IKKJE DUMT: Hove sitt argument frå jødisk pinsefeiring er slett ikkje dumt, men det føreset at skikken på 1500-talet er den same som i det første hundreåret, skriv Ingunn Aadland (biletet)

Eit forsvinningsnummer?

Odd Sverre Hove synest å meina at verken Maria, Jesu mor, eller andre kvinner kan ha vore til stades då Anden vart aust ut pinsedagen.

Bakgrunnen for Hove si meiningsytring (Dagen 2. juni) var eit intervju eg gav til KPK i tilknyting til pinse (22.05).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Javisst, kvinnene «forsvinner» pinsenatt

Hove meiner at den som har kunnskap om jødisk pinseskikk vil sjå at Lukas i Apg 2,2–4 faktisk ekskluderer kvinnene.

Hove bruker rabbinske kjelder frå mellomalderen om mannleg nattevåk og lovstudium som ein nøkkel til å tolke Apg 2.

Hove sitt argument frå jødisk pinsefeiring er slett ikkje dumt, men det føreset at skikken på 1500-talet er den same som i det første hundreåret. Det er eit interessant perspektiv han legg på teksten, men det har også ei slagside.

For kva ser vi for oss når vi les Apg 1,13 om den staden der dei var samla? Lukas fortel at dei var i eit hus på pinsedagen. Hove ser for seg ein synagoge. Det var ingen synagoge i Jerusalem den gongen.

Ideen om at mennene skulle samlast til lovstudium, medan kvinnene gjekk heim, slik Hove foreslår, blir difor ein anakronisme.

Verken eg eller Hove kan koma bak teksten for å finna ut kva som verkeleg hende i Jerusalem 50 dagar etter påskenatta.

Det er heller ikkje mitt siktemål. Eg har undersøkt den kulturelle forteljinga, altså den pinseforteljinga som gjer seg gjeldande i vårt felles kulturelle minne.

For korleis ser vi for oss pinseunderet, når vi fortel om dette til våre barn? Eller når vi utlegg teksten frå preikestolen?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då Albrecht Dürer laga bilete i tre av pinsa (1509/1510) var det med Maria i sentrum. Heilt i tråd med tradisjonen. Dette er også formidla i dei nyare glasmåleria i slottskyrkja i Wittenberg.

I Luther sin Betbüchlein (1529/45), som inneheld illustrerte bibelstykke, er Maria med på både Kristi himmelfart og pinsedagen. For reformatoren var det utenkjeleg at ho ikkje var der.

Luther var sjølvsagt informert av sin eigen kultur der Maria spela ei sentral rolle, men han hadde også studert Lukas si framstilling av Maria, som ifølge Luther gjer Maria til ein apostel over apostlane.

For den som leiter etter skriftbelegg kan dei små notisane i Joh 19,27 og Apg 1,14, synast å belegge at Maria nettopp heldt i hop med dei andre læresveinane.

Den kulturelle pinseforteljinga er ikkje ein statisk storleik. Då Gustav Doré teikna pinseunderet (1864), teikna han Maria saman med dei tolv, slik som har vore vanleg i kyrkjekunsten.

I samtale med KPK sa eg at det kan sjå ut som om Maria og dei andre kvinnene har forsvunne ut frå forteljinga vår.

For mange er ikkje medvitne om at dei er nemnt av Lukas. Eg vil meina at denne gløymselen er påfallande.

Eg kan vere samd i at Lukas er medskuldig i det Hove kallar eit forsvinningsnummer. For omtalen av kvinnene er knapp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og lesinga må vere velvillig for å vere inkluderande. Men teksten har fleire hint som peiker i retning av at kvinnene nettopp var der, enn det motsette.

Kvifor ville Peter sitere Joel om Anden som vert aust ut over søner og døtre, unge og gamle, dersom skrifta nettopp ikkje var oppfylt?

Vi veit lite om jødisk pinsefeiring i det første hundreåret. At den er viktig, skjønar vi. Det er riktig at Moselova omtalar pinsen, men den seier lite om korleis sjølve sjavout skulle feirast.

Praksisen om lovstudium gjennom natta er naturleg nok ikkje nemnt i Moselova, men har kome til etter kvart.

Eg og Hove er samde i lesinga av Apg 1–2,1, som antydar at alle, kvinner og menn, var samla.

Vi kan også vere samde i at Lukas sjølv ikkje gjer eit poeng av at Maria er til stades ved pinsedagsunderet. Men har vi i Apg 2,2 eit bevis for ein jødisk pinseskikk med berre menn til stades?

Nei. For meg er det snarare eit poeng at Peter sin tale om Joels profetord vart oppfylt, i og med pinseunderet.

Så må eg tilbake til det som var mitt poeng. Korleis ser vi for oss pinsa? Korleis fortel vi om pinsa til våre barn?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg tenkjer det er uheldig om vi gløymer, eller overser kvinnene. Men det er verre om vi medvitne tolkar kvinnene ut av både historia og forteljinga.