MFs heilomvending utfordrar kristne høgskular

Det har lenge vore uro kring den teologiske utviklinga ved Menighetsfakultet (MF), men det som har skjedd frå 2000-årsskiftet og fram til no, står likevel i ei dramatisk særstilling.

På ti år føregjekk det ei teologiske heilomvending i spørsmålet om homofilt samliv. Frå at samrøysta lærarråd, styre og forstandarskap i 2001 held fast på at homofilt samliv er synd, og atJan-Olav Henriksens nye standpunkt i saka var i strid med det MF stod for, gjorde rektorVidar L. Haanes i 2011 det klart at MF som institusjon no er utan noko standpunkt i saka. Frå at Henriksen var ei einsam svale i 2001, var nesten halvparten av lærarane samde med han i 2011. Frå at MF-professorar tidlegare var i front i kampen mot homofilt samliv og samkjønna «ekteskap», er det no MF-professorar som er i front for dette. Frå at eit samlaMF hevda at likekjønna «ekteskap» er kyrkjesplittande, er ein MF-professor i dogmatikk no i front for at det ikkje er det.

LES OGSÅ:Pannenberg og MF - erfaringa og fornufta

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne korte skissa av den heilomvendinga som her skjedd ved MF i ekspressfart, er grundig dokumentert avJon Kvalbein i artikkelen «Når læregrunnlaget mister betydning» i 70-årsfestskriftet tilAsle Dingstad, «seierens krone er henlagt til alle Daniels menn». Artikkelen tek opp grunnlaget og målsetninga for MF, utvilkinga ved MF over tid og særleg utviklinga i synet på homofilt samliv. Kvalbein tek også opp spørsmålet om korleis denne endringa kunne skje, og det på rekordtid. MF-rektoren forklarer dette med at MF i har vorte akkreditert som vitskapleg høgskule, og lærarane har full akademisk fridom. MF som institusjon kan då ikkje ha eit standpunkt i eit teologisk spørsmål, og korkje styret eller andre kan setja teologiske krav til lærarane. Med det er ikkje MF lenger noko bolverk mot liberal teologi, men ein teologisk pluralistisk institusjon, der det faglege fører ordet åleine.

Det som har skjedd ved MF, og måten rektor forklarer og forsvarer det på, er sterkt utfordrande til andre kristne høgskular. Dersom Vidar L. Haanes har rett i si forståing av akademisk fridom og det å driva forskningsbaserte høgskular, er det i umogleg å driva teologisk konservative og bibelforplikta høgskular – i alle fall prinsipielt sett og over tid. Difor må eigarane av slike høgskular ta dette på stort alvor. Det gjeld særlegNLA Høgskolen som er ein stor høgskule med mange eigarar. Det vil vera uforsvarleg å byggja opp høgskular som ein ikkje kan ha teologisk styring med. Det vil vera misbruk av pengar og tillit.

Personleg vil eg i det lengste tru og kjempa for at vi kan driva bibeltru høgskular i åndsfridomens namn ut frå ein kombinasjon av akademisk fridom og organisasjonsfridom (jfr. NOU 2006: 19 Akademisk fridom). Skal det lukkast, vil det krevja mykje av styret og den daglege leiinga ved desse institusjonane, særleg ved rekruttering av lærarkrefter.