LANSERING:Kåre Conradi song mellom anna "Alle dei fuglar som flaug".

Salmeskatt til nye generasjonar

Skodespelar Kåre Conradi synest det er flott å få vere med på å formidle barnesalmar til nye generasjonar. Mange av salmane har han med seg frå barndomen.

– Eg tenkjer at dei barna som lyttar til desse barnesalmane, får med seg noko som vil sitje att i dei til dei blir gamle, seier han. Tysdag var han med på lanseringa av CD-en «Takk, gode Gud, for alle ting».

Saman med Conradi er Ingelin Reigstad Nordheim og Ole Børud artistar på CD-en, medan jenter frå Jeløy Kirkes Barne- og Ungdomskor er koristar.

Barnesalmane er henta frå Barnesalmeboka som IKO og Verbum gav ut i fellesskap for nærmare ti år sidan. Det er tidlegare gitt ut èin CD med salmar frå boka, no er nummer to komen. Den inneheld 20 salmar, både klassiske og nyare salmar.

Geir Hegerstrøm, som saman med Erlend Fagertun har arrangert melodiane, seier at dei har vore opptekne av å arrangere dei slik at alle salmane, også dei velkjende, skulle lyde nye og friske.

– Arrangementa er vakre, og er med på å understreke bodskapen i tekstane, synest Ingelin Reigstad Nordheim.

Ein annan av artistane på plata, Ole Børud, er vel kan hende meir kjend for songar med mykje futt og fart. Like fullt meiner han at salmar definitivt er noko for barn, og at det er viktig å formidle salmane vidare til barn som veks opp i dag.

Trond Egil Oftung har vore organist i Jeløy kirke i 23 år. Han står i spissen for eit aktivt kormiljø for barn og unge i regi av kyrkja, og han er dirigent for dei ni jentene frå Jeløy som er koristar på CD-en.

– Eg opplever at barn som kan salmar, får ein skatt som dei tar med seg vidare i livet, seier han.

– Salmar inneheld mykje på èin gong: Musikk, teologi og troslære, påpeikar produsent Geir Hegerstrøm.

"Fager kveldsol smiler", "Alle dei fuglar som flaug", "Gud, du har mange å tenke på" og "Gud som har oss alle kjær" er blant dei 20 utvalde salmane på den nye CD-en IKO-Forlaget har gitt ut.


KPK