Slepp dei unge til

På talarstolen, der framme, stod eg. Heilt bak i salen sat ein som var for ung til å kallas ungdom. Han styrte lyd og bilde, på ein flott måte. Me hadde kvar vår oppgåve. Nokre hadde valgt oss til dette.

I radiostudio var me, utafor sat ein ungdom og styrte teknikken, på ypperleg måte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han var ung då han fekk til oppgåve å setja opp plakatar om møter rundt om. Seinare vart det ledaroppgåver.

No når eg er i alderdommen, kan eg minnas kor dei gamle sette oss unge til ymse oppgåver. Tillit vart vist. Dei såg ungdomane. Eg minnes dei som tok meg til sides og spurte om eg skulle ut og vitna, noko som stadesta den indre uro, det indre kall.

Ser me dei unge? Slepp me dei til ?

Ikkje til leder, men. Risikabelt, ja. Dristige var dei som sette oss til oppgåver i unge år. Me vart sette på prøve. Dei venta ikkje noko fullkomne og feilfritt, nei. Men dei som lytta var heller ikkje feilfrie.

«Dere vet at jeg er ikke egnet til å lede, men har satt meg til det, så dere slipper det», slik sa ho det. Nei, ikkje perfekt, men Herren bruka uperfekte til å peika på den perfekte. Leiaren skygga ikkje for bodskapen.

Ikkje sjeldan har Herren fått meg i tale gjennom ei ufullkomen opning av møte, ikkje perfekt ledelse, og ikkje A4-vitnemål. Det var berre så ekte, ekte, ikkje konstruert.

Det er ikkje perfekte folk som er tilhøyrarar, det er folk som er kjent med ting som ikkje alltid går slik ein hadde tenkt og ville. Dei er kvardagsmenneske som har meir kvardagar enn helger. Er alt perfekt, vert det noko framandt.

Ein fortalde om då dei i bygda fekk gjesting av ein gamal og ein ung emissær. Dei vart forskrekka over den unge, og at dei kunne senda ut slikt.Tenkte å ta kontakt med kretskontoret, at dei måtte ikkje senda ut slikt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg vart gjort til skamme, fortsette han. Denne unge vart ein av dei som Gud har fått bruka mykje til signing.

Kor mange har ikkje blitt frelst ved at Herren har bruka ufulkomne redskap. Dei fekk vitna om Herren og skygga ikkje for Han, men kom i skuggen.

Eg har opplevd å spørja om ei oppgåve, og fått nei, men og takk for at dei vart spurd.

Då eg var ung, var der mange eldre som gjennom samtalar og vitnemål var meg til mykje hjelp. Dei var det dei var. Læresveinane var ikkje perfekte , men dei kjente Jesus. Dei vart gjort til menneskefiskarar av Han.

No får eg i alderdammen mykje av uperfekte, ekte ungdommar som vitnar, leiar, som kjenner Jesus, har kontakt med Han.