LUSTER: Urnes stavkyrkje i Luster kommune er datert til rundt 1130. Kyrkja er kommen med på Unescos verdsarvliste.

Stavkyrkjehistoria i nytt lys

Vi har 28 stav-kyrkjer her i landet og dei er nesten tusen år gamle. Korleis blei falleferdige, gamle trekyrkjer til verdskjende nasjonalsymbol?

Ei stavkyrkje er ei kyrkje i stavkonstruksjon. Stav er ei gammalnorsk nemning for stolpe (stafr), og i norsk terminologi blir ordet brukt om dei loddrette stolpane i rammeverket på stavbygget.

I mellomalderen vart det truleg bygd over 1.000 slike kyrkjer her i landet. Stavkyrkjene vert, saman med vikingskipa, rekna som Noregs viktigaste bidrag til verdskulturarven.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sine Halkjelsvik Bjordal frå Volda har skrive ei doktorgradsavhandling («Om denne haves intet mærkværdigt») ved Universitetet i Oslo om kva syn ein hadde på stavkyrkjene våre på 1700- og 1800-talet.

Det var på denne tida desse kyrkjene vart «oppdaga» som byggjekunst og etter kvart verneverdige fortidsminne.

VIK I SOGN: Hopperstad stavkyrkje i Vik i Sogn, bygd rundt 1180.

Ny innsikt frå gamle tekstar

Gjennom ein studie av eit stort tekstmateriale som strekkjer seg frå 1743 til 1892, og som omfattar mange sjangrar og eit mangfaldig utval teikningar og bilete har Bjordal undersøkt kva kunnskap som fanst om stavkyrkjene og på ulike måtar sirkulerte i norsk og delvis europeisk offentlegheit på 1700- og 1800-talet.

Avhandlinga gir ny innsikt i ein sentral del av norsk kultur- og arkitekturhistorie.

FORSKAR: Sine Halkjelsvik Bjordal frå Volda har skrive doktorgradsavhandling om stavkyrkjene våre.

Det finst eit fantastisk visuelt materiale om stavkyrkjene våre og dei florerte i ulike tekstar på 1800-talet. Eg har vore opptatt av korleis stavkyrkjene er blitt framstilt – gjennom ord og illustrasjonar – i dei ulike tekstane.

Eg vil løfte fram eit materiale som ikkje har vore så synleg og prøver å forstå den kyrkjekunnskapen som fanst på 1700- og 1800-talet og kva den kunnskapen førte til, seier Sine Halkjelsvik Bjordal.

Ho har mellom anna hatt tilgang til arkivet til Fortidsminneforeningen, og har elles utforska ei stor samling tekstar av ulike slag.

Ved å vise korleis ulike former for kunnskap om stavkyrkjene oppstår, følgjer etter kvarandre, byggjer på og overlappar kvarandre, og ikkje minst sameksisterer til langt inn på 1800-talet, presenterer Bjordal her ei annleis historie om norske stavkyrkjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Viktige bygg i lokalsamfunnet

Kulturhistoria til desse mellomalderkyrkjene på 1700- og 1800-talet er langt meir kompleks og mangfaldig enn det som tidlegare er blitt hevda.

– I mange tilfelle har historia til stavkyrkjene, oppdaginga av dei og behandlinga av dei, blitt skriven inn som ein del av den nasjonalromantiske oppvakninga på 1800-talet. Ein får inntrykk av at stavkyrkjene brått stod der som nasjonale symbol, oppdaga først av ein liten kulturell elite. Men slik var det ikkje, seier Sine Halkjelsvik Bjordal.

– Så kva syn hadde ein på stavkyrkjer før kjende norske kunstnarar som til dømes J.C. Dahl «oppdaga» dei på 1830-talet og skreiv eit vitskapleg verk om dei?

RAUMA: Rødven stavkyrkje i Rauma kommune i Møre og Romsdal fotografert i 1936. Kyrkja er truleg bygd rundt 1300, men den eldste delen kan vere frå 1100-talet.

I mange av tekstane på 1700-talet, som gjerne var statistiske, geografiske, etnografiske og historiske skildringar av ein stad eller ein region – fann eg ut at visse stavkyrkjer allereie då av fleire blei forstått om særeigne bygg.

Både fordi dei var gamle, men også grunna sine spesielle former. Samstundes var dei i samtida sett på som lokale kyrkjebygg som kunne vere i både god og dårleg stand.

Det var ingen som forstod desse stavkyrkjene som noko typisk norsk. Kyrkjene var rekna som katolske – noko som ikkje vart sett på med blide auge av prestane på 1700-talet.

Men gradvis ser vi utover på 1700-talet i tekstane både ei oppvurdering av såkalla leivningar av katolsk kultur inne i kyrkjene, og av kyrkjebygga i seg sjølv, seier Bjordal.

Fortida blir aktuell

På byrjinga av 1800-talet kan ein så smått sjå ei interesse for kyrkjebygga som bygningskunst, i tillegg til ei forståing av at det gamle faktisk er noko som kan forsvinne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Fortida får ein ny aktualitet og det katolske blir oppvurdert. Tanken på at det gamle kan forsvinne set i gang ei rekkje innsamlingsprosjekt.

I topografisk, antikvarisk og historisk orienterte tekstar blir stavkyrkjene no aktuelle på nye måtar – dei blir vurderte som byggjekunst og som historie. Først med eit klassisk blikk, så med eit blikk for verdien av det mellomalderske, seier Sine Halkjelsvik Bjordal.

Eit anna viktig element i historia til stavkyrkjene på 1800-talet var tanken om at desse bygningane representerte ei mellomaldersk religiøs «ånd», som også burde materialisere seg i nye kyrkjebygg.

Seinare var det ornamentikken og dragehovuda som vart nytta i ny, verdsleg arkitektur og i til dømes skandinaviske paviljongar på verdsutstillingar. Her stod det nasjonale i fokus, noko som blei viktig først og fremst mot slutten av 1800-talet.