FOLKEMUSIKK: Dansarar og musikarar opptrer for turistar på Norsk folkemusum på Bygdøy. Felespelaren Hallvard T. Bjørgum meiner med stat og kyrkje må be om orsaking for måten folkemusikken er handsama på ned gjennom historien.

Folkemusikar krev kyrkjeleg unnskyldning

Felespelaraen Hallvard T. Bjørgum meiner folkemusikken har vore utsett for «talibansk» kulturvandalisme. – Kristenfundamentalismen knebla dugande musikarar, seier han.

– Tatarane har fått ei unnskyldning, og samane har fått ei unnskyldning. No er det folkemusikarane og spelemennene sin tur til å få ei slik offentleg erkjenning av uretten dei har lidd, seier Bjørgum.

VIDEO: Se presten rappe og konfirmantene danse

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sjølv om folkemusikken har langt betre kår i dag, vil han ikkje lenger glatte over historia, slik folkemusikarane gjerne har gjort når dei i seinare år har sleppt til i kyrkjene.

– Det var jo « Taliban» den gongen. Om ikkje i gjerning, så var det talibanske ytringar og religiøs fundamentalisme som rådde. Og det har halde på heilt fram til det siste.

Dobbel-cd-trilogi

Oppgjeret tar han i tekstheftet til første delen av ein ny dobbel-cd/dvd-trilogi med musikk etter faren, den legendariske spelemannen Torleiv H. Bjørgum (1921– 1990) frå Hylestad i Setesdal. «Bjørgumspel Vol. II. Taddeivs Minne 1» har i tillegg til nye innspelingar, som Hallvard Bjørgum har gjort saman med lærlingen Daniel Sandén-Warg, halvannan time med filmmateriale om og med faren og dei eldre førebileta og læremeistrane Knut Jonson Heddi (1857– 1938) og Andres K. Rysstad (1893-1984).

– Eg vil ta eit oppgjer med denne kristenfundamentalismen, som har ført til så mange personlege og åndelege tragediar. Mange utøvarar vart knebla og fekk ikkje utløp for kunsnartronga si på andre måtar enn gjennom songar, salmar og stevtonar, altså religiøst fundamentert musikk. Verdsleg musikk var direkte bannlyst, fortel Bjørgum.

Felebrenning

Motstanden mot folkemusikken fekk òg meir brutale uttrykk som felebrenning og – knusing, men elles måtte den som spelte til dans, rekne med å bli frosen ut av det gode selskap. Læraren Knut Heddi måtte til dømes slutte i skulen på grunn av felespelet sitt. Lærlingen hans, Andres T. Hovet, skal for det meste ha halde spelet for seg sjølv på sine eldre dagar, heilt opp til 1980-talet, på grunn av presset frå bedehusfolket.

LES: Bjørn Eidsvåg føler seg misbrukt av Pegida

Torleiv Bjørgum opplevde i si tid å sjå kvinner og jenter i Setesdal dra skauta ned over auga og springe når dei såg snurten av ei fele. Slik var det i mange andre bygder òg.

– Dette førte til at somme distrikt og heile dalføre, slik som nabodalane til Setesdal – Fyresdal i aust og Sirdal i vest – mista folkemusikktradisjonane sine. Tradisjonen vart komplett utradert og døydde vekk, og det er eit tap som det ikkje er mogleg å restaurere eller rekapitulere. Det som er borte utan spor, det er borte, seier Bjørgum.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Takka vere setesdølar som på 1800-talet var over i Fyresdal og gjekk i lære hos spelemannen Petter Veum, har rett nok delar av fyresdalsspelet levd vidare i Setesdal.

Biskop vil lytte

Biskop Atle Sommerfeldt i Borg ler først litt når han høyrer Bjørgums samanlikning med Taliban, men vil likevel ta utfordringa alvorleg.

– Eg tek gjerne imot ein litt meir grundig presentasjon av kva ein meiner er historia og korleis ein har opplevd at kyrkja har avgrensa folks kunstnarlege utfalding. Det er ikkje tvil om at kristelege røyster i møte med både kunst, kultur og mykje anna har opptredd med stor uforstand og fordøming. Det er all grunn til å markere at det er uttrykk for menneskeleg svikt og ikkje kyrkjas lære, seier Sommerfeldt til Dagen.

DANSER: Sliten av å svare om Israel

Samstundes meiner han ein må ha respekt for at ein del av markeringane er skjedd i ein kultursituasjon der folkemusikken av mange var forbunden med ein festkultur som inkluderte slåsting, overdriven rusbruk og overgrep mot kvinner og born.

– Som så ofte skjer det då at ein skyt på pianisten i staden for komponisten, seier Sommerfeldt.

Mor hans var fiolinist, med røter i Fjærland i Sogn.

– Eg har ikkje hatt ein oppvekst med motstand mot folkemusikk, heller ikkje den som ikkje var religiøs, seier biskopen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skepsis til synth

Folkesongar Sondre Bratland, som har arbeidd med både kyrkjeleg og allmenn folkemusikk, påpeikar at kyrkja alltid har vurdert kva som skal brukast i kyrkjeromet.

– Når ein skal velje tekst og musikk, har organisten hatt eit ansvar, og utøvinga av dette har variert veldig frå stad til stad, seier Bratland til Dagen.

For 30 år sidan kunne han sjølv oppleve at folk somme plassar var kritiske til at det skulle nyttast synthisizer på konsertane hans, men generelt synest han ikkje det har vore særleg motstand mot å ta folkemusikk inn i kyrkjeromet.

– Eg har møtt situasjonar der organist og sokneråd ville at eg skulle gjere greie for kva tekstar og musikk eg skal framføre, seier Bratland.

Det synest han er greitt. Samstundes trur han det har vore eit skilje mellom vokal og instrumental folkemusikk.

– Det er klart at for mange har hardingfela vore eit djevelsk instrument, som det ikkje høver å bruke i kyrkjeromet, men det var før mi tid, seier songaren.

Utfordringa frå Bjørgum til kyrkja synest han ikkje det er naturleg å kommentere.

– Det er det betre at kyrkja gjer sjølv, meiner Bratland.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Motpolar i rørsle

Kravet frå Bjørgum møter ikkje forståing hos Harald Myklebyst, som er tidlegare folkehøgskolerektor, bibelskulelærar og høgskulelektor i musikk ved NLA Høgskolen. Myklebust har brei erfaring frå musikklivet i bedehusland.

– Dette er å gå altfor langt i det kulturelle mangfaldet som til alle tider har hatt meiningsfellar og motstandarar. Kvar tid har hatt motpolar, og som dei magnetiske polane flyttar på seg, så gjeld ikkje det minst i den kulturelle og kyrkjelege geografi. Å kalle slikt for fundamnetalistiske og talibanske tilstander, er å seie at meiningsretten må avgrensast. Er det det vi vil, spør Myklebust.

Å samanlikne med oppgjeret kyrkja har teke med haldningane til og handlingane overfor tatarar og samar, synest Myklebust ikkje om. Han meiner spenningane om kulturuttrykk dreia seg om uro og frykt om kva som er oppbyggjeleg eller nedbrytande, og at dette ikkje er utprega religiøst.

– Når det gjeld folkemusikken generelt, så har han til alle tider berika vår nasjonalkjensle, det vere seg i kyrkje og kristenliv, som i kultur- og samfunnsliv. At ikkje alt vart godteke, men sila ut», for så seinare bli sett på som ein rikdom, den vesle tidsventilen må vi ha, og aktive utøvarar rekne med, seier Myklebust.

Sjølv vaks han opp med slike spenningar, men opplever at dette har gjort han meir medviten på kva han ville med musikken sin.

Folkemusikk-messe

Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin har sterk kulturinteresse og har sjølv delteke under folkemusikkmesse i Hardanger og fleire andre gudstenester med folkemusikalske innslag.

– Eg har til og med opplevd Røros–pols i midtgangen, og det er noko av det flottaste eg har opplevd i ei kyrkje, seier Nordhaug.

Som kollega Atle Sommerfeldt opplever han at Bjørkums samanlikning med Taliban er svært sterk. Nordhaug minner om at mange har forbunde folkemusikken med fyll og grenseoverskridande åtferd.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det har dessverre ført til at ein har kasta barnet ut med badevatnet, seier Nordhaug.

Ei formell orsaking ser han likevel ikkje behov for.

– Kven skal denne i så fall rettast til? Det er meir grunn til å beklage generelt at kyrkja ikkje har vore open nok for folkemusikken, men samstundes understreke at dette er mykje annleis i dag, seier biskopen.

Førsteamanuensis Anne Haugland Balsnes ved Ansgar Teologiske Høgskole påpeikar at det i dag er mindre vanleg å stengje sjangrar og instrument ute frå kyrkja enn det var tidlegare.

– Ein opererer ikkje lenger med teologiske argument for kva musikk som passar i kyrkja. Det er meir funksjonelle argument som vert trekte fram, seier Haugland Balsnes.

Taddeivs Minne

«Bjørgumspel Vol. II. Taddeivs Minne 1», Sylvartun Folkemusikk 2015. Andre del av ein serie utgivingar med dokumentasjon av musikken etter Torleiv «Taddeiv» Bjørgum og den første av tre dobbeltalbum med musikk og filmdokumentasjon.

Hallvard T. Bjørgum (f. 1956), folkemusikar frå Nomeland i Setesdal, son av spelemannen Torleiv H. Bjørgum (1921-1990).

Daniel Sandén-Warg (f. 1977), folkemusikar frå Karlstad i Sverige, flytta til Setesdal i 2000 for å lære seg setesdalsmusikken.

Bjørgum og Sandén lanserer «Taddeivs Minne 1» med konsertar i Oslo 27. mai og på Hylestad Soknehus i Setesdal 29. mai. Der blir det òg framvising av dvd-filmen, mellom anna med eit NRK-intervju med Knut Heddi frå 1938.

Setesdal spelemannslag feirar 19. juni arven etter Taddeiv med ein eigen festkonsert i forkant av den tradisjonelle Setesdalskappleiken.

Kjelde: NPK

Les også
Let my people go
Les også
Væpnede menn angrep konsert i Kabul
Les også
Norge og Israel til Eurovision-finalen
Les også
Se presten rappe og konfirmantene danse
Les også
Countryartisten Liv Marit Wedvik (45) er død