Inviterer pilegrimar til Sunnivaleia

Pilegrimsfelleskapet Sankta Sunniva vil gjere det lettare for pilegrimar å finne fram over sjø og land, frå Bergen til klosterøya Selja.

Sist veke vart det øku­me­nis­ke Pi­le­grims­fel­les­ska­pet Sank­ta Sunni­va høg­ti­de­leg stif­ta på Tu­nold-gar­den på klos­ter­øya Selja. Målet til fel­les­ska­pet er å frem­je in­ter­es­se for pi­le­grims­ferd langs kys­ten, ikkje minst langs det som har fått nam­net Sunni­va­leia, ruta som kny­ter Ber­gen saman med dei gamle hei­lag­stada­ne Kinn og Selja.

Sunni­va og Sel­ju­men­ne­ne

At ruta og fel­les­ska­pet har teke nam­net etter Noregs ein­as­te kvin­ne­le­ge hel­gen, Sank­ta Sunni­va, er ikkje til­fel­dig. Iføl­gje le­gen­da flyk­ta den irske kongs­dot­te­ra Sunni­va frå ein hei­densk friar. Saman med føl­gjet sitt la ho livet i Guds hen­der og la ut på havet i båtar utan årar. Ein av bå­ta­ne kom til øya Kinn utan­for Florø. Dei andre gjekk i land på Selja, yt­terst i Nord­fjord. Sunni­va skal sidan ha lide mar­tyr­dø­den for å slep­pe unna men­ne­ne til Håkon Jarl.

Øya Selja vart det førs­te pi­le­grims­må­let i Noreg og vart sen­tral i krist­nin­ga av lan­det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Å for­mid­le for­tel­jin­ga om Sank­ta Sunni­va og Sel­ju­men­ne­ne er eitt av måla til det ny­stif­ta pi­le­grims­fel­les­ska­pet. Dei vil også legge til rette for at pi­le­gri­ma­ne skal få eit møte med kyst­fol­ket si tru, og med na­tu­ren, kul­tu­ren og his­to­ria. Og dei håpar å lage eit nett­verk av fri­vil­le­ge hjel­pa­rar langs kys­ten som ønskjer å vere gjest­frie og ta godt i mot pi­le­gri­ma­ne som kjem.

Merka rute

Sokne­prest i Selje, Kari Leine Balog, har ar­beidd for å få på plass ei pi­le­grims­lei sidan 2007. Ho var tid­le­ga­re vi­kar­prest i Florø eit år, og vart vel­dig be­geist­ra for Kinn med den gamle mid­del­al­der­kyr­kja og Kin­na­s­pe­let.

Då ho kom til Selje, såg ho at det ville vere fint å knyte dei to plas­sa­ne saman med ei pi­le­grims­lei. Un­der­vegs fekk ho blant andre Knut Magne Nesse, sokne­prest i Kinn sokn i Florø, med i ei pro­sjekt­grup­pe. Begge var til sta­des på stif­tings­mø­tet på Selja sist veke og blir med i sty­ret for den nye for­ei­nin­ga vi­da­re.

- Det er ut­ar­beidd ei merka vandre­lei. Tan­ken er at du skal kunne gå til fots, men kome deg fram med of­fent­leg båt­trans­port der det er nød­ven­dig. Difor blir kon­sep­tet «vand­ring over sjø og land», for­kla­rer dei.

- Til no har vi hatt fire or­ga­ni­ser­te vand­rin­gar mel­lom Kinn og Selja.

Ut­vi­dar

Den nye for­ei­nin­ga ønskjer no å ar­bei­de vi­da­re med å ut­vi­de Sunni­va­leia til Ber­gen.

- Dei tre stada­ne høy­rer na­tur­leg samen, sidan skri­net med Sank­ta Sunni­va vart ført frå Selja til Ber­gen, og sidan Ber­gen har vore pi­le­grims­mål i seg sjølv, seier Nesse.

Dei håpar blant anna å kunne ar­ran­ge­re ein fem dagar lang tur der folk kan reise med eks­press­båt, men gjere flei­re stopp un­der­vegs og vitje sta­der som Gula­ting, kvernsteins­par­ken i Hylle­stad som for­syn­te kys­ten med stein­kors i gam­mal tid, og sjølv­sagt Kinn og Selja.

- Ei vand­ring lands kys­ten byr på andre opp­le­vin­gar og ut­ford­rin­gar enn pi­le­grims­lei­e­ne i inn­lan­det, seier Knut Magne Nesse, som er vald til leiar i Pi­le­grims­fel­les­ska­pet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Før i tida var dess­utan kys­ten den frems­te ferd­sels­ve­gen. Dei fles­te lang­vegs­fa­ran­de pi­le­gri­ma­ne i Noreg reis­te sjø­ve­gen mot Ni­dar­os. Kinn og Selja var na­tur­lege stoppe­sta­d­ar for dei sjø­fa­ran­de pi­le­gri­ma­ne.

Kyst­pi­le­grims­leia

Sunni­va-leia blir ein del av kyst­pi­le­grims­leia som er under ut­ar­bei­ding, og som skal gå langs heile norske­kys­ten til Trond­heim.

- Tan­ken med kyst­pi­le­grims­leia er at den kan gjen­nom­fø­rast som ein båt­tur der ein går innom dei vik­ti­gas­te sta­de­ne langs kys­ten, for­kla­rer Nesse.

Sunnivaleia

Ei pilegrimsferd over sjø og land som knyter Bergen saman med dei to gamle heilagstadane Kinn og Selja.

Frå Kinn Til Selja er det merka løype.

Det nystifta Pilegrimsfellesskapet Sankta Sunniva skal arbeide for auka interesse for pilegrimsferd langs kysten.

Les også
Ragnhilds store steg i tro