Bygde frelsesfjell midt i ørkenen

Kunstnaren Leonard Knight har etterlate seg eit svært uvanleg minnesmerke: Salvation Mountain.

I ør­ke­nen sør i Ca­li­for­nia - i eit tørt og av­si­des­lig­gjan­de om­rå­de - ligg ein spe­si­ell at­trak­sjon.

Opp­havs­man­nen Leo­nard Knight døyd­de sist veke, 82 år gam­mal. Ei­gent­leg kom han frå Ver­mo­nt, i det heilt mot­set­te hjør­net av USA.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den tid­le­ga­re sol­da­ten under Ko­rea-kri­gen på 1950-ta­let vart uven­ta kris­ten som 35-åring. Han vart bren­nan­de opp­te­ken av å nå ut med eit en­kelt vitne­mål om Jesus.

14 års bøn og ar­beid for å byg­gje ein luft­bal­long som han kunne bruke til å spreie om­ven­dings­bod­ska­pen, førte ikkje fram.

Men så fann han på noko heilt anna: I løpet av tre tiår skap­te Leo­nard McK­night ved hjelp av tegl, strå og tu­sen­vis av liter må­ling kunst­in­stal­la­sjo­nen Sal­va­tion Moun­tain.

På top­pen står ein kross, og under står på­skrif­ta: «Gud er kjær­leik». Hau­gen er elles de­ko­rert med mel­lom anna duer, skyar, flagg, blo­mar, hjar­te, elvar - og frel­ses­bøn, Fa­der­vår og bi­bel­vers.

Blant desse siste er Den vesle bi­be­len, Jo­han­n­es 3,16: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den ein­bor­ne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå for­tapt, men ha evig liv».

Treng ved­li­ke­hald

Kvart år kjem tu­sen­vis av men­nes­ke for å sjå Sal­va­tion Moun­tain, som var livs­pro­sjek­tet til Knight, skriv Time Ma­gazi­ne. Fri­vil­li­ge har ar­beidd for å verne og ta vare på in­stal­la­sjo­nen sidan Knight vart råka av de­mens og plas­sert på plei­e­heim i 2011.

The Folk Art Socie­ty of Ame­rica har er­klær­te alle­reie i 2000 at in­stal­la­sjo­nen er verne­ver­dig. Og Ca­li­for­nia-se­na­to­ren Bar­ba­ra Boxer be­skreiv det som ein «unik og vi­sjo­nær skulp­tur (...) ein na­sjo­nal skatt» i ein tale til se­na­tet i Wash­ing­ton D. C. i 2002.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det varme kli­ma­et i om­rå­det gjer at kon­ti­nu­er­leg ved­li­ke­hald er nød­ven­dig der­som in­stal­la­sjo­nen ikkje skal gå i opp­løy­sing.

Dagen