Min advent: «Alt var feil»

Dagen har utfordret 24 personer som skriver om det som gjør advent til en spesiell tid for dem. Her kan du kikke på de andre adventslukene.

Det skulle vore klarver. Vi skulle stått og trippa og kjent at eit iskaldt drag frå Themsen reiv oss i kjakane. Og juletreet skulle vore det finaste norske skogar hadde å by på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I staden hølja det ned over Trafalgar Square denne første torsdagen i desember.

Drosjesjåføren hadde advart oss:

«Grana ser aldeles forferdeleg ut. Kanskje blir det betre når lysa kjem på.»

Taxikusken var nok meir treffsikker i si skildring enn den offisielle førehandsreklamen om «skogens dronning».

Sidan 1947 har vi gitt ei diger gran til britane som takk for innsatsen under krigen. Eg hadde gledd meg som ein unge til den magiske augneblinken då dei 650 lysa blei tent. Og litt spent hadde eg budd meg til seansen då eg skulle stilla meg pent i kø saman med distingverte kollegaer frå BBC og The Times for å få nokre velvalde ord ut av den norske ambassadøren.

I staden var eg mest oppteken av å koma meg tilbake til eit lunt hotellrom og ein betre middag med Christmas pudding til dessert.

RISIKABELT: – Advent er å leve i forventning. Det er eit risikabelt prosjekt, skrive Jarle Kallestad, som er journalist i Dagen.

Grundtvig har laga den finaste adventsalmen eg veit. «Blomstre som en en rosengård skal de øde vanger, blomstre i et gyllenår under fuglesanger.» Den er skriven over ein av messiasprofetiane hos Jesaja og har frampeik mot Kristi kome og mot livet på den nye jord.

Advent er å leve i forventning. Det er eit risikabelt prosjekt. Forventningar blir av og til innfridd, ofte ikkje. Men håp er seigliva greier - også i regn og vind og sjølv om juletreet ikkje er «skogens dronning». Vi treng det vel mest på slike dagar.