VERDIAR: Eg meiner Knut Arild (Hareide) kan stå med rak rykk i valet og seie at partiet som er opptekne av kristne verdiar er KrF, skriv Mai Lene Fløysvik Hæåk.  Foto: Audun Braastad, NTB scanpix

Heilskapleg politikk inspirert av kristne verdiar

fredag 11. august 2017

Samfunn

Debatten om kristne verdiar i politikken manglar ein mellomposisjon. Ikkje alle som bygger politikken sin på religion blandar religion og politikk slik enkelte hevdar.

Det er mykje snakk om kristne verdiar for tida. Det starta med ein diskusjon mellom Knut Arild Hareide og Sylvi Listhaug i VG: Kva parti bør ein stemme på om ein er oppteken av kristne verdiar. Så gjekk Vedum ut i NRK og gav uttrykk for at han ikkje ville kaste seg inn i kampen om kristne veljarar. Han åtvara òg mot å blande religion og politikk.

LES: Velgerne mener Hareide bedre representerer kristne verdier enn Listhaug

Eg er glad for at Vedum ikkje kastar seg inn i ein kamp om kristne veljarar, men ikkje fordi eg trur at det kan gi fleire veljarar til KrF. Eg trur Vedum i likskap med meg ser at det blir noko krampaktig over det når parti som til vanleg ikkje har ein ideologi basert på kristendommen skal prøve å vinne veljarar på grunnlag av kristne verdiar.

Kva han meiner derimot med «blande religion og politikk» er eg litt meir usikker på. Viss han meiner at ein ikkje skal bruke politikk for å regulere forholdet ein person har til Gud, eventuelt ikkje har til nokon Gud, er eg samd. Det er ikkje opp til politikarane å seie om nokon er frelst, om nokon følger dei ti bod eller for den saks skuld ber fem gonger om dagen.

Det politikarar likevel kan gjere er å bygge politikken sin på verdiar med grunnlag i religion. Me kan la oss inspirere til å bygge eit samfunn kor verdiar frå Bibelen får vere avgjerande for politiske vedtak. Det er det Kristeleg Folkeparti gjer.

Den kristne trua består av to relasjonar: Relasjonen til Gud og relasjonen til medmenneska. Relasjonen til Gud er ikkje noko politisk. Ingen kan føre ein politikk berre for dei som er frelst, og ingen kan krevje at nokon skal ha ein relasjon til Gud.

LES OGSÅ: Mener religion blir kidnappet av populister

Relasjonen vår til medmenneska våre derimot handlar ein del om politikk. Ein stor del av måten me interagerer med kvarandre på er regulert politisk. Denne politikken kan vere inspirert av kristne verdiar.

Likevel meiner eg at ein føresetnad for at politikk inspirert av kristne verdiar skal vere vellukka er at politikken er bygd på ein heilskap. Den kristendemokratiske ideologien er eit døme på dette.

På andre sida kan me sjå politikarar som bruker kristne verdiar i enkeltsaker for å trekke til seg veljarar. Ein politikk kor kristne verdiar berre blir trekt fram akkurat når det passar er ikkje ein politikk basert på kristne verdiar. Det er vêrhanepolitikk.

Det er vêrhanepolitikk når Sylvi Listhaug snakkar om at innvandring kan truge kristne og norske verdiar og bruker dette som argument for å ikkje ta i mot fleire. Ho bruker det fordi det gagnar henne og hennar politiske standpunkt.

Kor vart snakket om kristne verdiar av då Frp i Oslo føreslo politikk som hadde ført til at Listhaug ikkje kunne gått med korset sitt om ho var tilsett i Oslo kommune? Kor vart snakket om kristne verdiar av då Frp stemte for fosterreduksjon og sa ja til aktiv dødshjelp, eggdonasjon og tidleg ultralyd i programmet sitt?

LES: De advarer mot å misbruke religion i valgkampen

Eg meiner Knut Arild kan stå med rak rykk i valet og seie at partiet som er opptekne av kristne verdiar er KrF. Me er opptekne av heilskapen, og all politikken vår har grunnlag i ein kristen­demokratisk ideologi.

Når me seier ja til fleire lærarar er det fordi me trur alle menneske fortener å bli sett fordi dei har eit ibuande menneskeverd. Når me seier nei til å konsekvensutrede Lofoten, Vesterålen og Senja, er det fordi me trur me har eit ansvar for å forvalte jorda.

Og når me seier at me vil hjelpe flyktningar både der dei er og her i Norge, er det fordi me har ein politikk bygd på nestekjærleik. Menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er alle verdiar inspirert av kristen tru.

Vebjørn Selbekk: Den tause majoriteten har begynt å snakke

Politikk kan byggast på kristne verdiar utan at det er blanding av religion og politikk, men å bruke kristne verdiar i enkeltsaker fordi det passar blir berre krampaktig.