Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Ei glede å lesa

Ei fin og oppbyggeleg bok for kristne generelt, og det er ei fin og god rettleiing for folk som slit eller som åndeleg sett er på leiting.

Salme 23 er noko av det meste lesne i Bibelen, og ein av dei tekstane det er forkynt mest over. Det skal difor godt gjerast å seia noko nytt og originalt om denne salma.

Fact box

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det gjer i og for seg heller ikkje Einar Krogedal i denne vesle boka, som han om talar som «betraktninger over Salme 23». Det er likevel ei fin og verdfull bok. Framstilling er enkel og sentral, lett tilgjengeleg og oppbyggeleg.

Bokomslag.

Bodskapen i salma kjem tydeleg fram, og vert personleg adressert. Krogedal løfter fram mange bibelord –særleg frå salmane, og han siterer mange åndelege songar. For dei siste kunne han gjerne oppgjeve forfattar.

Framstilling og skrivemåten er slik at boka passar for mange grupper. Det er ei fin og oppbyggeleg bok for kristne generelt, og det er ei fin og god rettleiing for folk som slit eller som åndeleg sett er på leiting. Hyrden trer fram, slik at folk kan få kontakt med han og finna åndeleg kvile.

Kort sagt er denne boka ei fin lita sak, som eg vonar mange skaffar seg, og det er ei fin lita gåvebok. Det var ei glede å lesa boka.