STERKE KJENSLER: Israelarar sørgja og tente lys på Rabin–plassen i Tel Aviv måndag kveld etter at det vart kjent at dei tre tenåringane som har vore sakna i over to veker, var funne drepne.

Israel slått av sorg etter tenåringsdrap

Sørgjande israelarar samla seg etter at dei tre bortførte tenåringane vart funne drepne. Regjeringa er splitta i synet på kva svaret bør vere.

Jakta på dei mistenkte held fram med uminska styrke, men den intense spenninga vart avløyst av like intens sorg etter at tre lik vart funne i ei hole utanfor Hebron måndag kveld.

Statsminister Benjamin Netanyahu sa at tenåringane vart drepne med kaldt blod og at heile landet gret med familiane deira.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også:

Stormfullt møte

Netanyahu held Hamas ansvarleg for ugjerninga og har forsikra om at dei skal betale for det som er skjedd.

Måndag var det eit stormfullt regjeringsmøte i Jerusalem, ifølgje den israelske venstreavisa Haaretz. Saman med forsvarsminister Moshe Ya´alon føreslo Netanyahu å svare med å ekspandere busetjingar på Vestbreidda. Justisministeren truga med å røyste imot dette fordi ho meinte det ville vende ein nasjonal tragedie til ei politisk sak.

Tysdag var det annonsert nytt møte. Men før det skulle dei tre ungdommane gravleggjast side ved side. Israelske media melde allereie timar i førevegen at tusenvis av menneske var i ferd med å samle seg til gravferda.

Fleire internasjonale leiarar har fordømt drapa i sterke ordelag. Den britiske statsministeren David Cameron kalla det ei terrorhandling utan orsaking.

Les også: – Økt frykt for ekstremisme i muslimske land

Ventar åtak

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tidlegare Dagen–redaktør Odd Sverre Hove synest det så langt er vanskeleg å tolke kva Israel har tenkt å føreta seg. Han viser til at det allereie har vore avfyrt rakettar frå Gaza mot Israel. Desse har vorte gjengjeldt med israelske luftåtak.

– Mi beste gjetting er at Israel satsar på målretta avrettingsaksjonar av visse Hamas–leiarar, seier han, men legg til at han trur desse for lengst har gått i dekning.

– Ei anna pakkeløysing kan vere å arrestere på nytt fleire av dei 1.027 fangane som vart sette fri i bytte mot Gilad Shalit, seier Hove.

Han legg til at Israel allereie har arrestert mellom 100 og 200 slike.

– Siktemålet med kidnappinga var truleg å få sett fleire fangar fri, men det fall i fisk, for kidnapparane har tydelegvis drepe tenåringane ganske raskt, seier Hove.

Han meiner det kan tyde på at kidnapparane opplevde at dei var oppdaga og dermed ikkje var trygge.

Ustabil situasjon

Eit tredje alternativ Hove ser, er at Israel vil prøve å øydelaggje regjeringskonstellasjonen mellom Hamas og Fatah.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Mahmoud Abbas har avlagt ei fråsegn klart i israelsk favør i denne saka. Ho var såpass skarp at det skapte isfront med Hamas, men avtalen er endå ikkje heilt øydelagd, seier han.

Vidare viser han til den kompliserte tryggingssituasjonen i regionen – med ustabilitet i Syria og Irak og trugsmålet frå Irans atomvåpenprogram som andre utfordringar Israel må handtere, og balansere mot kva dei føretek seg i gisselsaka.

Reservert Obama

Professor Nils Butenschøn ved Norsk institutt for mennerettigheter trur på si side ikkje at det er Hamas som står bak, men ei lokal gruppering i Hebron. Han påpeikar at det i dette området er særleg spent mellom arabarar og jødiske busetjarar.

– Israel må vurdere kor langt dei vil å i å bryte folkeretten og bruke kollektiv avstraffing, som er eit mønster okkupasjonsmakter ofte følgjer. Men til sjuande og sist slår det tilbake på dei sjølve. Eg trur Netanyahu ser det problemet. Det gjer tydelegvis Barack Obama, seier Butenschøn til Dagen.

Ny intifada?

Butenschøn viser til at USA har bede Israel vere atterhaldne i responsen etter tenåringsdrapa.

– Dei har ikkje støtta at det er heilt sikkert at Hamas står bak denne aksjonen. Når Israel går til det skrittet å sprengje huset til familiane til dei to mistenkte, er det vanskeleg å støtte dette. Det er ein praksis som Israel hadde forlete. Eg veit ikkje om at dei har sprengt hus på denne måten sidan 2005, seier Butenschøn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han synest det er vanskeleg å seie korleis situasjonen vil utvikle seg.

– Det kan brått skje ting som kan ta utviklinga i forskjellige retningar. Situasjonen er veldig labil. Over noko tid har det også vore spekulert i om det kan vere ein ny intifada i emning, seier han.

Avgrensa aksjonar

Midtausten–ekspert Cecilie Hellestveit meiner aksjonen er utført på ein måte som kan peike i retning av ei mindre gruppe som er «misnøgd med dei moderate kreftene i Hamas».

– Kidnappinga og drapa tener ikkje interessene til den sentrale leiarskapen i Hamas, seier Hellestveit til VG.

Ho spår at dei israelske reaksjonane vert avgrensa, men ventar som Hove at det kan kome målretta avrettingar av leiarar.

Fryktar eksalering

Styreleiar i Med Israel For Fred (MIFF), Morten Fjell Rasmussen, saknar at det israelske perspektivet kjem tydelegare fram hos norske kommentatorar i denne saka. Han meiner til dømes at dei er for snare til å rekne med at Hamas ikkje kan ha ansvaret. Til Butenschøns påstand om kollektiv avstraffing svarer han følgjande:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Israel prøver å få tak i dei skuldige, og eg trur dei gjer alt dei kan for at uskuldige ikkje skal verte råka. Det er beklageleg om uskuldige liv går tapt, men om Israel lukkar augo for slike gjerningar, kan situasjonen eskalere og verte endå verre, seier Rasmussen.

Les også
Tusener tok farvel med israelske tenåringer
Les også
Uakseptabelt av NRK
Les også
Angrep Gaza etter funn av drepte tenåringer
Les også
Paven maner til fred etter tenåringsdrap
Les også
Netanyahu lover å straffe Hamas