Attgifte i den kristne forsamlinga

Det er i denne si­tua­sjo­nen av­gje­ran­de vik­tig at ein held fast på det Guds ord seier om ek­te­skap, skils­mis­se og att­gif­te, og ikkje let seg styra av hald­nin­gar i sam­fun­net og kjens­ler i møte med par som ønskjer nytt ek­te­skap, skriver Johannes Kleppa.

Skils­mis­se og att­gif­te har vorte svært om­fat­tan­de i det nors­ke sam­fun­net. Det pre­gar også mange krist­ne for­sam­lin­gar. Skils­mis­se og att­gif­te fører med seg mange ut­ford­rin­gar for sam­fun­net ge­ne­relt, for den krist­ne for­sam­lin­ga og for fa­mi­lie­li­vet. Dette drei­er seg om pro­blem­stil­lin­gar som det er krev­jan­de å gå inn i på eit teo­re­tisk og lære­mes­sig plan, og på eit per­son­leg og sjele­sør­gerisk plan.

Kris­tent sett har spørs­må­let om skils­mis­se og att­gif­te lenge vore eit spørs­mål som det har vore usem­je om. I Bede­hus-Noreg har ein stort sett stått for det re­strik­ti­ve synet som seier nei til nytt ek­te­skap etter skils­mis­se. I teo­lo­gis­ke miljø har mange stått for det så­kal­la gamal­l­u­thers­ke synet som opnar for att­gif­te for den uskyl­di­ge par­ten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette føre­set altså at skils­mis­sen har sin grunn i utru­skap frå den eine si side, og det er den som ikkje har vore utru som då kan gifta seg opp­att. Det har vore van­leg at ein på tvers av desse to syna på att­gif­te, har vore samde at den som er att­gift eller gift med ein frå­skild, ikkje skal ha ån­de­le­ge leiar­po­si­sjo­nar eller for­kyn­nar­te­nes­ter - dette har med føre­bile­te­po­si­sjo­nen i slike funk­sjo­nar å gjera.

Det har vorte sagt at vi i dei krist­ne for­sam­lin­ga­ne burde hatt flei­re som er att­gif­te. Det er kor­rekt, som vi burde hatt flei­re som ikkje var det, flei­re eins­le­ge, flei­re di­rek­tø­r­ar, flei­re ar­beids­lau­se, flei­re med al­ko­hol­pro­blem og flei­re av alle grup­per folk. I den krist­ne for­sam­lin­ga skal det vera rom for alle, og alle skal få re­spekt og om­sorg, og dei skal få til­lit og opp­gå­ver som sva­rar til trus­li­vet og nåde­gåve­ut­rust­nin­ga.

Det er mange grun­nar til at folk skil seg, og mange gjer det i ung alder. Mange finn det - for­ståe­leg nok - nes­ten umog­leg å leva eins­leg res­ten av livet, og det har vorte van­leg å ak­sep­te­ra att­gif­te om­trent uan­sett grunn for skils­må­let. Det ska­per nye ut­ford­rin­gar for den krist­ne for­sam­lin­ga, og for bede­hus­for­sam­lin­gar som no også har vig­sels­rett.

Det er i denne si­tua­sjo­nen av­gje­ran­de vik­tig at ein held fast på det Guds ord seier om ek­te­skap, skils­mis­se og att­gif­te, og ikkje let seg styra av hald­nin­gar i sam­fun­net og kjens­ler i møte med par som ønskjer nytt ek­te­skap. Alle skal mø­tast med for­stå­ing og om­tan­ke, men det vil ikkje seia at alle skal få vil­jen sin. Bede­hu­set bør halda fast på det re­strik­ti­ve synet på att­gif­te, og fyl­gja det i sin vig­sels­prak­sis.

Det som pro­ble­ma­ti­se­rer dette spørs­må­let yt­ter­le­ga­re, er at mange inn­ret­tar seg i sam­buar­skap før dei gif­ter seg, anten det er for førs­te gong eller ved att­gif­te. Også sam­buan­de er vel­kom­ne i den krist­ne for­sam­lin­ga, fordi dei - som alle andre - treng høyra Guds ord til om­ven­ding og nytt liv. Alt er li­ke­vel ikkje ordna kris­tent sett ved at dei gif­tar seg. Skal dei få til­lit og opp­gå­ver i for­sam­lin­ga, krev­jast det at synd er ved­kjent og opp­gjort, det gjeld for alle typar synd.