...for det var i denne natta Jesus vart fødd

Juledagsmorgon vakna vi til nyheita om at ferja «Jambeli», som trafikkerte kysten i sør, hadde gått ned julenatta.

Vi var kome godt i gong med juleførebuingane for dei som var i våre (Normisjon) arbeidsområder i Guayaquil, Ecuador. Som overrasking hadde vi fått heile to tønner med fint brukte kler frå venner i USA. Toll-forhandlinga hadde gått på berre ein dag, og vi slapp å betale noko.

I år, 1973, skulle vi ha hagefest på misjonen sin eigedom. For mange av barna vart det nok fyrste gong dei kunne boltre seg på grønt gras og klatre i trer. Dei skulle få leker, billige plastikkdokker og bilar som ein sosietetsklubb hadde gitt pengar til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For at familiane frå slumområda skulle kjenne seg vel, hadde vi laga korger og pakkar med julemat, og «pen-tøy» frå «Nueva York». Vi delte desse ut på Veslejulaftan, og inviterte alle som vi kjente frå gudstenesteplassane våre. Vi hadde sett for oss at det kom vel 40 stykk. Serveringa var is, kjeks, og saft.

Og dei kom... og dei kom! Til vår skrekk oppdaga vi at invitasjonen: «Alle i familien», galdt ikkje berre dei som sov i same bambusskuret, nei, det galdt storfamilien. Det kom over hundre. Så det fyrste oppdraget for oss misjonærar, var å tømme nærbutikkane for det dei hadde av is og kjeks.

For ei glede! Mange finkledde barn fryda seg. Julematen hadde dei fortært kvelden før. Og nå hadde dei fått si fyrste leke! Men for meg var det noko som ikkje stemte: Barna frå i «skuret utan tak» i La Gabara, kom barbeinte i dei fillete klede på julefeiringa. Hadde ikkje mora forstått at det var fest ho sendte barna til? Eg hadde jo gitt henne litt ekstra, både av kler og matvarer.

«Hadde ho selt det alt samen?» Eg våga ikkje spørje. Mora kunne jo trengt pengane også, ho hadde nettopp født endå ein baby, den åttande i rekka. Heilt åleine hadde ho greidd fødselen i «skuret utan tak».

Men ho hadde vert så ovleg glad då eg kom med korga, og sette fram einaste krakken ho hadde. Bad ungane vera stille, og lytta då eg las juleevangeliet for dei. Eg bestemte meg for å ta eit besøk hos henne om ikkje lenge...

La Gabara var den gamle ferjeplassen i hamnebyen Guayaquil før brua kom. Her flytta dei nå inn dei som ikkje hadde nokon stad å bu. Levebrødet var småhandel i bygatene, skopussing og prostitusjon. Denne gjørmesumpen var nemlig nabo til eit militæranlegget. Her budde truleg omkring 20 familiar, som hadde sett opp sine eigne bambusskur, tett innpå kvarandre.

Dei siste innflyttarane var eit eldre indianarpar frå fjellet, som hadde betalt det dei hadde for eit lite «hus», som viste seg å vera taket på seljaren sitt hus. Gamle mor kom seg ikkje ned ein gong på den skrale stigen.

Min tur til La Gabara kom tidlegare enn planlagt. Juledagsmorgon vakna vi til nyheita om at ferja «Jambeli», som trafikkerte kysten i sør, hadde gått ned julenatta. Fattige arbeidarar som skulle heim til jul, hadde fått koma om bord utan kontroll.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ferja var overlasta, og mange hadde mykje bagasje. Midtvegs braut det ut panikk, og ferjeskroget gav etter, delte seg og sank i mørket. Dei rekna med over at over 500 personar omkom, berre 73 overlevde. Størstedelen vart aldri funnen, mange vart hai-mat.

Dei eg møtte i La Gabara denne juledagen, var i djup sorg. Politiet hadde kome i morgontimane og bedt dei dra til hamna og sjå om dei fann sine kjære mellom lika som vart frakta inn. Ein familie hadde mista åtte stykk som hadde arbeid i Peru og skulle nå heim med glede og pengar.

Andre stod framleis på kaien og venta på ny lekter som frakta lik. Gravferda måtte skje same dag. Heile byen stinka av lik i varmen. For meg var det ikkje meir å gjera enn å tørka tårer på andre og la mine eigne få renna fritt. Eg tok turen innom «Mora med dei åtte ungane», ho venta truleg ingen mann som ville vedkjenna seg henne.

Ho var djupt prega av situasjonen. Men fortalte om festmiddagen dei hadde hatt julekvelden, og om gleda over dei fine kjolane. Ho hadde også fått ein. Ho heldt på å koka nok eit måltid også til denne høgtida, «...for det var jo i denne natta Jesus vart født!» kom det stille.

«Skuret utan tak» vart med eitt Heilag grunn! Ei fattig mor som held høgtida, ei høgtid der gråten var høglydt. Det høyrer med til historia at då julefeiringa om «Mora og dei åtte ungane» vart kjent på ein søndagsskule i Ryfylke, gjekk 5-åringen heim, fann ein hammar og knuste sparegrisen. Han skulle kjøpe tak til skuret, og slik vart det.