Den doble kristne identiteten

Det hadde vore sunt for mange kristne miljø her i landet om vi vart flinkare til å møte ærlege spørsmål utan å avvise dei som spør, skriv Tarjei Gilje.

Noko av det fa­sci­ne­ran­de med Noreg, er den doble krist­ne iden­ti­te­ten. På den eine sida er det store fleir­ta­let av be­folk­nin­ga fram­leis med­le­mer i Den nors­ke kyr­kja.

Sam­stun­des finst det ei grup­pe på om­kring 5-10 pro­sent som går meir re­gel­mes­sig i kyr­kja, og som slett ikkje utan vi­da­re opp­le­ver Noreg som eit kris­tent land.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho­ved­strau­ma­ne

I siste num­mer av tids­skrif­tet Syn og Segn finn vi flei­re spen­nan­de his­to­ri­er om men­nes­ke som med ulik bak­grunn for­tel om si vand­ring i den krist­ne trua sitt land­skap.

Stur­la Stål­sett set pre­sist fin­ge­ren på det han kal­ler dei to ho­ved­strau­ma­ne: Den breie, folke­kyr­kje­le­ge og den meir eks­pli­sit­te med pie­tis­men som sitt ut­spring. Stål­sett har nok rett i at dei to strau­me­ne på mange måter har nærma seg kvar­and­re, og at ingen av dei er fri­tek­ne frå for­and­ring.

Sam­stun­des er det vik­tig, ikkje minst i ei tid med ster­ke re­li­giø­se im­pul­sar frå flei­re hald, at også dei 5-10 pro­sen­ta får høve til å frem­je si over­ty­ding utan å verte stemp­la som ned­la­tan­de.

Så lenge ein er med­lem

I dei tre tema-in­ter­vjua for­tel først Ing­vild Sand­nes om kor­leis ho etter å ha kjem­pa med sitt for­hold til Jesus, ser ut til å ha funne seg heime i Kors­vei- og Sub­stans-mil­jø­et.

For ho har kam­pen for rett­ferd vorte sær­leg vik­tig. Ho skriv en­ga­sjert om kor­leis Jesus, ikkje minst gjen­nom Berg­prei­ka, in­spi­re­rer til etter­føl­ging. Sand­nes skriv ikkje mykje om frel­ses­lære i denne ar­tik­ke­len, men il­lust­re­rer eit vek­san­de so­si­alt sam­vit også utan­for dei mest tra­di­sjo­nel­le li­be­ra­le kyr­kje­le­ge mil­jøa.

Domo­ni­ka­nar­mun­ken Haa­var Simon Nil­sen treff noko av leng­se­len etter sta­bi­li­tet og faste ram­mer i vår flyk­ti­ge sam­tid, når han skriv om kor­leis han i Den ka­tols­ke kyr­kja finn ei til­kny­ting som ikkje er ba­sert på hans eiga umid­del­ba­re from­heit.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sjølv om vegen inn i Den ka­tols­ke kyr­kja fram­leis er lang for mange, kan nok både låg­kyr­kje­le­ge og fri­kyr­kje­le­ge kjen­ne seg igjen i noko av Nil­sen skriv om.

Han er opp­te­ken av at trua berre kan vekse i det fri, men skriv sam­stun­des at «Stats­kyr­kja tek meir og meir form av ein si­vil­re­li­gion, ein folke­re­li­gion der ein kan tru nær sagt kva som helst, så lenge ein berre er med­lem.»

Pre­di­kan­tens dot­ter

Den av dei tre skri­ben­ta­ne som er nær­ast den røyn­da Dagen har sprun­ge ut frå, er tru­leg Eli­sa­beth Klep­pe. Mange vil hugse henne frå do­ku­men­ta­ren «Pre­di­kan­ten», som NRK sende i fjor.

Ho skriv ærleg om kor­leis ho opp­lev­de opp­veks­ten i Dei Frie Evan­ge­lis­ke For­sam­lin­gar og etter kvart Oslo Krist­ne Sen­ter som for trong, og om kor­leis sær­leg for­hol­det til faren har vore ut­ford­ran­de etter at ho valg­te å ikkje heilt gå den vegen for­eld­ra hadde plan­lagt.

Ho skriv sam­stun­des sym­pa­tisk og djupt re­spekt­fullt om for­eld­ra sine, og er opp­te­ken av å un­der­stre­ke at ho ikkje har for­la­te trua sjølv om ho meir eller mind­re har for­la­te ak­tivt kyr­kje­lyds­liv.

Vek­ti­ge inn­spel

Ingen av dei tre in­ter­vju­ob­jek­ta er heilt ty­pis­ke for dei som går ofte til krist­ne guds­te­nes­ter og møte. Men alle tre har vek­ti­ge inn­spel til ut­vik­lin­ga av kyr­kje­lyds­kul­tu­ren i vår tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Af­ten­pos­ten-re­dak­tør Ha­rald Stang­hel­le er in­ter­vjua i same num­mer av Syn og Segn, og for­tel at han er «for tvi­synt og stil­ler for mange spørs­mål» til å kunne til­høy­re nokon re­li­gion eller po­li­tisk ideo­lo­gi.

Det hadde vore sunt for mange krist­ne miljø her i lan­det om vi vart flin­ka­re til å møte ær­lege spørs­mål utan å av­vise dei som spør.

DAGEN

Anmeldt/ TIDSSKRIFT

Syn og Segn 1/14

Tidsskrift for kultur, samfunn og politikk

Det norske samlaget

121 årgang