Lesehest: Olina Bjørlykke (100 ½) les Dagen med glede på aldersheimen. Her med en utgave fra 1980.

Med Dagen i 100

100 år gamle Olina Bjørlykke er trofast Dagen-leser. Ho har gøymt aviser i alle år i kasser på loftet, og no sit ho på aldersheimen i Sykkylven og blar i 1980-årgangen.

– Dagen forsvarar det kristelege. Vi treng avisa. Det vert abonnert på det som er ringare enn Dagen, slår ho fast.

I kassene sine har ho utklipp som femner alt frå EEC-debatten og jødane sin situasjon til kristendomsfaget i skulen, familiespørsmål og matoppskrifter. Tanken har vore at alt dette ville ho lese om att når ho vart gammal.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er mykje i samfunnet som engasjerer. Olina Bjørlykke les reportasjar i Dagen som ho ikkje finn i andre aviser. Spesielt fylgjer­ ho med i stoff som omhandlar ­Israel og konflikten med palestina-arabarane.

– Der er sterke krefter i sving, seier ho, og vil ikkje seie så mykje meir enn det.

Israelsvenn

Sjølv var ho ein tur til Israel i 1992, og då fekk ho sjå både Jerusalem og Gennesaretsjøen. Då fekk ho gå der Jesus gjekk, og det var ei stor oppleving. Ho har også fylgt SI Reiser til Oberammergau og sett pasjonsspelet der, så ho har fått med seg mykje.

Olina Bjørlykke har alltid halde ein knapp på Kristeleg Folkeparti sin politikk. Ho gjorde si borgarplikt og stemte ved stortingsvalet då ho var 99 år. Det var viktig for henne å møte fram i røystelokalet den dagen.

Kjell Bondevik og seinare Kjell Magne Bondevik er politikarar ho set høgt. Men ho ser vidare enn det: idrettsheltar som Hanevold og Wirkola er slike som får dama til å rette seg opp i stolen. Der er mange namn å hugse etter eit langt liv.

Ho har hatt det godt, seier ho og siterer: «Det spørs ikkje hvordan man har det, men hvordan man tar det.»

Tafjordulukka

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I 1934 kunne det ha gått gale, for då hamna ho midt oppi ei tragisk hending som seinare vart kalla Tafjordulukka. Ei stor ur rasa ned i fjorden midt på natta, og mange drukna. Olina og familien berga seg. Seinare har ho hatt ei sinnsro som mange vil misunne henne.

Ho budde heime til ho hadde feira 100 år. At det kom gratulasjon frå Slottet, var stas, og ordførar Lyshol troppa opp og talte. Men i mai svikta eine foten, og no har ho fått installert seg på aldersheimen. I desse førjulstider saknar ho kjøkkenet sitt med lefsebaking, lukt av smultringar og spenninga med å lage heimelaga karamellpudding. Det har vorte eit rolegare liv, men ho er framleis frisk og kan vere kjapp i replikken. Som då ho fekk høyre at ein kjend mann i Oslo på 83 år nyleg hadde fått seg dame.

Å ja, sa Olina. Han fær ikkje vere moalaus, då!

Sjølv har ho aldri vore moalaus. Der er alltid lys i enden av tunnelen.

Geitemjølk

– Kva er oppskrifta på å bli så gammal?

– Eg trur det må vere å drikke geitmjølk og heivatn. Det har eg gjort i ungdommen, seier Olina, som framleis er avhengig av brunost på brødskivene.

Vi har det godt i matveien her i Norge. Eg hugsar under krigen. Det var potetene som berga oss då. Vi kokte poteter og laga potetkaker. Vi svalt ikkje, seier hundreåringen som synest det er ein styggedom å kaste mat. Det vert ikkje gjort så lenge ho bestemmer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dagen

Og det er ho sjølv som har bestemt at ho skal abonnere på Dagen enno. Rett nok har ho konsentrert seg om dei avisene som kjem til helga.

– Dagen vil eg ha. Eg har lyst å fylgje med, slår ho fast og kastar eit nysgjerrig blikk på avisdungen ho har liggande.

Les også
Den stolte Dagen-arven
Les også
Like fin fest uten bursdagsbarnet?«Vi feirer jul»
Les også
En troverdig stemme