Forstår vi kva vi seier?

Språk er iden­ti­tet. For nokre av oss er språk også ei in­ter­es­se og eit leve­brød, men for alle er språk nød­ven­dig for å fun­ge­re i fa­mi­lie, ar­beid og fri­tid.

Ein sam­funns­bor­gar utan språk, er ein hand­lings­lam­ma sam­funns­bor­gar. Gjen­nom språ­ket kan vi for­stå og gjere oss for­stått, ut­løy­se hand­lin­gar og forme hald­nin­gar.

Språ­ket er le­van­de, i sta­dig end­ring. Det er ei ut­ford­ring å henge med slik at vi for­står nye ord og ut­trykk som veks fram. Men språ­ket har også røter. Desse er ikkje vik­ti­ge berre for dei som er li­den­ska­pe­leg in­ter­es­ser­te i glo­ser og gram­ma­tikk. Tvert om treng vi alle å skjø­ne kva orda og ut­tryk­ka våre betyr for å bruke dei på ein mei­nings­full måte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I pro­tes­tan­tis­ke land står Bi­be­len i sær­klas­se som le­ve­ran­dør av faste om­grep og sei­e­må­tar. Det har tru­leg sa­man­heng med at re­for­ma­to­ra­ne la stor vekt på at folk flest skul­le lese Bi­be­len. Mo­ti­va­sjo­nen var å nære kris­ten tru og kris­tent liv, men det hadde også ein kul­tu­rell ef­fekt. Judas, urias­post og rama­skrik er døme på bi­bels­ke ut­trykk som er inn­ar­beid­de i det nors­ke språ­ket. Men skal vi for­stå kva ut­tryk­ka rom­mar, må vi kjen­ne sa­man­hen­gen dei kjem frå.

I saka om bibelske ord og uttrykk pre­sen­te­rer vi nokre av dei mange bi­bels­ke orda og ut­tryk­ka Syl­fest Lom­heim har samla til boka «Adam og Eros. Ord og ut­trykk i bibel og my­to­lo­gi», som han har gitt ut saman med Terje Nord­by. Lom­heim om­ta­lar gresk my­to­lo­gi og dei bi­bels­ke føre­stil­lin­ga­ne som dei to ri­kas­te kjel­de­ne for språk og føre­stil­lin­gar i heile Euro­pa.

Frå eit kris­tent syns­punkt er fram­leis det vik­ti­gas­te med å kjen­ne Bi­be­len at men­nes­ket der finn san­nin­ga om Gud, verda og seg sjølv. Men uav­hen­gig av livs­syn er bi­belsk kunn­skap vik­tig for å vite kvar ein kjem frå - og mykje av dag­leg­språk og for­skjel­lig slags lit­te­ra­tur heilt opp til vår tid.

Knapt kan det sei­ast kla­ra­re enn det er gjort av den bri­tis­ke bio­logi­pro­fes­so­ren og erke­ate­is­ten Richard Dawkins:

«Ein som har en­gelsk som mors­mål og ikkje har lese eit ein­as­te ord av King Ja­mes-bi­be­len, er på gren­sa til å vere bar­bar,» skreiv han i The Guar­di­an i fjor.

DAGEN

Les også
Du siterer Bibelen utan å vite detTips oss!Ny bok
Les også
Forfatter omfavner bibelspråket