SØRGELEG: Særleg sørgeleg og vemodig er det å lesa kapitlet «Kristen antisemittisme». Både på katolsk og luthersk side er det mykje ein kan kjenna på både skam og sinne overfor, skriv Paul Odland. Biletet er frå den jødiske synagogen i Oslo.

Meisterstykke om europeisk jødedom

I varierande grad har det lukkast 
å bli eit med samfunnet. Det har vore sterke intern-jødiske debattar og usemje mellom sionistane og dei meir assimilasjons-venlege.

Professor emeritus i moderne historie, Einhart Lorenz (fødd 1940), har gjeve oss endå eit storverk om jødedom og jødisk liv i vår verdsdel.

Han er mellom anna medforfattar av den gigantiske «Jødehat» frå 2005, saman med Trond Berg Eriksen og Håkon Harket. Heilt ung er han ikkje lenger.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men han signaliserer i slutten av denne boka, at han har endå meir han vil fortelja om, mellom anna kor utfordrande det vart å byggja opp att eit jødisk liv i Europa etter at andre verdskrigen var over. Ja, måtte han få år og helse og krefter til det!

Fact box

Fem hundre år

Det er eit sveip over rundt rekna fem hundre år han tek oss med på i denne boka, innan Europa. Frå jødane vart drivne vekk frå Vest- og Sentral-Europa på 1400- og 1500-talet, og heilt fram til utbrotet av andre verdskrigen.

Nokre få glimt og litt statistikk frå perioden 1939-1945 tek han også med. Men det er meir enn overtydeleg at han sit på uendeleg mykje meir stoff om desse åra også som han gjerne skriv om.

For kvart kapittel er det eit lite resyme som kjem heilt først. Det gjorde lesinga lettare. Slik sett kan ein også lesa boka som oppslagsbok, og ikkje nødvendigvis fylgja den kronologiske linja.

Alle slike pedagogiske grep er eit pluss her, for det er ikkje noko «sengekant-lektyre» akkurat, for å bruka eit slitt omgrep. Stoffet i seg sjølv er krevjande, mellom anna fordi det er så mykje som er nytt og ukjent, og fordi det er sårt og smertefullt å lesa.

Sjølve skriftbiletet er ganske tett. Sidene er store, stoffmengda er på grensa til uhorveleg. Bilete og illustrasjonar som «mjuknar opp», finst i berre liten grad. Dette er ikkje klagemål verken mot forfattar eller forlag.

Eg nemner det berre, slik at lesarane kan vera førebudde. Denne boka må ein vilja lesa. Men det trur og vonar eg at mange vil. Ho fortener det. Dette er kunnskap som er uhyre verdfull i ei tid der antisemittismen sine mange grimme og grelle ansikt syner seg på nytt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Assimilasjon

Det vil føra for langt å gå gjennom innhaldet, hundreår for hundreår, eller land for land, om ein vil. I første del av boka handlar det mest om Spania og Portugal, og litt Vest-Europa elles. Men deretter er det mest fokus på Aust-Europa.

Bokomslag.

Det er nokre mønster som går att. Jødane har strevd med assimilasjon meir eller mindre overalt og alltid. I varierande grad har det lukkast å bli eitt med det samfunnet dei levde innanfor.

Stort sett har det alltid også vore til dels sterke og intense intern-jødiske debattar om korleis ein skulle ordna seg. Ikkje minst var det lenge stor usemje mellom sionistane og dei meir assimilasjons-venlege. Litt forenkla kan ein nesten seia at Holocaust og Hitlers skrekkvelde førte til eit sterkare intern-jødisk samhald.

Pogromar og massakrar

I somme periodar har jødisk kultur og åndsliv blømt. Boka rommar meir enn eitt hjartesukk frå forfattaren med tanke på alt det flotte og gode me har mista i så måte. For det har også vore periodar, mange og lange periodar, der forfølging og trakassering har vore normalen.

Massakrar og pogromer var ikkje noko nytt fenomen i og med andre verdskrigen. Lorenz skriv også mykje om antisemittisme som har hatt (og har) så mange slags andlet og grunngjevingar; både økonomiske, kulturelle, religiøse aspekt, og til slutt hjå nazistane, det etniske, blodsmessige. Jødane vart gjort til noko mindreverdig.

Best å bli kvitt dei! Særleg sørgeleg og vemodig er det å lesa kapitlet «Kristen antisemittisme» (side 250 ff). Både på katolsk og luthersk side er det mykje ein kan kjenna på både skam og sinne overfor.

Lorenz skriv mykje og forvitneleg om både Dreyfus-saka og Herzl og den etter kvart veksande sionistiske rørsla. Han omtalar Balfour-erklæringa frå 1917, men eg ser ikkje at han har nemnt San Remo-vedtaka frå 1920. Det synest eg er litt rart.

1930-talet og vegen inn i Holocaust

Til slutt er det eit grundig kapittel om Tyskland og 1930-talet, særleg med fokus etter 1933.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ei liding å gå gjennom dette, og å sjå kor tett dei kom alle antijødiske vedtak og forordningar, og all uvilje, hat og trakassering som vart jødar til del, og kor det etter kvart vart svært vanskeleg for dei som forstod at dei burde flykta, fordi svært få land ville ta imot dei.

Til slutt veit me korleis det enda. I den mest intense fasen mellom august og oktober 1942 vart mellom 20 000 og 30 000 jødar drept kvar dag!

Siste del av boka rommar eit omfattande noteapparat, forklaringar av jødiske ord og omgrep, litteraturliste, namneliste og geografiske omgrep.