Skikkelege mannfolk og åndelege fedre

Kristne menn, som ikkje vågar å be høgt i ei lita samling i ein heim, er jo ikkje skikkelege mannfolk.

Eg var på dugnad, og i ein matpause vart eg sitjande og snakka med ein ung mann som kom med dette hjartesukket: Det finst jo ikkje skikkelege mannfolk eller åndelege fedrar!

Sjølv hadde han vore svært aktiv i eit evangeliseringsarbeid, men gjekk på ein smell. Han var heilt utslått og måtte ta ein pause frå kristent arbeid. Kona var gravid, og han valde å ta seg av familien og koma seg til hektene att.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No var det gått nokre år, og han hadde kome over kneiken og funne ny styrke hjå Herren. Han og kona hadde søkt til ulike bedehus, kristne fellesskap og huskyrkjer.

Det var då han fortalde om kor tynt og overflatisk fellesskapet og forkynninga var, at han kom med dette hjartesukket om mangel på skikkelege mannfolk og åndelege fedrar.

«Me får berre ein liten andakt,» sa han og heldt fram, «og nesten ingen av mannfolka vågar å be høgt!»

Denne unge mannen hadde stått i eit blømande evangeliseringsarbeid. Han hadde vore med å leia unge menneske til tru og lydnad.

Han hadde vore med å gjera unge folk til læresveinar. Men når han søkte kristent fellesskap i meir etablerte forsamlingar, vart han vonbroten på grunn av mangel på djupt fellesskap og disippelgjering.

Han vart utbrend i evangeliseringsarbeidet, men vart djupt vonbroten i dei vanlege forsamlingane han gjekk til. Han fann ikkje fellesskap eller utfordrande forkynning frå Guds ord, berre korte uskuldige andaktar.

Desse orda brann seg inn i meg: Det finst jo ikkje skikkelege mannfolk eller åndelege fedre. Etter hans meining var dette grunnen til at fellesskapet var tynt og forkynninga grunn. Kanskje han har rett?

Kristne menn, som ikkje vågar å be høgt i ei lita samling i ein heim, er jo ikkje skikkelege mannfolk. Det vil eg seia meg samd i. Om ein ikkje vågar å snakka om kjensler og vanskelege ting, er det ikkje lett å vera ein åndeleg far.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skikkelege mannfolk og åndelege fedrar vågar å vera sårbare. Dei vågar å ta av seg den vellukka maska og vera eit ekte menneske som ser andre og tek ansvar.

For den unge kristne mannen var skikkelege mannfolk og åndelege fedrar synonyme ord. Skikkelege fedrar tek åndeleg ansvar og hjelper folk rundt seg til å veksa i trua og gjera andre til læresveinar.

Det er dette misjonsoppdraget handlar om. Å vera tøff nok til å seia nei til seg sjølv og følgja Jesus kvar dag. Dette er eit liv, ikkje berre ein tillaga livsstil. Er du eit skikkeleg mannfolk og ein åndeleg far, er du ikkje av og på, for dette er noko du er.

Då vågar du å be høgt i lag med andre. Då vågar du å visa trufast kjærleik. Då vågar du å vandra audmjukt med Gud. Då vågar du å opna deg for andre og ikkje minst vågar du å møta andre med ein open og varm famn.

Herre miskunna deg! Reis opp skikkelege mannfolk og åndelege fedrar i ditt folk!