SAMLA: Knut Arild Hareide er etter mi vurdering KrFs største mannlege politiske talent i nyare tid etter trioen Kjell Magne Bondevik, Jon Lilletun og Dagfinn Høybråten. Han står i ein svært krevjande situasjon der han skal samla folk som dreg i ulik leid - og med kristne aviser som gjer alt dei kan for å undergrava for å trekka i kvar si retning, skriv Karl Johan Hallaråker.

Historia om KrF og ekteskapet

Dei som trur at nokon andre kan erstatta KrF, er eg redd ein dag kan vakna til ein trist dag.

Jon Kvalbein og underteikna har samanfallande vurdering om ekteskapet mellom mann og kvinne som grunnleggande samfunnsordning forankra i Bibelen. Vi har stått saman i denne kampen gjennom mange år.

Tida er visseleg ikkje kommen for å avslutta engasjementet. Artikkelen hans i Dagen måndag 3. sept. gjev meg høve til å ta fram følgjande.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kvalbein er til vanleg flink med fakta. Denne gongen skulle eg ønskt at han hadde teke med ein grundigare faktasjekk. Han siterer meg frå ein avkorta kommentar til den omtalte vigsla i KrF-samanheng. Straks eg las avisa, skreiv eg inn ein artikkel på VL Verdidebatt.

Der ser ein kva eg sjølv har sagt. Eg forstår den personlege sida. Men vigsla var prinsipielt ikkje rett og strategisk ikkje klokt. Om argumentasjonen om å skilja teologi og politikk ut frå to-regimentslæra seier eg at begge regimenta er Guds regimente.

Det er viktig å skjelna, slik at ein ikkje let politiske parti blanda seg inn i trussamfunn slik til dømes Arbeidarpartiet - og andre - har hatt lang tradisjon for. Ei heller at teokratiske tendensar skal styra politikken.

Men KrF er langt frå teologilaust - heile partigrunnlaget og mange konkrete standpunkt botnar i teologi - utan at eg kan ta meir inn her. Ekteskapet mellom mann og kvinne er forresten ei samfunnsordning og ikkje ei menighetsordning.

Også presten vier som samfunnet sin representant. Med den andre hatten ber, forkynner og velsignar han/ho. Så legg eg til - etter mi vurdering bør vi med forklaringane som har komme i etterkant, ikkje overtolka dette. Det tener ikkje vårt syn på ekteskapet.

Kvalbein si attgjeving av landsmøtet i 2013 om ekteskapssynet vil særleg gleda to grupper - dei som finn hjelp til å kritisera KrF, og dei som prøver å endra partiet sitt standpunkt. Men framstillinga er historielaus. Orsak at eg blir personleg i det følgjande.

I papira vi fekk til landsmøtet var ekteskapet mellom mann og kvinne teke med i programmet for komande periode - 2013-17. Som leiar i Bergen og medlem av fylkesstyret i Hordaland føreslo eg som landsmøtedelegat at dette også måtte med i ideologikapitlet om vi meinte det prinsipielt, og ikkje berre taktisk p.t..

Eg gjekk på talarstolen i landsmøtet etter at dåverande nestleiar og leiar av programkomiteen hadde lagt fram sitt forslag. Dei andre som hadde ordet, gav meg også støtte, mellom andre Ann Kathrine Skjørshammer, Oslo.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Programkomiteleiaren kom då med følgjande svar - mitt forslag var litt for omstendeleg formulert, difor hadde ikkje programkomiteen, landsstyret og stortingsgruppa teke det med i si innstilling, men la ho til - ho var prinsipielt samd med meg.

Då tok eg sjølvsagt ny replikk, og eg har det i mine notater: «Dirigent, er det slik at vi prinsipielt er samde om at ekteskapet er ordning mellom mann og kvinne, bed eg om ein kort pause, så fiksar vi ordlyden.»

Dirigenten svara spontant ja. Eg har vel og vore så mange gonger på ein talarstol, at eg kjende straks at eg hadde forsamlinga med meg. Eg skal medgje at formuleringane kunne vore langt betre enn det som hurtig skjedde der og då. Men det er vanleg praksis at forarbeidet må vera fremste tolkningsinstans.

Difor er det heilt klart at det landsmøtet i realiteten vedtok er at ekteskapet mellom mann og kvinne er KrF sitt ekteskapssyn verna med 2/3 fleirtal som lovene krev. Då eg etterpå blei valgt inn i sentralstyret med flest stemmer, tek eg det også som stadfesting på desse fakta.

Eg legg så til - for at det ikkje skulle bli historielaust, skreiv eg etter landsmøtet eit notat om saka. Det er arkivert både i fylkesstyret i Hordaland og i sentralstyret slik at ein ikkje kan fortelja historia utan dette.

Dette notatet blei brukt på valboder rundt i landet ved stortingsvalet den hausten. Eg fekk også mange meldingar frå folk som var takksame.

Notatet blei også sendt media, men det var visst ikkje av interesse. Det passa truleg ikkje inn i verdensbiletet til synsinga til VLs politiske redaktør, ei heller hos avisene i Bergen. Selbekk brukte derimot seinare som personleg angrep på meg i ein kyrkjeleg samanheng - at starten på mitt forfall var at eg ikkje røysta for vedkjenningsparagrafen 2013! Kredit for ekteskapssaka var ikkje så viktig.

Landsmøtet 2013 hadde altså to viktige saker i tillegg til partiprogrammet og ekteskapsspørsmålet. Det var verdiparagraf i lovene og spørsmålet om vedkjenningsparagrafen. Det er rett at eg røysta for det første. Eg gjentek forklaringa her.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg såg i utgongspunktet ikkje grunn for å ta bort vedkjenningsparagrafen. Det var inga vinningssak. Men mi grunngjeving for å ha den med vidare (den er ikkje så opphavleg som Kvalbein skriv) var at paragrafen var eit signal om bredde i KrF der folk frå høgre til venstre på økonomiaksen samla seg om noko meir grunnleggande som innfallsvinkel til politikken.

Som vern om gode standpunkt var den ikkje eigna med dei store sprik i teologiske spørsmål. Det ville vera for meg å stikka hovudet i sanden. Paradoksalt meiner eg faktisk at å byta vedkjenningsparagraf med verdiparagraf gjorde partiet smalare og ikkje breiare!

Verdiparagrafen med bibelsk forankring som kom i staden var noko heilt anna enn det som var utgongspunktet for dei som mest ivra for fjerning. Her var nok eg berre med i baktroppen. Dåverande fylkesleiarar i Hordaland, Kristian Helland, og Rogaland, Olaug Bollestad, gjorde eit kjempearbeid.

Røystinga i i 2013 var berre ei stadfesting for avklaringa i 2011. All ære til dei som gjekk ned med flaget til topps også i 2013. Men eg valde ut frå realitetane heller å arbeida for at verdiparagrafen blei så god som han blei.

Så må eg ta med ein kort kommentar til skytinga mot partileiaren som eg ser i fleire samanhengar. Sjølvsagt har han stort ansvar som partiet sin øvste tillitsvald. Men eg må tilstå at mitt indre kjennskap fortel at det er ikkje han som er partiet sitt problem.

Knut Arild Hareide er etter mi vurdering KrFs største mannlege politiske talent i nyare tid etter trioen Kjell Magne Bondevik, Jon Lilletun og Dagfinn Høybråten. Han står i ein svært krevjande situasjon der han skal samla folk som dreg i ulik leid - og med kristne aviser som gjer alt dei kan for å undergrava for å trekka i kvar si retning.

Nå treng både partileiing og stortingsgruppe/rådgjevarar all støtte. Dei står i ein krevjande kamp for kristne verdiar kvar einaste dag der motkreftene er formidable. Dei som trur at nokon andre kan erstatta KrF, er eg redd ein dag kan vakna til ein trist dag.

Les også
KrFs kulturliberale vending
Les også
Hareide og KrFs endrede ekteskapssyn
Les også
KrF, ekteskapet og Tomas Moltu
Les også
Kristeleg Folkeparti i krysspress
Les også
Reagerer på at KrF-topp viet lesbisk par