RUNER: I Norden og England finn ein runer på minnesteinar og i Noreg i seinare tid òg i stavkyrkjene. Denne steinen finn me i Sverige.

Vil ha gamle runer fram i lyset

Runer vart brukt som skriftspråk i skandinaviske land i fleire hundre år før vi tok i bruk det latinske alfabetet. Det er vanskeleg å trekke fram berre ein ting når ein skal seie kva som er fascinerande med runene, meiner runeentusiast Dag-Rune Linnerud.

– Det er ei heil pakke med norrøn mytologi, gudetru, arkeologi, språk og språkforsking, seier Dag-Rune Linnerud.

Han har lenge vore fascinert av runeskrifta, korleis ho vart brukt, og samtida runene eksisterte i.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ifølge norrøn mytologi var det guden Odin som fekk openberra runene da han hang i Yggdrasil i ni dagar og netter, gjennombora av sitt eige spyd. Odin var både krigsgud, og gud for visdom, trolldom (seid) og dikting.

FORFATTAR: Dag-Rune Linnerud har skrive boka ­Runenes ­Magiske ­verden.

Etter å ha studert runer og samtida til runene på eiga hand i fleire år, har han no gitt ut ei populærvitskapleg bok om runene. Medan det tverrfaglege emnet runologi (forsking på runer) ofte tek for seg det lingvistiske og historiske, er Linnerud ekstra fascinert av mystikken som følgde teikna.

I boka tek han både for seg kva rolle runeskrifta hadde i det førkristne samfunnet, og gir eksempel på tilfelle der runene vart brukt til magiske formål. Han forklarer òg dei 24 runene i den eldste runerekka, den eldre Futharken.

Hemmeleg kunnskap

Runene er dei eldste kjente skriftteikna som er funne i Skandinavia, og var i bruk i mange hundre år. Dei loddrette og skrå teikna har gjennom hundreåra vore rissa i tre, stein, bein og metall, på våpen, kammar og smykke.

Ordet «runa» kan bety mysterium eller hemmeleg kunnskap, og bruken av runeteikn er òg knytt til magi og spådom.

– I tillegg til å vere eit alminneleg skriftsystem finst det ein heil mytologi som omgir runene, og det er kanskje ikkje runene i seg sjølv, men alt som runene peikar på av gamle skikkar, tradisjonar og åndeleg tru som er det som fascinerer folk aller mest i dag, forklarer Linnerud.

Åndeleg søken

Det var også åndeleg søken som førte Linnerud sjølv på sporet av runene. For over eit tiår tilbake var han på åndeleg leit, og reiste mykje rundt i verda. Han var i Sør-Amerika fleire gonger der han oppsøkte forskjellige trusretningar og ritual. Ein gong spurde ein peruvianar; «Kva med din heimplass, kva med dine tradisjonar og gudar»?

Det var noko han visste svært lite om. Men spørsmålet medverka til at han vende blikket heimover og til vår eiga historie.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

FUTHARKEN: Runeteikna frå den eldre Futharken måla på små steinar.

Ein rik kultur

Linnerud las om norrøn mytologi, i sagaer og om førkristen gudelære, besøkte museum og historiske stader i Skandinavia, gamle runesteinar og gravplassar.

Etter kvart oppdaga han at vi har ein rik gammal kultur som både inneber kunnskap om mat, natur, jakt, fiske, og dyrehald, og om å kunne lese dyreteikn og teikn i naturen.

– Det var kunnskap som var viktig å ha for å overleve. Tenk på kunnskapen våre bestemødrer og oldemødrer hadde om vekstar og plantar og kva du kunne bruke dei til. Ein treng ikkje alltid å gå fleire hundre år tilbake i tid.

TELEMARK: Bratsbergspenna frå Telemark i ­folkevandringstida. Han som ristar runer blir kalla for eril. Ek erilaR og ek irilaR kan omsetjast til: «Eg runeristaren».

Anna natursyn

Linnerud er særleg fascinert av den magiske verkelegheitsforståinga som forfedrane våre hadde, og han har blitt kjent med gamalnordiske tradisjonar som galder, utesitting og seid, som har mykje til felles med sjamanisme.

– Dei hadde eit anna natursyn og eit anna syn på liv og død. Naturen var levande og noko dei meinte dei kunne kommunisere med. Før i tida var skiljet mellom den rasjonelle og den magiske verkelegheita flytande. Tru på gudar, vetter og alvar, dvergar og jotnar er eit uttrykk for dette. Fleire av runenamna er knytte til element, plantar og dyr.

Interesserer mange unge

Sjølv om runeteikna for dei fleste gjekk ut av dagleg bruk i Noreg på 1400- talet, appellerer runene til mange ulike menneske i dag.

– Nokon er hovudsakleg interesserte i historie, arkeologi og språk, og andre er opptekne av sjølvutvikling og er på leiting etter noko unikt som kjem frå tradisjonen vår. Ikkje berre runer, men også gammalt handverk, matoppskrifter, naturkunnskap og vikingtid.

Linnerud har inntrykk av at mange søker tilbake til røtene i dag utan at dei alltid har ei klar forståing av kva det inneber. Han meiner det er mykje å hente, både i folkemusikk, kunsthandverk, litteratur og lokale tradisjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Gammal folketru, trolldom og runekunst er ein del av dette. Runer er både skriftteikn og symbol med meining og kraft som kjem frå den urnordiske kulturarven. Dei har overlevd i folkeviser, på primstavar, i tekstilmønster, i svartebøker og på runesteinar, og dei lever vidare i medvitet vårt.

VIKINGAR: Vikingtid er «i tida», og dukkar blant anna opp i tv-seriar som Vikings. Som del av ­universet dukkar norrøn gudetru og runer opp.

Populærkulturen

Runene dukkar også opp mange stader i populærkulturen, blant anna er dei ein del av universet i «Ringenes Herre» av J.R.R. Tolkien, i tv-serien «Vikings» og i musikkverda.

– Særleg i fantasysjangeren har runene vorte populære. Nye fantasyunivers som er inspirerte av norrøn mytologi og runer dukkar stadig opp i spel, bøker, filmar og tv-seriar. Dei appellerer særleg til unge menneske som ser runene som symbol i eit fantasiunivers med gudar, heltar, krigarar, drakar og eventyrprinsesser, fortel Linnerud.

– Når runene blir tekne heilt ut av den opphavlege konteksten, byrjar dei på sett og vis å leve sitt eige liv. Det er på ein måte greitt, for det er ingen som kan krevje opphavsrett på runene.

Han trur at mange som blir introduserte for runer i eventyrunivers, på eit punkt vil søke meir historisk informasjon, kjeldestoff og seriøs faglitteratur om runene.

– På sikt trur eg det kan føre til ei større interesse for skrift, diktekunst, dialektar og gamle språk, seier Linnerud.