NEKTA JOBB: Ellinor Grimmark vart nekta jobb på tre sjukehus og fråteke studentløn som ho først hadde fått innvilga. Grunnen var at ho reserverte seg mot å utføre abortar.

– Godt å få fram sanninga

Avdelingssjefane som stengte Ellinor Grimmark ute frå jordmorstillingar, møtte henne denne veka i tingretten.

Onsdag forklarte Grimmark seg i tingretten i Jönköping.

– Jordmoryrket er det beste i heile verda, forklarte ho på spørsmål om kvifor ho i 2012 ville vidareutdanne seg til jordmor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vart starten på ei reise der ho vart nekta jobb på tre sjukehus og fråteken studentløn som ho først hadde fått innvilga. Grunnen var at ho reserverte seg mot å utføre abortar.

– Grunnen er mi kristne overtyding og mitt samvit. Ein abort sløkkjer eit liv, og livet startar ved befruktinga, sa ho.

Pendlar

I tingretten vart ho pressa av motpartens advokatar. Dei ville mellom anna vite korleis Grimmark hadde tenkt å opptre om ho hadde blitt tilsett på eit av landets sjukehus, ikkje minst fordi ho i media ope hadde hadde fortalt om sitt syn på abort.

– Viss du hadde møtt ei kvinne som vart gravid etter valdtekt og som hadde sett deg i media: Korleis trur du at ho ville kjenne seg i møtet med deg? spurde motpartens advokat Erik Danhard.

– Eg trur ho ville oppleve varme og empati frå meg, svarte Grimmark.

Advokaten hevda at Grimmark ikkje spesifikt hadde teke opp motstand mot å medverke ved abort då ho fekk studentløn. Det stadfesta Grimmark. Det vart også framført vitne i rettsalen i Jönköping.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Respekt

Jordmora Ingrid Karlsson frå gynekologisk mottak på Akademiska sjukhuset i Uppsala forklarte at ho hadde jobba der i 18 år utan å måtte medverke ved abort.

– Det har vore respekt for min samvitsfridom, sa Karlsson, som vart pensjonist i 2008.

Motpartens advokat stilte ei rekkje spørsmål ved engasjementet hennar på fritida. Ho forklarte at ho hadde vore med og starta hjelpetelefonen «Livlinan för gravida kvinnor».

– Er det korrekt at du er ambassadør for Provita (ja til livet-organisasjon, journ. anm.)?

– Ja.

– Ikkje noko problem

Blant vitna til Grimmark var og Margareta Berggren, tidlegare avdelingsleiar på fylkessjukehuset Ryhovs kvinneklinikk. I sine mange år som sjef har ein ved fleire anledningar hatt jordmødrer som ikkje har utført abort, forklarte ho.

– Å finne løysingar på dette har ikkje vore noko problem, sa leiaren.

Som vitne hadde motparten kalla inn sjukehusleiarar som ifølgje Grimmark skal ha uttalt seg krenkande mot henne. Ei av dei var Marianne Österberg, avdelingsleiar i Eksjö. Ho nekta for å ha uttalt seg ufint.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gimmarks andre ombod, Ruth Nordström, spurde Österberg kva samvitsfridom innebar for henne. Ho fekk og spørsmålet: «Veit du kva det står i den internasjonale etiske koden for jordmødre?» Men det kunne ho ikkje svare på.

Neste vitne, Maria Ingman, avdelingssjef ved Kvinneklinikken i Eksjö, hevda at ein person som ikkje er beredt til å arbeide med abortar på lang sikt, heller ikkje kan jobbe på ein kvinneklinikk. Her siterte ombud Jörgen Olson fra den internasjonale koden: «Jordmødrer kan velja å ikkje delta i aktivitetar dei kjenner djup, moralsk uvilje mot.»

– Meiner du at desse reglane ikkje gjeld i Sverige? spurde han.

– Det kan eg ikkje svare på, sa Ingman, og fekk neste spørsmål. No siterte Jörgen Olson til og med det svenske forarbeidet til loven om at fordeling av arbeidsoppgåver «så langt som mulig bør ta hensyn til personalets ønske».

Liten klinikk

Ingmann påpeikte i sitt svar at klinikken deira er liten, og at ei jordmor må vere budd på å hjelpe til med alt for at det skal fungere praktisk.

Ellinor Grimmark sat stille og lytta. Ho såg av og til ut over dei frammøtte der mellom anna ektemannen Carl Johan var.

– Eg er ekstremt stolt av henne, sa han, då han poserte saman med henne i pausen.

– I dag har eg fått sagt det slik det er. Det kjennest veldig bra, seier Grimmark.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Avventar

Torsdagen vart brukt til vitneavhør og sluttprosedyre. Begge partar uttrykte tru på siger i tvisten.

No må partane avvente rettens avgjerd. Skulle det bli eit nederlag, så har Grimmark allereie meldt at ho tek saka vidare til en høgare instans.

Rettssak

Jordmora Ellinor Grimmark har gått til sak mot Region Jönköpings län for å få erstatning for at ho ikkje får jobb på svenske sjukehus.

Ho reserverer seg mot å utføre abortar, og vert difor nekta jobb.

Rettssaka i Jönköping vart avslutta torsdag 1. oktober.

Les også
Samvitsjordmor kjempar i rettenRettssak
Les også
Ber samvittighetsutvalg se på «skrekkeksempel»
Les også
Ny vår for svensk jordmor i NorgeEllinor Grimmark
Les også
Hun nektes jobb som jordmorMail til besvær