ORDINASJON: Kan biskop Nordhau
...
ORDINASJON: Kan biskop Nordhaug i Bjørgvin (biletet), etter å ha skrive denne boka, nokon gong avvise til ordinasjon kandidatar som står for og forkynner universalisme, at alle blir frelst til slutt? spør Rolf Kjøde. Foto: Bjørn Olav Hammerstad
bokanmeldelse
Eit rom for frelse etter døden
Del
Nordhaug er i oppbrot frå den vanlege forståinga i evangeliske kyrkjer og misjonsrørsler om at frelsa ekslusivt er å finne i Skrifta si openberring av Kristus.

Då biskop Ole Nordhaug i Møre i ordinasjonssamtalen i 1986 spurde om eg hadde problem med sider ved kyrkja si tru og lære, sa eg ærleg at læra om dei evige straffene både kjenslemessig og tankemessig var ei stor utfordring.

FAKTA

Anmeldt

Han følgde opp med å spørje om eg av den grunn ikkje kunne stå for kyrkja si lære i desse spørsmåla i forkynning og sjelesorg. Til dette svarte eg at eg ikkje var i tvil om Bibelens lære om den doble utgangen av livet og at dette skiljet er evig, så eg ville både stå for det og forkynne det når situasjonen og teksta kravde det. Det svaret fall biskopen til ro med.

Stansar for tidleg

Ingen skal ta lettvint på den kristne læra om dommen. Vi skuldar å formidle desse tunge spørsmåla med respekt og alvor. Samtidig må vi prøve tankane våre på trua si kjelde, Guds ord.

No tar biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin opp spørsmåla. Han seier ærleg: «Jeg vet ikke hvordan jeg skal løse dette. Strever jeg her med ting som er for store for meg?»

Dei to første kapitla tar utgangspunkt i kjende kategoriar for korleis vi vurderer kristen tru sitt forhold til religionane. Biskopen er særleg opptatt av forholdet mellom eksklusivismen, som han er i oppbrot frå, og inklusivismen, som han landar i. Kapittel to er tematisk berande for boka og stansar derfor for tidleg i drøftingane sine.

Kapittel tre og fire går vidare og drøftar religionsdialogen, med særleg vekt på spørsmålet om interreligiøs bøn. I kapittel fem relaterer han til professor Jan-Olav Henriksen. Kapittelet opplevast litt på sida av boka sine berande spørsmål. Biskopen er kritisk til sanningsspørsmålet i Henriksens «pragmatiske teologi», men markeringa overfor professorens radikale posisjon er forsiktig.

Siste kapittel handlar primært om religionspolitikk. Her kommuniserer Nordhaug betre enn dei fleste. Sjølv om eg følgjer han i det meste, meiner eg likevel at kapittelet har minimal tilknyting til boka sine hovudtema.

Gud kan ikkje vere bunden

Grunnspørsmålet er «Kva med dei andre?» Spørsmålet har to adresser, det historisk/geografiske (dei som aldri fekk tilgang på evangeliet om Jesus) og det religiøse (status for anna tru enn den kristne). Det første treng ikkje ha noko med religionsteologi å gjere. I luthersk teologi står det nær spørsmålet om udøypte born. Der tenker vi at Gud har bunde oss til nådemidla, men Gud sjølv kan ikkje vere bunden.

Nordhaug er i oppbrot frå den vanlege forståinga i evangeliske kyrkjer og misjonsrørsler om at frelsa eksklusivt er å finne i Skrifta si openberring av Kristus, at religionane sine vegar fører bort frå evangeliet, og at evangeliet derfor må proklamerast.

Inklusivismen, som står sterkt i kyrkjeøkumenikken, opnar for at delar av evangeliet kan finnast i religionane og derfor virke til frelse også i og gjennom dei. Mi forsking har vist at forskjellen i religionsteologien mellom Lausannerørsla og Kyrkjeverdsrådet er konstant og stor, dels forsterka i KVs siste misjonsdokument.

Utanfor vår kontroll

Paulus på Areopagos står sentralt. Fortellinga blir brukt utan at det innleiande verset får vekt. Før Paulus gjer det eine altaret for ein ukjent Gud til bru i forkynninga, blir vi gjort kjent med at han var rysta i møte med alle dei dominerande avgudsbilda. Paulus reagerer på krenkinga av det første bodet.

Det skal krokete omvegar til for å konstruere ein teologi i Bibelen som inkluderer religionane i spørsmålet om frelsa. Her burde ein luthersk teolog i langt større grad bruke ressursane som ligg i skjelninga mellom lova og evangeliets openberring.

Eit hovudgrep i nyorienteringa er bruken av to utsegner i Peters første brev om Jesu forkynning for dei døde. Nordhaug brukar utsegnene til å opne eit rom for frelse etter døden for dei som ikkje fekk del i evangeliet mens dei levde. Professor Aksel Valen-Sendstad gjorde det same i sin dogmatikk. Vi treng alle påminninga om at Gud alltid har høve til å handle utanfor vår kontroll. Dette treng ikkje leie i retning av ei inklusiv forståing av religionane i frelsespørsmålet.

Vranglære sidan oldkyrkja

Meir dramatisk er at han tar steget vidare og opnar for det som sidan oldkyrkja har vore halde for ei vranglære, at alle menneske til slutt vil bli frelst. Biskopen slår ikkje fast det som blir kalla læra om apokatastasis, men han går langt i å tenke seg dit. Biskop emeritus Tor B. Jørgensen, som ope forkynner at alle blir frelst til slutt, er i overkant freidig når han helsar Nordhaug velkomen etter, for bjørgvinbispen går av på haldeplassen før han.

Nordhaug held tilbake, fordi han innser at «apokatastasis [..] henter mer motstand enn støtte hvis vi ser hele det nye testamente under ett». Vegrande (?) viser han at enkeltversa som blir brukt til forsvar for alles frelse, ikkje kan brukast slik i lys av heilskapen i tekstene. Når han har innsett dette, spør han likevel om alt dermed er sagt. Sjølv om vi eksegetisk ikkje kan opne for alles endelege frelse, meiner han vi må «hente inn mer overgripende bibelske motiver». Grepet gir assosiasjonar til korleis ein i si tid laga ny lære om ekteskapet. «Alle» erkjenner kva Bibelens eksplisitt og konsekvent seier. Likevel finn vi måtar å omgå det på.

Annihilasjon

Biskopen går på filttøfler i møte med professor Henriksens forståing av sanninga. Samtidig stikker biskopen i retning dei som visstnok framfører bodskapen om fortaping «med stor letthet for at vår bibeltroskap skal stå uplettet». Biskopen må ikkje vere overraska om nokon opplever dette som ufint. Ja, kva ansvarlege samanhengar gjeld karikaturen, eigentleg? Og kva meiner han med at Paulus i Romarbrevet 2 og 3 «etter alle (mi utheving) moralske standarder [er] urimelig»? Er det uvøren norsk, eller meiner biskopen det om apostelen?

Mens Nordhaug aktiv nærmar seg læra om alles endelege frelse, overser han i boka ein annan vanleg måte å møte desse fundamentale spørsmåla på, ikkje minst i anglikansk samanheng; at fortapinga ikkje treng å innebere ei evig erfaring men likevel er ein evig konsekvens, læra om såkalla annihilasjon.

Universalisme

Biskop Nordhaug i Møre møtte min kamp med ei utfordring til å klargjere om eg likevel ville plassere meg i kyrkja si felles tru og forkynne dette. Kan biskop Nordhaug i Bjørgvin, etter å ha skrive denne boka, nokon gong avvise til ordinasjon kandidatar som står for og forkynner universalisme, at alle blir frelst til slutt?

halvor nordhaug,rolf kjøde,bibelen,frelse,misjon,fortapelse,bjørgvin