Mismot og mirakel - på lerretet og i livet

– Eg ønska at trua på Gud skulle vere sentrum i filmen. At den skulle gi eit ærleg møte med kampen og tvilen – og vise at Gud var til stades heile tida. At han var fundamentet, midt i fortviling, mismot, opprør og sinne.

Mange som har sett filmen, meiner at regissøren har gitt ei truverdig skildring nettopp av truskrisa som Christy kjempa med då dottera Anna vart ramma av ein ukjend sjukdom som inga behandling kunne stanse.

Filmen gir oss eit tilstrekkeleg nærbilete av den kristne Texas-familien Beam sitt aktive og tilsynelatande harmoniske liv til at vi kan kjenne på sjokket når Anna brått vert alvorleg sjuk. Ho kan ikkje ta til seg næring på vanleg måte, grunna ein dødeleg sjukdom. Takk vere mora sin uthaldande kamp i møte med helsevesenet, ender dei hjå ein leiande spesialist i Boston. Behandlinga og tida som følgjer, vert krevjande på ulike vis både for Anna og familien.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi får eit truverdig bilete av korleis foreldra og dei to søstrene reagerer, også i forhold til grunnleggande spørsmål om helse og frelse, tru og tvil. Særleg Christy kjempar med djup tvil, midt i vissa om at Gud er der. Når ho spør pastoren korleis ein kjærleg Gud kan la nokon lide slik som Anna, set ho ord på kjernespørsmålet for ein kvar som møter liding og død. Og svaret ho får, er like ærleg som spørsmålet. Pastoren sitt einaste svar er at dottera si liding ikkje betyr at Gud ikkje er kjærleik.

Når så Anna spør mora om kvifor ikkje Gud har gjort henne frisk, er svaret eit ekko av det Christi sjølv klamrar seg til i mismotet. «Det veit eg ikkje – men eg veit at Gud elskar deg...»

Trua på den allmektige, trufaste og kjærlege Gud Fader held dei oppe – midt i stormen. Anna sjølv deler trua si med jenta i nabosenga på sjukehuset, og gir henne eit kors – til stor frustrasjon for jenta sin ateistiske far.

Så opplever då familien Beam at stikk i strid med beskjeden om at behandlinga ikkje vil gjere Anna frisk – så blir ho nettopp det. Men måten det skjer på, er mirakuløs. Midt under lek i hagen ramlar nemleg Anna ned i holrommet i eit svært tre. Redningsaksjonen er dramatisk, bønneropa til Gud intense – og ho vert henta opp, bevisstlaus, men uskadd.

Ikkje nok med det; undersøkingane viser at ho også er blitt frisk av den dødelege sjukdomen, og at det skjedde i samband med ulukka. Sjølv fortel Anna om ei «nær-døden»-oppleving då ho låg i treet. Jesus møtte henne og gjorde henne frisk.

Påstand om eit mirakel, altså, som dermed er open for tolking. Skepsisen frå helsepersonell og folk flest er gjenkjenneleg. Det same er skildringa av uroa i kyrkja. Her spør dei seg om Anna verkeleg var alvorleg sjuk, og får svar frå uventa hald. Far til jenta som hadde fått korset av Anna, stadfestar nemleg diagnosen. Sjølv har han mista dottera – og funne vegen til kyrkja.

Denne vitneutsegna har større tyngde i filmen enn skepsisen frå kristne. I tråd med ønsket frå forfattaren er altså bodskapen tydeleg: Gud er trufast midt i mismotet – og Han kan handle på mirakuløst vis.

Men kva er så eit mirakel? I filmen møter vi Einstein-sitatet om dei to måtane å leve livet på, anten som at alt eller ingenting er eit mirakel. Filmprodusenten D. Franklin presiserer at gjennom heile handlinga skjer det ulike mirakel – av di omsorg, kjærleik, nåde og tilgjeving djupast sett er mirakel. Gud er der – i alt som skjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Difor opplever vi alle mirakel – men ikkje alle opplever det mirakuløse. Nettopp dette er avgjerande både når vi slit med dei mange «kvifor?» og når vi opplever det forunderlege.

Edith Schaeffer, som grunnla L’Abri Fellowship saman med ektefellen Francis, rører ved dette i boka «Affliction». Her brukar ho «museet i himmelen – med to avdelingar» som illustrasjon. Ei avdeling for dei som opplevde å bli fridd ut til dømes frå sjukdom – og ei for dei som måtte leve vidare med dei mange «kvifor?».

Men overskrifta er den same begge stadene: «Min nåde er nok for deg». Gud var der – i møte med det mirakuløse så vel som i mismotet.

--------

Samtale og oppfølging

Damaris Norge har laget en rekke ressurser til samtale og oppfølging rundt filmen Miracles from heaven. På nettsidene deres finner du også ressurser om tro og tvil i møte med sykdom og lidelse, om tro og tvil i møte med mirakler - og aktuelle fordypningsressurser for menighetsarenaen.Les mer her.
 

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.