SPIRA: La Gud gi vekst, skriv Håkon C. Hartvedt.

La Gud gi vekst

I dag plukkar vi frå bladet «Trygg Havn» og leiaren til generalsekretær Arne Helleland, som har bakgrunn som bonde.

«Det er så godt å vite at det er Gud som gir vekst. Like lite som eg kan få graset til å spira av eit frø, like lite kan eg overtyda nokon om å la seg frelsa. Men eg må jo så ut grasfrøet om det skal spira. Og me må så ut Guds ord om det skal spira.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så er det viktig når eg har sådd grasfrøet i jorda, at eg ikkje går og grev det opp att for å sjå om det har spirt.

Riv ein det stadig opp, vil det mest sannsynleg døy, sidan det ikkje får tid til å slå rot. Men eg kan gjødsla, vatna og passa på at ikkje andre går og rotar der eg har sådd.

På same måten må me la Guds ord få gjera si gjerning der det blir sådd, ikkje gå og rota og pressa på dei me så gjerne vil skal ta imot. Det kan verka mot sitt føremål, frøet vil kanskje døy.

Me må falda våre hender til Gud og leggja det i Hans hand. ‹Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vokster›, kan me lesa i 1. Kor. 3,6.»

Slik skriv Helleland, og eg trur det er bra om me legg dette på hjartet. Kanskje ikkje minst overfor våre nærmaste.

Me har vist dei vegen. No skal me få leva i bøn om at Gud må få verka i deg og gjera sitt verk. «Tro på Herren Jesus, så skal du bli frelst, du og ditt hus!» 
 (Apg. 16,31)