- Eg har grine kvar einaste dag

Sonen til den verdskjende pastoren Rick Warren og kona Kay bad fleire gonger om hjelp til å døy. No vil ekteparet arbeide for meir merksemd rundt psykisk sjukdom.

I april tok sonen Matt­hew livet sitt, 27 år gam­mal.

- Eg har grine kvar ein­as­te dag sidan Matt­hew døyd­de. Men det er fak­tisk ein god ting. Sorg er ein god ting. Det er slik vi kjem gjen­nom dei store over­gan­ga­ne i livet, seier Rick War­ren i eit eks­klu­sivt in­ter­vju med CNN som vart sendt tys­dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sjå klipp frå TV-in­ter­vju­et i vi­deo­vin­du­a i høgrespalta og top­pen av ar­tik­ke­len.

Etter den fa­mi­lie­tra­ge­di­en har dei halde ein låg pro­fil i media. Først i slut­ten av juli var War­ren til­ba­ke på preike­sto­len.

Den ru­ti­ner­te og høgt pro­fi­ler­te CNN-pro­gram­ver­ten Piers Mor­gan skreiv på Twit­ter at dette er det mest rø­ran­de og in­spi­rer­an­de in­ter­vju­et han nokon gong har gjort.

Heile verda helsa

So­nens død var eit stort sjokk for ek­te­pa­ret som grunn­la Saddle­back Church sør i Ca­li­for­nia i 1980. Im­pul­sar frå kyr­kje­ly­den er spreid­de over heile verda. Sær­leg vik­tig har Rick War­rens bok «Mål­ret­tet liv» frå 2002 vore. Dette er ei av dei mest selde bø­ke­ne gjen­nom ti­de­ne, med heile 36 mil­lio­nar ek­semp­lar på verds­plan. Ek­te­pa­ret har også hatt eit sterkt so­si­alt en­ga­sje­ment, ikkje minst i Afri­ka.

Etter tra­ge­di­en fekk dei meir enn 30.000 hel­sin­gar frå alle verds­hjør­ne. Pas­to­rar og eks­per­tar på men­tal li­ding rosa han for å vere open om sorga. Sam­stun­des vart han også ut­sett for åtak frå folk som er kri­tis­ke til den krist­ne pro­fi­len hans.

«Å sør­gje er tøft. Å sør­gje som of­fent­le­ge per­son­ar er tøf­fa­re. Å sør­gje medan dei som hatar, fei­rar smer­ta di er tøf­fast. Hel­sin­ga­ne dyk­kar styr­ka oss» skreiv War­ren på Twit­ter.

Viss­te om våpen

Sam­stun­des som ek­te­pa­ret vart sta­dig meir kjen­de og fekk in­vi­ta­sjo­nar til kon­fe­ran­sar der pre­si­den­tar og stats­mi­nist­rar også del­tok, stre­va sonen med seg sjølv. Han leid av per­son­leg­doms­for­styr­ring og djup de­pre­sjon, for­tel for­eld­ra i in­ter­vju­et. Kvel­den før han valde å av­slut­te livet sitt, var han på besøk hos dei.

- Eg hadde laga mid­dag til han, seier Kay.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mora min­nest at han la ho­vu­det på kjø­ken­bor­det og sa: «Eg er så trøytt». Etter å ha fått ein klem frå faren, drog Matt­hew heim til seg sjølv. Kay for­tel at dei heldt fram med å veks­le tekst­mel­din­gar ut­over kvel­den. Sam­ta­len dreia seg over på sjølv­mord. Ho viss­te at han var for­tvi­la.

- Og eg viss­te også at han hadde eit våpen, seier ho.

Tak­kar for vå­pen­lo­ver

Matt­hew hadde gjort for­eld­ra kjen­de med at han ulov­leg hadde fått fatt i eit skyte­vå­pen på in­ter­nett, men åt­va­ra om at han ville skyte seg sjølv med det same der­som dei ring­de po­li­ti­et. Flei­re gon­ger skal han ha for­søkt å skaf­fe seg våpen på le­galt vis. Kvar gong vart han hind­ra av vå­pen­lo­ve­ne i Ca­li­for­nia sidan han hadde vore tvangs­inn­lagd ved ein psy­kia­trisk in­sti­tu­sjon.

Sjå klipp frå TV-in­ter­vju­et i vi­deo­vin­du­a i høgrespalta og top­pen av ar­tik­ke­len.

- Vi er takk­sa­me for at lo­ve­ne hind­ra Matt­hew frå å skaf­fe seg våpen så lenge som dei gjor­de, seier Rick War­ren.

Vå­pen­lo­ver er eit til­bake­vend­an­de strids­tema i ame­ri­kansk po­li­tikk. På den krist­ne høgre­sida er det sterk skep­sis til auka vå­pen­kon­troll. Det vert hevda at dette bryt med grunn­lova og vil svek­ke ret­ten til sjølv­for­svar.

Stad­fes­ta det ver­ste

Kay War­ren hug­sar at sonen flei­re gon­ger tryg­la henne om hjelp til å døy.

- Eg vil gjere kva som helst for å hjel­pe deg å leve, men eg vil ikkje hjel­pe deg med å ta livet ditt, hug­sar ho at ho svar­te han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då ut­veks­lin­ga av tekst­mel­din­gar stop­pa opp etter flei­re timar den kvel­den, drog for­eld­ra til huset hans. Han kom ikkje ut. Lyset var på, og dei be­stem­te seg for å re­tur­ne­re. Der­som dei ring­de po­li­ti­et, fryk­ta dei at han ville ut­fø­re det han hadde åt­va­ra om.

Neste mor­gon kom dei til­ba­ke. Fram­leis var lyset på. No ring­de dei po­li­ti­et som tok seg inn. Eit nikk frå ein te­neste­mann stad­fes­ta det ver­ste.

- Eg gjekk rett i bak­ken, seier Kay.

Kland­rar ikkje Gud

Trass i at dei hadde sør­gja for at han fekk psy­kia­trisk hjelp og elska han, måtte dei inn­sjå at dette ikkje var nok til at han ville leve len­ger.

- Der­som kjær­leik kunne halde bar­net mitt i live, ville han ha levd i dag, for han var ufat­te­leg elska, seier pas­to­ren.

Li­ke­vel held han ikkje Gud an­svar­leg for so­nens død.

- Eg har aldri stilt spørs­mål ved trua mi på Gud, eg stil­te spørs­mål ved Guds plan. Gud har ikkje skuld i at sonen min er død. Sonen min tok livet sitt. Det var hans val, seier Rick War­ren.

Tøft å tilgi

Bi­be­len har vore vik­tig for ek­te­pa­ret i dei fem må­na­de­ne som er gått. Dei har halde ein låg of­fent­leg pro­fil og brukt tid på å sør­gje. Kay War­ren for­tel at ho har funne trøyst i bod­ska­pen om at krop­pen er for­gjen­ge­leg, men skal rei­sast opp igjen i her­leg­dom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Noko av det dei har opp­levd vans­ke­leg, er å tilgi den som selde vå­pe­net til sonen.

- Eg ønsk­te ikkje å tilgi han, seier Rick War­ren.

Men ek­te­pa­ret seier at den krist­ne trua deira, som er rot­fes­ta i at syn­de­ne deira er til­gitt av Jesus, har sett dei i stand til å tilgi også denne per­sonen.

- Eg vil ikkje vere knytt til den per­sonen kjensle­mes­sig res­ten av livet, seier ho.

For­mid­lar håp

Som kon­ser­va­ti­ve krist­ne har ek­te­pa­ret kjem­pa for ei tra­di­sjo­nell for­stå­ing av ek­te­ska­pet. Det har ut­løyst rykte om at Matt­hew var ho­mo­fil. Det av­vi­ser for­eld­ra i in­ter­vju­et med CNN.

- Vel, for det førs­te var ikkje Matt­hew ho­mo­fil. Men om han var det, ville vi elska han utan vil­kår li­ke­vel. Det ville ikkje gjort nokon for­skjell i det heile, seier War­ren.

Så lenge sonen var sjuk, syn­tes dei ikkje det var na­tur­leg å gjere psy­kisk sjuk­dom til ei merke­sak. No vil dei en­ga­sje­re seg for å bryte tabu rundt dette og har etab­lert Matt­hew War­ren Fund for å ære min­net hans.

- Det finst håp, un­der­stre­kar Kay War­ren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Det er så vik­tig at folk veit at same kor de­spe­ra­te og for­tvi­la dei er, finst det håp, og at dei ikkje må gi opp.

DAGEN

Kay og Rick Warren

Planta Saddleback Community Church sør for Los Angeles i 1980.

Kyrkjelyden som er tilknytt Sørstatsbaptistane, samlar i dag over 20.000 menneske kvar veke på forskjellige møtestader. Gjennom litteratur og undervisning er impulsar frå kyrkjelyden spreidd over heile verda.

5. april tok sonen Matthew livet sitt. Tysdag snakka dei for fyrste gong ut om hendinga på CNN.