FEILSLÅTT: Plantene på kirkeveggen voks over teksten med kirkas visjon og mista sitt budskap.

Feilslått utvikling

I dag vil jeg referere en historie som Hans Johan Sagrusten har med i sin bok om Johannes Åpenbaring. Jeg siterer: «Ei kyrkje i Amerika skal ha hatt ein høg, kvit vegg som vende ut mot gata. På veggen hadde forsamlinga skrive visjonen sin, som var henta frå Første Korintarbrev: ‹Vi forkynner Kristus krossfest›, stod det. (1. Kor 1,23).

Orda var skrive under kvarandre nedover den høge murveggen. Alle som gjekk forbi, kunne sjå kva som var viktig for denne kyrkja. 
Men med tida begynte det å vekse eit kratt ved foten av veggen. Snart tok krattet til å dekkje over skrifta. Og på forunderleg vis vart det veksande krattet ein parallell til utviklinga innanfor veggene.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fyrst dekte krattet over ordet ‹krossfest›. Så stod det berre: ‹Vi forkynner Kristus.› Enno forkynte dei Kristus. Men det var noko som mangla. Det kjendest ikkje lenger så viktig å forkynne om han. Ein Kristus som ikkje er krossfest, blir raskt uinteressant.

Snart dekte krattet også over ordet ‹Kristus›. For når det ikkje er viktig at Kristus er krossfest, er heile poenget borte. Og da gjekk det ikkje lenge før også ordet ‹forkynner› vart dekt av krattet. Og det vart stadig mindre viktig å forkynne. For kva skulle ein forkynne, når ein ikkje lenger forkynte Kristus? Så stod til slutt berre det eine ordet ‹Vi› att på veggen.»

Fortellingen om kyrkjeveggen var ransakende for meg å lese. Prøver jeg å lyse selv, eller får Jesus lyse gjennom meg, Han som verdens lys?