Illustrasjonsfoto: Geraint Rowland/CC/Flickr

Guds folk – ein lekam og eit mangfoldig folk

Det er bra med ulike forsamlingar og arbeidslag, men det er også fint å sjå over slik grenser innimellom og oppleva einskapen i lekamen.

Guds folk er Guds lekam her på jorda, og slik sett er det eitt folk. Guds folk er samstundes eit mangfoldig folk, oppdelt i ulike kyrkjesamfunn og forsamlingar. Nokre gonger opplever vi det mangfaldige og oppdelte sterkast, andre gonger einskapen og samfunnet – på tross av mange ulikskapar i det ytre og delvis ulik lære.

Eg skriv dette frå Alta. Her er eg på distriktsbibelskule for Fjellheim Bibelskole, og opplever både mangfaldet og einskapen. Distriktsbibelskule i denne samanhengen er at bibelskulen «deler seg i to», slik at halvparten av elevane og halvparten av personalet reiser til ein stad og den andre halvparten til ein annan stad i Nord-Noreg. Dei som ikkje er her, er på Finnsnes.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då har vi bibelskule ei veke på kvar stad, der vi har tre timar midt på dagen og to om kvelden. Det er både for elevane og personalet og for folk i området som vil og kan koma på timane. Det er alltid ein del som nyttar seg av dette tilbodet, sjølv om fleire burde gjort det. For elevane går det inn som del av den ordinære bibelskuleundervisninga, men innan ei litt anna ramme. Opplegget spenner frå å gå gjennom bibeltekstar og bibelske skrift, via truslære og etikk til kyrkjehistorie og sjelesorg.

Desse distriktsbibelskulane har eit samarbeidets preg over seg. Nokre stader held ein til i Frikyrkja med undervisninga, andre stader på ein leirstad eller på eit bedehus. Med det får ein møta kristne frå ulike samanhengar, og får læra ulike kristne kulturar å kjenna. Eg har fått høve til å vera med på ein god del stader med eit slikt opplegg, og det har alltid vore ei god oppleving – slik også no i Alta.

Her i Alta har det vore ekstra sterkt med mangfaldet og samhaldet. Det meste av undervisninga på dagtid føregår i Frikyrkja, og her var ein også med på gudsteneste søndag. Om kveldane er undervisninga i Elvebakken kirke. I helga var dette saman med ei bibelhelg for DELK, og vi deltok også på deira gudsteneste.

DELK har enda ikkje noko forsamling i Alta, men nokre medlemmar og litt verksemd. Fleire av medlemmane har tilknytting til den læstadianske forsamlinga. Nokre av elevane på Fjellheim, både frå Noreg og Sverige, kjem frå læstadianske samanhengar. Søndag var ein del av oss til stades på læstadiansk forsamling, slik at både søringar og andre fekk oppleva korleis det er.

På timane under distriktsbibelskulen er det både bedehusfolk, frikyrkjefolk, læstadianarar, DELK-folk og sikkert også andre! Dette er både spennande og oppbyggeleg! Det er ei nokså variert forsamling, med eit felles ønskje å søkja Herren i hans ord, tileigna seg meir bibelkunnskap og få sjå djupare inn i evangeliet. Det trengst for alle, same kva kyrkjesamfunn eller forsamling ein tilhøyrer.

Det er bra med ulike forsamlingar og arbeidslag, men det er også fint å sjå over slik grenser innimellom og oppleva einskapen i lekamen.

Les også
Segl til bibelsk konge funnet i Jerusalem
Les også
Laber respons på film om bønn
Les også
Nå henger kirkeklokkene tause i Mosul
Les også
3. desember: Født av en jomfru
Les også
Stort, lite funn i Jerusalem