Ytringsfridom og ytringsetikk

I samband med ytringsfridomen har nokre lansert ordet «ytringsansvar» som eit uttrykk for korleis ytringsfridomen bør brukast.

Ikkje alle likar dette omgrepet, fordi dei opplever det som ei innsnevring avytringsfridomen. Eg kan forstår det, særleg om ansvaret her vert kopla opp mot dei valdelege reaksjonane som har kome på kritiske ytringar, og at ein har ansvar for desse – somVebjørn Selbekk vart skulda for ved trykkinga av karikaturteikningar i 2006.

Samstundes finn eg ordet nokså sjølvsagt, fordi vi alltid må handla med ansvar. Det kan likevel vera betre å tala om ytringsetikk, fordi alle våre haldningar og handlingar må underleggjast ei etisk vurdering.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I boka «Fryktens makt» fokuserer Selbekk på «frihet eller taushet i terrorens tid». Eg har stor respekt for Selbekks kamp for ytringsfridomen, og eg er imponert over måten han og familien har takla eit utal drapstruslar på. Eg skulle likevel ønskt at Selbekk gjekk djupare inn i dei etiske sidene ved ytringsfridomen.

Boka her ein tankevekkande gjennomgang av det som har skjedd knytt til ytringsfridom og terror dei siste ti åra, men ho er grunn når det gjeld etisk refleksjon. Det er ein tendens til at ytringsfridomen får ein posisjon som gjer han uavgrensa og skjerma frå all kritikk. Det kan ikkje vera rett, aller minst kristent sett.

Det vert feil om det er frykta som set grenser for ytringar. Det er det etikken som skal gjera. Då Dagen i 2006 sa nei til å trykkjaMuhammed-karikaturane, var det heilt uavhengig av frykt. Det var eit prinsipielt standpunkt som vart teke før det kom valdelege reaksjonar. Den islamske valden var faktisk eit argument for å trykkja teikningane, fordi denne avslørte islamismens vesen. Frykt er ikkje alltid det som bestemmer bruken av ytringsfridomen i møte med vald.

Det mest grunnleggjande i ytringsetikken er forholdet til det åttande bodet. Korkje journalistikken eller ytringsfridomen kan overstyra Guds bod. Karikaturar er i seg sjølv ofte problematiske i høve til dette bodet, fordi dei overdriv slik at dei ofte lyg. Det ser vi tydeleg i antisemittiske karikaturar.

Ytringar kan også vera problematiske i høve til det femte bodet. Jesus gjer klart at vi kan drepa med ord (Mat 5.21f). Bibelen talar både om at alt skal tåla lyset, og om at kjærleiken skjuler ei mengd med synder (1Pet 4.8).

Dette er aktuelt med tanke på der folk har teke sjølvmord etter karakterdrepande journalistikk og bruk av ytringsfridomen. Det er ingen bibelsk rett å krenka folk, og med det er ein argumentasjon for at det kan skje i ytringfridomens namn, i strid med kristen etikk. Ytringsfridomen vert også aktualisert i samband medblasfemi, men då må vi hugsa at nei til blasfemi, er for å verna om mennesket, ikkje om Gud.

Den mobbinga vi arbeider mot blant unge, særleg i skulen, må vi ikkje tillata i ytringfridomens namn blant vaksne i media.