjon. For det fjerde har norsk misjon verdifull kunnskap og erfaring som kan vera nyttig også for misjonærar frå det globale sør.

For det femte er det vel også slik at kostnadene som fylgjer med misjonærar frå Norge heng saman med lønsnivået til dei som sender dei.

I staden for at me skal betala andre for å driva misjonsarbeid på vår rekning, ynskjer eg heller at rike vestlege kristne kan gå saman med brennande misjonærar frå det globale sør.

I fleire av misjonslanda er norske utsendingar del av internasjonale team med store variasjonar i kva støtteordningar teammedlemmene har. Sjølv om dette er utfordrande, trur eg ikkje at løysinga er å slutta å senda ut norske misjonærar.

Norske kristne har framleis noko å bidra med i verds­misjonen, og ikkje minst trur eg at me som kristne i Norge vil tapa mykje velsigning på å ikkje senda ut misjonærar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så lenge haustens Herre framleis kallar misjonærar frå rike land, må vi kunne rekne med at Han ikkje synes at tida for norske misjonærar er over.